Blodig krig i Stockholms nedbrente gater

Bloodsports.tv byr på samarbeid i postapokalyptiske skandinavia.

Om du sette pris på svenske Fatsharks postapokalyptiske rollespel Krater frå 2012, har utviklarane av spelet ei gladmelding til deg i dag. I ei fersk pressemelding får vi vite at eit nytt spel i same univers er under utvikling, men det blir ingen direkte oppfølgjar. I staden for å lage eit nytt rollespel, har utviklarane valt å lage eit samarbeidsspel for fem spelarar.

Spelet vil ved første augekast sjå ganske likt ut som Krater, men hoppar bukk over ein historiemodus, og sender deg og medspelarane dine inn i gladiatorarenaer der du må kjempe mot sinte innbyggjarar, muterte villdyr, og anna avskum. Om du gjer ein god jobb vil du låse opp nye eigenskapar, og klatre på poengtavlene.

Bloodsports.tv vil bli lansert på Windows via Steam 8. april.

Skandinavisk apokalypse

Saman mot røkla.
Saman mot røkla.

Krater som Bloodsports.tv baserer seg på var eit friskt pust i ei spelverd full av historier sett til fiktive verder eller amerikanske landområde i tida etter ei altomfattande katastrofe. Vi fekk eit innblikk i korleis tilsvarande scenario kunne utspele seg i vår del av verda, med ei god dose humot attåt. Spelet leverte likevel ikkje heilt varane, og Joachim hadde delte meiningar om actionrollespelet i sin dom:

«Krater har eit høgt potensial, men det klarar ikkje heilt å nå det. Undervegs i spelinga hadde eg ofte ei kjensle av at ting var på veg til å bli betre rett rundt neste hjørne, men det var sjeldan eg hadde rett. Eg vil likevel skildre heilskapsopplevinga som underhaldande, og eg likar spelet såpass at eg vil anbefale tilhengarar av sjangeren å ta ein kikk.»

Bloodsports.tv er ikkje det einaste jarnet i elden hos Fatshark for tida. For ikkje lenge sidan avslørte dei det Left 4 Dead-inspirerte actionspelet Warhammer: The End Times – Vermintide.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen