Blogg: Gamescom, dag 5

EA über alles

Tre trøtte skrottar skal snart heim til vårt fagre moderland.

Dagen i dag starta med det eg og Mikael nok må kunne kalle tidenes taxitur. Taxisjåførar har av og til ein tendens til å vere pratsame, men sjeldan om utprega interessante ting. Den eldre sjåføren vi hadde siste dag av vårt opphald på Gamescom, var derimot noko for seg sjølv. Nesten umiddelbart byrjar han å snakke på tysk (noko eg ikkje forstår stort av) om at det er fredag og helg, og alle aktivitetane det betyr.

Lasse og favorittbandet hans Attack! Attack! (Foto: Manageren til Attack! Attack!)

For eldre sjåførar i Tyskland som nærmar seg pensjonistalder, betyr fredag tydelegvis ein ting, og berre ein ting: Bordell!

Han gav oss fyldig informasjon. Staden heiter Caesar's Palast, og er ein såkalla «sauna». Du kjem inn, vel deg ei av omlag tjuefem plettfrie jenter, betalar omlag 150 euro, og har ei strålande tid.

Trass i den litt manglande entusiasmen for betalt sex, både frå både meg og Mikael, heldt sjåføren fram, og insisterte på at vi måtte gå på bordellet for å få oss ei skikkeleg hyrdestund. Han kunne ikkje kome med nok lovord om dei fantastiske damene der, og kor fabelaktig det ville vere for oss. Det var som å sitte i bilen saman med ein levande reklameplakat. Det mest spesielle var at reklamen var for tenester det faktisk er ulovleg å betale for i Noreg. Ein ting skal vel kanskje Tyskland ha; dei er ikkje livredde for fysiske gleder. Eg gav til slutt sjåføren alt eg hadde i tips (noko som ikkje akkurat vil gjere han rik), sidan eg i det minste fekk meg ein god latter, og med det ein god start på dagen.

Om designmøta til Funcom føregår slik, blir eg litt uroleg. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Papirkabalen

Dagen på messa starta for min del med eit møte med norske Funcom, der heile greia blei rimeleg lattermild og uhøgtidleg i det designteamet tok heilt av med å arrangere papir på eit bord, i eit ganske vellukka forsøk på å forklare korleis sonene i den komande ekspansjonen Rise of the Godslayer er sydd saman. Etter det bar det sporenstreks til ei visning av Alan Wake, eit spel eg gleder meg meir til kvar gong eg ser det. Ein artig bonus var eit lekkert Alan Wake-deksel til Xboxen, samt litt triveleg småprat ned Oskari Häkkinen, som eg stifta betre bekjentskap med under ein hyggeleg midddag i San Francisco i mars.

I motsetning til gårsdagen, var temperaturen svært behageleg i dag. Det var faktisk ned mot tjue grader, og det var endeleg mogleg å puste utan å ha munnsex med eit ventilasjonsanlegg. For ein gongs skuld var det faktisk varmare inne enn ute, noko mange trøtte pressefolk såg ut til å utnytte ved å leggje seg til å sove i den strategisk plasserte ølhagen like ved presseområdet. Denne idylliske stranda på land, hadde behagelege sofaer, sand på bakken, nokre strategisk plasserte palmar, og ein latterleg overprisa kafé. Tullingen Lasse imponerte meg ved å reagere på sjokk med at området eksisterte, og tilstod at han har gått ein solid omveg kvar gong han skulle ut for å ha seg ein blås.

Lasse har – medan vi er inne på temaet «Lasse» – hatt ein fin dag. Han var bortimot i ekstase over Natal, og sjølv om han ikkje heilt greidde å forklare kvifor det var så fantastisk, presterte han å overbevise meg om at dette blir godsaker.

Mikael har på si side hatt seg ein solid kikk på Red Steel 2. Han har enno ikkje sagt eit kvekk om sjølve spelet, men dei håplause tyske journalistane han var saman med, har fått gjennomgå. Dei klaga til produsenten om at det var for blodig og for valdeleg, og lurte på om det ville bli lovleg i Tyskland. I følgje Mikael var det ikkje blod i spelet. Ikkje ein dråpe. Ingenting. Men likevel såg tyskarane eitt eller anna som tydelegvis vil gjere spelet spekulativt og forferdeleg.

Oskari prøver å bli kvitt inventaret. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Dette er ikkje det einaste gullkornet frå tysk munn. Under ein Modern Warfare 2-presentasjon blei ein tyskar oppgitt over at det kjem bloddråpar på skjermen når du blir skoten. Bloddråpar som opplagt nok er der fordi du skal innsjå at det kanskje er på tide å finne seg ein trygg plass før du ligg med trynet i grøfta og ser fienden kome inn for ei tepose-landing. Dette blir tydelegvis for urealistisk, for som vi alle burde forstå du får ikkje blod i auga om du blir skoten i leggen.

Ord blir fattige.

Eg flyttar til Japan

Eg har på mi side hatt mykje betre... sosiale møter i dag. Medan eg venta på at ei intervjuavtale med Jun Takeuchi frå Capcom skulle starte, enda eg opp i prat med ein nederlendar, og temaet blei ganske raskt den generelt uforskamma oppførselen til europearar. Vi var begge einige. Han hevda dei einaste høflege europearane var tyrkarar, men berre om du reiser til Tyrkia. Eg kan verken avkrefte eller bekrefte dette, sidan eg ikkje kan seie med handa på hjartet at eg nokon gong har møtt ein tyrkar, men vi får ta han på ordet.

Vi var i tillegg samde om at amerikanarar og asiatar er av eit heilt anna kaliber. Spesielt japanarar, som er verdsmeistrar i folkeskikk. Som berre for å skrive under på dette med ein tjue meter lang tusj, blei eg lamslått av kor ubegripeleg hyggeleg Capcoms store son Jun Takeuchi viste seg å vere. Fyren smiler, ler, takkar for kompliment om enn så lite det skulle vere, og har ei eiga evne til å gi deg kjensla av at du er verdas midtpunkt.

Det heile toppa seg då han overleverte visittkortet sitt, på det som sikkert er typisk vis i Japan, men som for meg, ein stakkarsleg nordmann, blir ein leksjon i folkeskikk. Her sit eg, vesle (ok, ikkje liten) Øystein frå Noreg. Eg er rimeleg sliten, har ein penn i handa, og tenkte eg skulle berre ta imot, seie takk, og høfleg forlate rommet når det heile var over.

Arbeidsbunken til Lasse. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Slik fungerer det ikkje i Japan.

Godaste Takeuchi-san hoppar opp frå stolen, stiller seg framfor meg, og bukkar djupare enn ein skulle tru var mogleg, medan han fører kortet mot meg med begge hender, og eit stort og nesten ekstatisk smil som lyser opp heile andletet. Det heile var som om eg blei overrekt ei dyrebar offergåve, og at det var hans store ære å gi meg denne dyrebare gjenstand. Ein skulle nesten tru han heidra meg ved å gi med sjela si på sølvfat.

For ein typisk og gjennomsnittleg uforskamma nordmann (etter kva eg no ser på som folkeskikk etter å ha fått standarden heva), vil dette sannsynlegvis gi grobotn for ein god latter.

For min del var det nesten rørande, og han gjor meg glad. Det fekk meg til å innsjå kor stor effekt ein person sin oppførsel kan ha på andre menneske. Utan å bli for sentimental, gav det meg lyst til å bli eit betre menneske, og til å bli litt meir bevisst på å vere hyggeleg mot andre. Eg er offisielt forelska i Jun Takeuchi, og vurdere å fri.

Lasse har fått svineinfluensa. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Pusterom

Etter at alle avtaler var over, reiste eg og Lasse frå messa. Eg kan ikkje akkurat seie eg såg tilbake, sidan det er godt å vere ferdig. Messer er ei ekstrem blanding av gode og negative ting. Det er artig å teste spel. Det er ekstremt fett å teste tøffe nye spel ingen andre får testa, men det er ikkje alltid like kult når den latterlege lydnivået i hallane skrik i øyra dine, og enorme folkemassar gjer navigering til ei enorm utfordring. Det blir ufatteleg slitsamt, og det å tre inn i eit lukka rom hos ein utviklar er ofte som å kome til ein oase.

Spesiell honnør må definitivt gå til EA. Er det nokon som kan å behandle folk på ein profesjonell måte, er det dei. Å vitje deira område i Business Hall-området, var som å kome til paradis. Lydvolumet var heilt kurant, det var stolar og sofaer overalt, dei hadde det du måtte ynskje å drikke, og du kunne lett kome deg inn på dei avtalene du ville. EA er den ukrona kongen av Gamescom. Dei veit å behandle folk, og det står vi i stor takk til dei for.

Ze spoils of war. (Foto: Lasse Lervik/Gamer.no)

Atter ein taxisjåførar

På veg tilbake til hotellet, var det igjen på tide å setje seg inn i ein taxi. Denne gongen var det ikkje ein eldre mann, men i staden ein veltrena førtiåring med bleika hår som stod for navigeringa gjennom rushtrafikken. Dette blei, i mangel av betre ord, ei oppleving.

Kvar gong vi køyrde forbi ein bil med pene damer, kom det lydar, kommentarar, og latter frå sjåføren, som sannsynlegvis òg er stamgjest på Caesar's Palast. Eg har ikkje heilt tal på kor mange gongar i løpet av turen han sa «Schöne mädchen», men det var mange. Det heile toppa seg i det ein sprek bil med to damer som garantert var over 80 år (eg baserer dette på rynkene, det kvite håret, og korleis dei begge huka seg framover), kom opp ved sidan av oss.

«Mm mmmm» kom det frå sjåføren, igjen etterfylgt av eit «Schöne mädchen».

Tyskarar er rare.

Det herskar ingen tvil om at vi har sett og høyrt litt av kvart her nede, men no reiser vi heim igjen, og må bruke dagane på å skrive. Vi få ynskje Marius ei triveleg helg på BlizzCon. Vi for vår del signerer ut, og takkar for følgjet.

Siste fra forsiden