Blodig rollespel kjem til Europa

Erotikk, blodbad og eldsprutande drakar pregar livet i Drakengard 3.

Sjansen er stor for at du ikkje fekk me deg dei første spela i Drakengard-serien, då serien starta for nesten ti år sidan. Desse actionrollespela blanda gameplayet frå Dynasty Warriors-serien og Panzer Dragoon-spela, og pakka det heile inn i historier som våga seg inn på tematikk vi sjeldan får erfare i spel. Incest og pedofili er berre to tabutema som blei så sterk kost at mykje av innhaldet blei sensurert bort før spela fekk sjå lansering i den vestlege verda.

No gjer Square Enix seg klare for å lansere eit nyt Drakengard-spel i Europa. I løpet av neste år vil Square Enix lansere Drakengard 3 digitalt for PlayStation 3, skriv Square Enix i ei pressemelding. Sjølv om dette blir det tredje spelet i serien, vil spelet omhandle ting som skjedde før det første Drakengard-spelet.

Blodspruten står i Drakengard 3.

Mørk historie

Som med dei tidlegare Drakengard-spela er det Yoko Taro som står ved regien. Han gav oss også det fantastiske acionrollespelet Nier, eit spel som på same måte som Drakengard-serien hadde historia som sitt sterkaste punkt.

Mange Nier-fans vil garantert bli glade for å høyre at Nier-komponisten Keiichi Okabe vil stå for musikken i Drakengard 3.

I Drakengard 3 møter vi Zero, den eldste av seks systrer som kan bruke magi gjennom song for å skape fred på jord. Saman med drakevenen sin Mikhail øydelegg ho all harmoni når ho prøvar å drepe alle systrene sine. Nøyaktig kvifor ho har gått til dette drastiske steget vil vi ikkje finne ut med mindre vi spelar spelet.

Som tidlegare Drakengard-spel vil Drakengard 3 gi deg to måtar å spele på. Den eine er frå ryggen til den store draken, medan den andre er til fots. Når Zero spring rundt på bakken vil hennar fysiske styrke vakse etter kvart som ho blir dusja i fiendane sitt blod. Med seg i kamp kan ho ta to av sine fire mannlege apostlar. I tillegg til å by på fysisk styrke i kampens hete, er eit av apostlanes gjeremål å tilfredsstille Zero seksuelt.

Les også: Anmeldelse: Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX

Les også: Anmldelse: Dynasty Warriors 8

Siste fra forsiden