Blogg

Reisebrev: E3 2012, dag 3

I dag har eg sett ting du alvorleg talt ikkje trur på før du ser det sjølv.

Kjære landsmenn.

Mamma er sint?
Mamma er sint?

Tidlegare i kveld såg eg ein mann i bikini som klatra opp på eit søppelspann midt på Hollywood Boulevard. Kort tid etter det blei eg møtt av ein tropp burlesque-dansarar i netting og fjær som blokkerte inngangspartiet til korridoren som leiar til rommet mitt.

Det bør vere unødig å nemne at å åle seg gjennom den gruppa medan ein drassar på full sekk og bag, er ei ganske fornøyeleg oppleving, men eg gjer det likevel.

På rommet blei eg møtt av invitasjonen til ein fest der det skulle vere dvergar og esel, samt verdas første flygande dvergekelner. Eg skulle gjerne gått, men sidan borda kostar i nabolaget av 6000 kroner stod eg over denne gong. Så snart eg hadde fått slengt frå meg alt utstyr og plassert meg på toalettet blei livet krydra med klynk og stønn frå naborommet.

Gudane må ha det moro i dag.

Utover dette har dagen i dag vore prega av hard jobbing, noko som vil seie vandring fram og tilbake frå den eine stasjonen til den andre for å sitje på ein benk medan vi tar inn inntrykka frå nok eit spel. Programmet har vore tettpakka, og det var strengt tatt ganske herleg å kome seg tilbake til hotellet før natta hadde senka seg for fullt. Både måndag og tirsdag var eg booka heilt fram til midnatt, og det er noko med å vere vekke frå hotellrommet frå klokka sju eller åtte om morgonen, til nærare midnatt som raskt tærer på kroppen. Spesielt når ein i tillegg har litt jetlag og såleis gjerne vaknar tre timar før ein eigentleg må.

Blant høgdepunkta mine i dag var ein grundig kikk på Nintendo Wii U, DmC: Devil May Cry, og ikkje minst den nye grafikkmotoren til Final Fantasy XIV. Spelet ser alvorleg talt lekkert ut, sjølv om Square Enix hevdar dei berre har optimalisert grafikken rundt 15 % så langt.

Desse typane her er altså på jobb.
Desse typane her er altså på jobb.

Eg har i tillegg fått prakka på meg det vi på godt norsk kallar «swag». Eit par stygge Dead Space 3-huer, nokre enda styggare Dead Space 3-drikkeflasker, og ei lommelykt du monterer på øyret må kunne kallast høgdepunkta. Samtidig har eg fått slått fast at min teori om at eg aldri kjøpe T-skjorter så lenge eg drar til E3 treng står ved lag.

Ein får ikkje tid til mykje mat når ein spring rundt på slike messer, og ein endar difor opp med å halde seg til flytande føde. Akkurat her må eg arrestere fleire av møteromma sidan utvalet av drikke hare vore dårlegare enn vanleg i år. Å fyke fram og tilbake i eit høgt tempo i tidvis ganske varme lokale kan gjere deg rimeleg dehydret og tørr i halsen, og kunsten å røske med seg nokre flasker vatn er gull verdt. Eg drista meg likevel inn i kantineområdet for å sjå kva dei hadde å by på. Ved sidan av vondt lange køer, registrerte eg at eit patetisk lite pizzastykke kosta heile 30 kroner. Å vere nordmann i statane gjev deg kanskje ei litt god kjensle av å vere rik, men ikkje om du handlar maten din på messeområdet.

Noko mat har det likevel blitt. Vi starta dagen på ei lokal sjappe der eg glefsa i meg ein nydeleg veggisburger, Marius slukte ein solid sandwich, og Audun berre halvvegs pirka i ein omelett som såg meir ut som oppkast enn noko ansvarlege unge menn i sin beste alder bør putte i kroppen.

Master Chief stakk innom.
Master Chief stakk innom.

Sinare på kvelden møttest det meste som kan krype og gå av spelpresse i Noreg til ein finare middag, for dei som ser på muskulaturen til dårleg behandla dyr som blir avla fram på korn dyrka på landområde som framleis burde vere regnskog som fin middag, men dei om det. Eg fekk meg ein salat og ein smakfull pasta av englehår, så eg skal slutte å syte. Det var derimot ein rimeleg hyggeleg seanse der praten sat laust. Vi takkar likevel for oss ganske tidleg sidan vi såg på det som vår plikt å få skvisa ut nokre artiklar før vi tok kvelden. Sidan dagane mine har vore fulle så langt har eg ikkje fått tid til å skrive noko som helst før i kveld, så det var på tide å få knota ned nokre inntrykk før dei forsvinn i eteren.

Problemet med slike messer er at om ein ikkje handlar raskt kan ting gli over i kvarandre. Du ser så mykje på så kort tid at ein lett kan gløyme små detaljar, og har sett på det som nødvendig å notere alt eg ser etter kvart som eg ser det, berre for å hugse kva eg har vore vitne til.

Men no er eg redd det er på tide å ta kvelden. Vi har ein dag igjen, og det er best å møte den utkvilt om vi skal ha noko håp om å kome levande herifrå. Humøret mitt stig som vanleg for kvar dag som går, men kroppen – og spesielt beina – blir stadig meir motvillig.

Lurer på om eg skal sjekke ut kva som ventar i enden av skiltet som viser veg til massasje i morgon.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen