Blogg

Øysteins gitarskule, del 3

No kan eg snart rocke med dei beste i klassen.

Først av alt må eg beklage mitt fråvær den siste veka. Har hatt ein liten ferie og anna dill dall som har gjort det vanskeleg å oppdatere.

Vel, med det ute av vegen er det berre å hive seg laus på kloke ord frå Dave Wyndroff frå Monster Magnet. Ein vakker dag for mange herrens år sidan las eg hans tankar om korleis du skulle bli god på gitar.

«Gitaren må bli dama di. Du må sove med den, elske med den, og ta den med overalt.»

Som sagt, kloke ord. Sjølv om eg ikkje er heilt klar for å elske med gitaren, så kan eg godt ta ein lur saman med den. Det skjer, det skal eg innrømme. Men eg kan ikkje seie eg har blitt ein betre gitarist av det.

Det som har gjort meg til ein betre gitarist er derimot Rocksmith. Eg kan ikkje akkurat kalle det eit kvantesprang, men eg kjenner meg rimeleg trygg på at eg ein vakker dag om ikkje så alt for lang tid skal klare eit par saftige soloar. Fingrane kjenner seg betre igjen på gripebrettet, og som eit resultat går det mykje raskare å finne rett plass, og eg bommar ikkje så ofte som eg gjorde før når eg skulle prøve (og feile) å få det til å gå fort.

Tar ein solo. Nesten.
Tar ein solo. Nesten.

Kva nytt frå vestfronten?

Vel. Eg har som smått gått bort frå karriæremodusen. Den er fin den, men det er noko med den som luggar litt. Den gjev meg ikkje heilt dei leksjonane eg vil ha. Slit eg med ein song får eg ikkje mykje hjelp. Dette var eg inne på i førre innlegg, men eg plagast over det meir og meir. Ein og annan gong når eg verkeleg har slite med nokre parti, har det faktisk kome opp eit val om å gå inn i øvingsmodusen, men det er sjeldan.

I staden har eg hoppa over karriæra mi litt, og gått rett til songmenyen der eg kan velje sjølv kva eg vil spele. Her har eg funne meg eit par solide favorittar. Slither av Velvet Revolver, og Outshined av Soundgarden. Det er langt frå dei mest avanserte songane spelet har å by på, men dei rockar. Det er noko ubeskriveleg fett ved å gradvis perfeksjonere deilege riff med god driv. Dette er det eg likar best med Rocksmith. Korleis det heile byrjar forsiktig, men sakte og stødig gjev deg meir å byggje på.

Lat oss ta Slither som eit døme. Den går i Drop D, noko som vil seie du berre treng ein finger for å rocke (Yay for dei med yrkesskader!). Her kan du sjølvsagt byrje med å halde fingeren over to eller tre strengar, men i staden viser Rocksmith berre ein streng. Du byrjar på den, spelar nokre enkle notar som gradvis blir meir og meir avanserte, før det heile løyser seg opp, og du får den fulle og heile songen.

Eg likar dette. Det er ikkje alltid det funkar like bra, men stort sett er det ein god måte å kome inn i ein song på. Det kan faktisk bli vanskelegast når det er heilt ordinære grep det er snakk om. Er du heilt fersk i spelet og til dømes skal ta ein C, får du kanskje berre sjå kvar ein av fingrane skal ligge. På denne måten kan det heile bli litt komplisert når grepet etter kvart brettar seg opp og visar seg for kva det er. Eg har blitt forvirra sjølv, og har hatt nokre A-ha-opplevingar når eg omsider har skjøna at det var eit grep eg kan veldig godt.

Eg mangla inspirasjon for bilete i dag, så i staden får du ein pus.
Eg mangla inspirasjon for bilete i dag, så i staden får du ein pus.

Terping for stabeisar

Som sagt har eg gått bort frå karriæremodusen. I staden brukar eg den som eit verkty for å opne opp nye songar. Om du går inn i songlista til spelet kan du sortere på diverse ganske tungvinte måtar, men du kan i tillegg velje å berre vise songane som er med i eit event.

Dette er litt sånn facepalm eigentleg. I førre innlegg skreiv eg om korleis eg mislikte at du måtte gjennom fleire menyar for å kunne øve på spesielle parti i ein song. Går du inn i songmenyen og vel berre dei songane du uansett skal øve på, får du full tilgang på alle former på øving. Kvifor alt dette ikkje berre ligg lett tilgjengeleg i karriæremodusen skjønar ikkje eg.

Når du øver på ein song kan du i tillegg skru på meistringsgrada sjølv, noko du ikkje kan gjere i karriæremodusen. Forstå det den som kan. Det er ganske rart, men om du bles i spelbiten av dette spelet, og heller går inn i undersystema så blir Rocksmith eit mykje betre spel sidan du får velje sjølv kva du vil ha. Når du omsider er ferdig med øving og har terpa på dei vanskelege parti i nokre timar er det berre å klikke på «Continue Journey» slik at du kan framføre låtene og gå vidare til neste event. Det skjer ikkje så ofte, men av og til er eg ganske smart.

Det varierer uansett kor nødvendig det er med ekstra øving, og valfridom. Enkelte songar blir faktisk mykje lettare å spele når du får skru opp på maks utfordring, rett og slett fordi du forstår mykje betre korleis songen eigentleg skal spelast.

Eg har forresten funne ut at Rocksmith har litt teori å by på. Ei rekke videoar vil vise deg alt frå å skifte strengar til kva ein skala er. Det vil nok ikkje ha mykje å seie for ein erfaren gitarist, men er du ny i gemet kan det ha sin verdi. Videoane går diverre ikkje i stor detalj på ting, noko som er litt leit.

Dette var alt for i dag. Fram til neste gong skal eg driste meg til å stemme om bassen min og bryne meg på den modusen. Eventuelt skal eg sjå litt nærare på rockesjappa der eg kan liksomleike med diverse gitarar og effektpedalar eg har låst opp.

Les dei første kjærleiksinnlegga om Rocksmith her:

Øysteins gitarskule, del 1
Øysteins gitarskule, del 2

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen