Blogg

Øysteins gitarskule, del 5

Vi er ved slutten, og spelar bass i Rocksmith.

Før du les vidare, kan det vere ein god idè å ta ein kikk på dei tidlegare innlegga i Rocksmith-bloggserien. Her har eg gjennom rocktober gått i detalj på kva Ubisoft sitt nye gitarspel har å by på.

Øysteins gitarskule, del 1
Øysteins gitarskule, del 2
Øysteins gitarskule, del 3
Øysteins gitarskule, del 4

No er vi så godt som i mål. Sjølv om det har vore ei travel veke med mange andre spel som må spelast, har eg skvisa inn nokre solide timar med Rocksmith. Denne veka har det gått i bass. Rocksmith byr på to forskjellige modusar. Den eine lærer deg å spele gitar, den andre satsar på å lære deg bass.

Dei to modusane er eigentleg heilt like. Oppsettet er identisk, og som med gitar får du i bassmodusen sjå halsen på intsurmentet, og fargar som viser kva streng du skal spele på medan nummer for gripefelta glir nedover skjermen.

Ikkje at det har stor praktisk betydning, men du kan velje hovud.
Ikkje at det har stor praktisk betydning, men du kan velje hovud.

Sjølv om du ikkje skulle ha ein bassgitar kan du likevel bruke bassmodusen gjennom ei bassemulering som fungerer heilt greit. Det blir sjølvsagt ikkje det same som å spele med ein skikkeleg bass, men det er ei god løysing som let deg spele dei forskjellige låtene på ein litt annan måte.

Det kan likevel bli ein nedtur å hoppe over på bass etter å ha spelt gitar i fleire veker. Dei to modusane går heilt uavhengig av kvarandre, og som eit resultat startar du heilt på bar bakke når du omsider plukkar opp bassen. Det vil seie at du må starte med dei enklast tenkjelege versjonane av låtene, og byggje deg oppover. Heldigvis går dette rimeleg fort så lenge ein treff alle notane riktig.

Som med gitarmodusen låser du etter kvart opp diverse spel som kan hjelpe deg til å bli raskare. Akkurat her synest eg Ubisoft kunne ha straumlinjeforma det heile litt meir. Det blir ganske meiningslaust å skulle måtte låse opp det same spelet to gongar, berre fordi du brukar eit anna instrument. Spesielt gjeld dette om du spelar bassmodusen med ein vanleg gitar.

Effektmonsteret

I tillegg til å spele bass den siste veka har eg òg tukla med ein del ekstra dill-dall i Rocksmith. Frå hovudmenyen kan du gå inn i ein eigen liten modusen der du kan prøve ut ulike bassar, forsterkarar og effektar etter kvart som du låser dei opp i spelet.

Fine bassen.
Fine bassen.

Vi finn ei solid mengde med ulike pedalar å leike med, og alle kan skruast på ned til minste detalj. På forsterkarane kan du til dømes velje mikrofontype og vinkling, og på pedalane kan du justere på alle parameter vi finn på ein ordinær pedal.

Om du ikkje har pedalar sjølv, eller store effektboksar som til dømes POD-serien frå Line6, er dette ein fin introduksjon for gitarlydverda. Sjølv om du ikkje får innføring i korleis alt fungerer, får du leike deg fritt, og setje opp pedalbrett med ulike pedalar.

Denne delen av Rocksmith har ingen funksjon utover å la deg leike med lyd. Du får altså ikkje skru saman din eigen lyf for å bruke dei i låtene.

Med dette avsluttar eg denne bloggserien, og vender blikket mot ei totalvurdering av spelet. Eg håpar du har fått svar på nokre spørsmål, og kanskje ein liten motivasjon til å plukke opp ein gitar.

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen