Blodig ballsport kjem til konsoll

I Blood Bowl 2 er vald like viktig som ballkontroll.

Om tradisjonell amerikansk fotball blir for puslete for deg, er Warhammer-varianten Blood Bowl eit blodig og brutalt alternativ. Her er det ikkje ordinære fotballspelarar som saman slår eit slag for beinbrot og hjernerysting. I staden møter vi orkar, dvergar, alvar og menneske som gjer det dei må for å vinne.

I fjor kunngjorde franske Cyandie at dei hadde jobba med ein oppfølgjar til sitt første Blood Bowl-spel i eit år allereie. Blood Bowl 2 blei i utgangspunktet berre kunngjort for PC, men i ei fersk pressemelding får vi vite at spelet er på veg til PlayStation 4 og Xbox One òg. Lanseringa vil finne stad til våren.

Turbasert ballkamp

Fantasyrivalane legg våpna til side for ei stakka stund.

Blood Bowl 2 er som forgjengaren basert på Games Workshops brettspel med same namn. Det er eit av mange spel som høyrer inn under det enormt populære Warhammer-universet.

Som med mange andre spel i dette universet kan vi vente oss eit turbasert spel proppa fullt av svart humor og valdelege undertonar. Vinne gjer du ved å enten plante ballen på rett side av bana, eller ved å eliminere motstandarens spelarar ein etter ein.

Så mange meir detaljar enn det har vi ikkje fått om oppfølgjaren, men vi blir lova eit langt penare spel takka vere ein ny grafikkmotor, samt mange forbetringar under panseret. Ein fersk trailer kan du sjå nedanfor.

Om du skulle vere på jakt etter nokre utfordringar i Warhammer-universet før våren er over oss, kan du ta ein kikk på det turbaserte strategirollespelet Mordheim: City of the Damned som nyleg blei lansert på Steam Early Access.

Siste fra forsiden