Blogg

Alle mine herlege dragar

Ein og annan gong kjem eit lite spel som tek all tid.

Eg kan ikkje med rette kalle meg ein mobilkjennar. Eg har ein av desse snasne Windows Phone-mobilane, og den er fin den, men når det kjem til spel handlar det stort sett berre om å slå i hjel tid. Ventar eg på ein buss kan eg spele litt Plants Vs. Zombies. Ventar eg på at noko skal bli ferdig nedlasta tyr eg kanskje til nokre runder med GeoDefense.

Som du kanskje skjønar er eg glad i Tower Defense, kunne gjerne hatt meir av det på marknadsplassen.

Men i førre veke kom det eit spel som i ein periode på fleire dagar gjorde mobilen til min viktigaste arena for speling. Der eg så langt eigentleg har sett på spelbiblioteket til Windows Phone som triviell tidtrøyte, såg eg no noko meir.

Slik ser Crimson Dragon ut på Windows Phone.

Spelet heiter Crimson Dragon: Side Story, og er nok laga for å vekkje apetitten medan vi ventar på Kinect-spelet Crimson Dragon som forhåpentlegvis blir tilgjengeleg om ikkje så alt for lenge. Om du ikkje har høyrt om Crimson Dragon enno kan det vere på sin plass med ein liten historieleksjon.

Ein gong i tida var det ein herleg serie med spel som heitter Panzer Dragoon. I desse spela tok du på deg rolla som ein drageryttar. Det heile gjekk på skiner og di einaste oppgåve var å skyte ned fiendar som kom forbi gjennom eit låsesystem der du merka fiendane dine før du fyrte laus. For å gjere eit kort historie enda kortare var det ei samling med fabelaktige spel sett til eit fascinerande univers. Den visuelle stilen, den eksperimentelle musikken, og dei spanande historiene gjorde det heile til noko veldig spesielt.

Problemet no i nyare tid er at Sega eig Panzer Dragoon, men har ikkje vist mykje interesse for å gjere stort med serien. Deifor har utviklarane som står bak spelet satsa på å fikse ting sjølve, og har enda opp med å lage Crimson Dragon for Microsoft.

Det tek meg av og til mange ord å kome til poenget, men eg håpar du kan tilgi meg.

Crimson Dragon: Side Story er eit lite, men herleg gjennomført spel som på rekordtid byggjer opp ei heilt magisk stemning. Det har nydeleg musikk, herleg visuell design på både drage og monster, og den korte historia er til og med meir fascinerande enn mange langt større spel.

Vi følgjer ein drageryttar som må etterforske ein sjukdom som spreiar seg over landet. Alt det eigentleg betyr er at du får drepe ting. Du flyg på ein drage medan du med eit variert arsenal av våpen får skyte ned stadig større bølgjer med fiendar. Det minnar mykje om gamle sideskrollande spel som klassiske R-Type, men det har likevel noko unikt over seg. Det er ei blanding mellom Panzer Dragoon og sideskrolling der du kan merke fiendar før du skyt, eller bruke ein elektrisk bolt for å frese alt i nærleiken.

Og slik ser det ut på Xbox 360

Etter kvart som du gjer deg ferdig med eit nivå vil du låse opp mange nye våpen og eigenskapar, samtidig som dragen blir sterkare. Det er ikkje uhyre avansert, men det er veldig effektivt, og ein blir hekta. Spelet byr ikkje på meir enn fem oppdrag, men det gjer ingenting. Du vil spele dei om igjen og om igjen berre for å teste nye våpen, sjå kor effektiv du er når du har gått opp i erfaringsnivå, eller du vil sjå kor lenge du kan halde ut i forskjellige utfordringar.

Det er ikkje ofte eg finn slike perler på mobilen min, men når det no først har skjedd ser eg på det som mi plikt å dele med omverda.

Når det er sagt, Crimson Dragon: Side Story sin aller største prestasjon, er å gjere ventetida på Crimson Dragon til Xbox 360 umåteleg hard å leve med. Samtidig kjennest det som om eg har spelt eit nytt Panzer Dragoon-spel igjen for første gong sidan 2003. Det gjer meg glad. Veldig glad.

Siste fra forsiden