Blir det Arya Stark som speler i The Last of Us-filmen?

Det lekk ut stadig meir informasjon om den nye storfilmen.

Denne helga går den årlege Comic-Con-messa av stabelen i San Diego i USA. I tillegg til å by på ei dose nyhende på spelfronten er det her mange store kunngjeringar innan filmar, teikneseriar og andre underhaldningsmedium blir gjorde.

Ei filmkunngjering som bør vekke reaksjonar blant spelpublikummet er at Sam Raimi skal produsere The Last of Us-filmen basert på fjorårets storspel frå Sony. Dette får vi vite via Eurogamer. For mange er Raimi best kjend som regissøren av Spider-Man-filmane med Tobey Maguire i hovudrolla. Lengre tilbake gav han liv til absurd og humoristisk grøss med Evil Dead-filmane.

Naughty Dog står for skriptet

Første bit av promomateriell frå The Last of Us-filmen.
Første bit av promomateriell frå The Last of Us-filmen.

Skriptet til filmen bilr forfatta av Neil Druckman som både skreiv og regisserte The Last of Us. Originalt hadde skriptet ein annan slutt enn spelet, men Sam Raimi overtalta han til å gå tilbake til originalen.

Druckman og Naughty Dog vil i tillegg til å stå for historia ha direkte kontroll over kven som skal få oppdraget med å regissere filmen, samt kven skodespelarane blir. Kven som vil ta på seg rolla som Joel og Ellie er enno ikkje klart, men under Comic-Con-panelet der detaljane om filmen blei avslørte fekk vi òg vite at Maisie Williams som spelar Arya Stark i Game of Thrones har vore i samtaler med produsentane. Ingenting er derimot avgjort enno.

Når filmen vil dukke opp er ikkje avgjort, men vi på nok vente i alle fall eit par år.

The Last of Us er ikkje det einaste Naughty Dog-spelet som er på veg til å film. For berre nokre dagar sidan blei det kjent at Uncharted-filmen vil lanserast i 2016.

 

 

 

 

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen