Blogg

Øysteins gitarskule, del 1

Eg skal bruke Xbox 360 til å bli flink på gitar. Heng med!

Kjære lesar. Tida er no komen for at du skal få lov til å ta del i mine oppturar og nedturar. Vi skal le, gråte og juble saman, og det blir grisefett. Grunnen er såre enkel. Rocksmith er endeleg i hus, og gjennom denne hybriden av spel og gitarlærar, skal eg for første gong i mitt liv gjere eit grundig forsøk på å bli god på gitar. Rocksmith er kort og godt eit gitarspel litt i same gate som Guitar Hero og Rockband, men her spelar du med ein ekte gitar. Målet er både å ha det moro med å spele kjende låter, men òg å bli betre på gitar.

Sidan eg ser på det som ei umogleg oppgåve å verkeleg vurdere kor godt eit slikt spel fungerer til å lære deg å spele gitar i løpet av nokre dagar eller ei veke, kjem eg til å skrive bloggrapportar om framgangen, før den endelege vurderinga ligg klar.

Så, før vi går i gong, litt om meg.

Eg heiter Øystein Furevik, er 30 år, og har spelt gitar sånn passe aktivt i 13 av dei. Ikkje at det burde fortelje deg noko. Sjølv om musikk er ein lidenskap som til og med overgår spel i omfang, er eg ikkje noko fantom. Eg har eit musikkprosjekt, har hive meg ut på Spotify og alt som verre er, men det er noko som manglar.

Er det berre eg som blir glad når eg ser ein gitar?
Er det berre eg som blir glad når eg ser ein gitar?

Eg er ikkje så veldig god på gitar. Strengt tatt er eg ganske dårleg. Eg kan riffe, klimpre, og kan byggje opp melodiar og låter, men be meg om å ta ein solo og eg vender deg ryggen i skam. Eg kan ikkje fordra å terpe, og det er min akilleshæl. Eg synest det er keisamt. Eg likar å skrive låter, spele dei inn, og nyte kosestunda som skjer når nye idear dukkar opp på sparket.

Men eg kunne godt ha vore litt betre på gitar, og det er her Rocksmith kjem inn i biletet. No som den korte – men likevel for lange – introduksjonen er over, lat oss snakke om kva i alle dagar dette eigentleg er for noko.

Plug n play

Kjøper du Rocksmith får du med ein hendig liten kabel som er jack i eine enden og USB i den andre. Med denne koplar du gitaren til PC, PlayStation 3 eller Xbox 360, og du er klar til å rocke. Eit litt surt førsteinntrykk fekk eg likevel sidan det er litt etterslep på lyden. Å skifte til analoge kablar betrar situasjonen, men fjernar ikkje problemet heilt.

Gitaren eg spelar på er ein billeg Epiphone Special II eg har fått låne frå Ubisoft sidan eg er prippen nok til å ikkje ville skifte strengar og stemme om mine andre gitarar.

Så kva er eigentleg Rocksmith? Kort og godt, etter nokre timar med speling, er det berre eitt ord som passar: Grisefett!

Spelet er bygd opp på ein ganske tradisjonell måte. Du får servert låter etter kvart, får øve på dei så mykje du vil, og når du er klar, er det opp på scena for å framføre dei. Gjer du det bra ber publikum (som er ei lita gruppe menneske som er kopiert og limt inn mange gongar) om meir, og du får servert nye låter å spele. Når dette skjer på første framføring er det litt prestasjonsangst sidan du brått får ei låt i henda du kanskje aldri har verken høyrt eller spelt før.

Slik ser livet ditt ut når du spelar Rocksmith.
Slik ser livet ditt ut når du spelar Rocksmith.

Herleg framgang

Det beste eg kan seie om Rocksmith så pass tidleg i prosessen er at det er uhyre intuitivt og dynamisk. Du startar ned nedste streng – for å seie det slik – og blir servert banalt enkle måtar å spele songane på. Dette er likevel ein god ting. Er du heilt fersk med gitar vil du gradvis kunne lære deg noko så grunnleggjande som å slå streng og forstå kva eit tverrband er.

Gjer du det bra vil utfordringa derimot tilpasse seg medan du spelar. Naglar du eit parti heilt perfekt, vil det bli meir avansert neste gong du spelar det, og slik blir låtene gradvis meir avanserte medan du spelar. Dette gir samtidig ein heilt nydeleg motivasjon til å halde fram.

Eit solid døme på dette er mi erfaring med Higher Ground av Red Hot Chili Peppers. Denne låta starta enkelt nok, men utvikla seg kjapt. Eg anar ikkje kor mange gongar eg har spelt denne låta i dag, men kvar gong eg nådde slutten hadde eg vore borti nye element. Du kan altså spele gjennom låta mange gongar for å meistre den, og det gjev deg tid til å lære, utvikle deg, og få det til utan å få alt kasta i fanget med ein gong. Så snart du har meistra noko møter du ei ny utfordring, og det fungerer utruleg bra sidan du allereie har det grunnleggjande inne før det blir avansert.

Dagens høgdepunkt var likevel Go With the Flow av Queens of the Stoneage. Fantastisk låt, og fantastisk moro å spele. Den er vel blant dei enklaste låtene på reportoaret så langt, men herre så fett det er å rocke den låta, og eg kan ikkje la vere å glise når jubelen løftar taket fordi eg rockar låta hardt.

Dette var alt for i dag. Eg må seie eg er ganske gira, gler meg til å plukke opp igjen gitaren, og sjå kva andre utfordringar eg kan møte på.

Skulle du ha noko du lurer på, eller ting du meiner eg bør ta opp, er det berre å fyre laus.

PS- Eg beklagar den forferdelege mangelen på situasjonsbilete her, men kameraet viste seg å vere tomt for batteri. Dette skal endre seg i framtida.

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen