Blir dette det skumlaste spelet på Wii U?

Ny trailer viser japansk uhygge i Project Zero 5.

Nintendo satsar hardt på å kapre nisjepublikummet. For snart kunngjorde framfor ei lettare sjokkert spelverd at Bayonetta 2 ville kome eksklusivt til Wii U, og tidlegare i år blei det kjent at grøssarserien Project Zero får fornya liv på Wii U.

I natt dukka den første traileren frå spelet opp, og den viser oss strengt tatt nøyaktig det vi kan forvente oss frå eit spel i denne serien. Vi blir vitne til det som ser ut som ei rekke kjipe spaserturar gjennom mørke skogar og bratte fjellsider, samt nokre ekle spøkjelse som garantert vil oss alt vondt. Sidan spelet enno ikkje har fått stadfesta ei europeisk lansering er traileren på japansk.

Fotografisk grøss

I heimlandet er serien kjend som Fatal Frame, men fekk i staden namnet Project Zero i vestlege strøk. Originalnamnet kjem av at du i spelet må ta bilete av spøkjelsa som terroriserer ditt mentale vel og ve.

I Project Zero 5 vil vi nytte skjermen på Wii U-kontrollaren når vi skal ta bilete av spøkjelse, og vil mått løfte den opp framfor oss omlag som når vi brukar eit skikkeleg kamera.

Project Zero 5 er ikkje det første grøssarspelet som nyttar Wii U-kontrollarens unike funksjonar. Ved lanseringa av Wii U slapp Ubisoft zombiespelet ZombiU. Der må du bruke skjermen på kontrollaren blant anna for å kike ned i ryggsekken din, noko som tek blikket ditt vekk frå TV-skjermen og eventuelle zombier som skulle vere ute etter hjernemassen din.

Om du er gira på litt grøss i sommarmånadane bør du ta ein kikk på vår feature om grøssarspelas historie(saka krev Ekstra-medlemskap). Få òg med deg kva som skjedde då pysa Jens Erik prøvde seg på skrekkspel.

Siste fra forsiden