Blogg

Reisebrev frå E3, dag 3

Kroppen syng sine siste strofer før den kollapsar.

Jenter er det verste eg veit. Dei er kanskje den einaste tingen eg er livredd. Dei er for pene, og når dei er sexa opp så til dei grader som damene på denne messa er, då er det for meg umogleg å ikkje få ei gnagande kjensle av å vere eit motbydeleg svin kvar gong eg ser i deira retning. Det er klart, det er berre ein grunn til at dei er her. Dei er her for å bli sett og fotografert, og gjerne halde på merksemda di lenge nok til at at eitt eller anna namn festar seg i hjernebarken din lenge nok til at du assosierer noko positivt (les: puppar) med dei.

Min instinktive reaksjon talar for seg.

Det var snakk om dette i gårsdagens blogg, men eg må nesten leggje til mine eigne tankar om temaet. Båsbertene er ein uting. Det gjer det vanskeleg for ein person som stort sett ser på seg sjølv om eit moralsk fornuftig menneske å tenkje beint fram. Difor plar eg unngå desse damene som berre står der og smiler til deg med sitt forførande blikk. Du veit jo at alt dei vil er å lure deg til å kjøpe ein idé. Dei bryr seg ikkje om deg meir enn du bryr deg om søpla frå i går, men det er lett å la seg lure.

I dag prøvde eg å ta nokre bilete av desse damene, men berre det byr på meg for store vanskar. Å dra fram kameraet framfor ei dame som viser meir hud enn stoff dreg meg ned til eit nivå eg eigentleg ikkje kan seie eg trivst på, men eg får vel unnskylde meg med at eg gjer det for deg. Du, ditt svin av ein lesar. Det er din feil!

Ratchet treng litt hjelp i sine eldre dagar.

Dovendyr

Nok om damer, eg skal ikkje seie meir om dei frå no av enn dei orda eg brukar for å illustrere dei bileta eg har fått samla i hop. No skal det handle om dagen i dag. Ein dag som har vore både lang og utfordrande. Eg verkeleg kjenner det i kroppen no. Eg er så trøytt at tanken på å skrive dei tekstane eg veit eg må skrive er like freistande som det var å bruke toalettet på Staples-senteret etter ein grovt overvektig og sveitt journalist frå ein ikkje namngitt stat i USA tidlegare på dagen.

Messe er moro, men når ein spring fram og tilbake i eit latterleg høgt tempo medan ein skal prøve å ha full oversikt over kvar alt er, få med seg alle avtaler, og helst prøve å få prøvd nokre spel ekstra slik at ein kan skrive enda fleire tekstar, då møter ein til slutt veggen. Hovudet surrar og kroppen vil ikkje meir. Helst vil eg sove, men om eg legg meg for tidleg veit eg berre at eg kjem til å vakne alt for tidleg, og gjer eg det vil morgondagen ende opp med å bli enda verre.

Det er eit slit. Eit moro slit, men eit slit.

Her er dragen. Nøgd no?

Det blei ikkje betre av at vi avslutta økta på messa med å ete på Yard House, ein restaurant viss vegetarmeny utelukkande består av varierte kjøtimitasjonar. Eit konsept eg eigentleg stiller meg veldig fiendtleg til. Vel, det gjekk innpå, og med det kom svært mange minne tilbake. Det smakte som kylling, og det blei veldig tydeleg for meg at det er noko eg ikkje har sakna eitt sekund. Den umiddelbare kjensla av å vere mett, som slo ned som ein meteor i magen er heller ikkje noko eg har sakna. Eg har blitt vand med mat som gjev meg energi i staden for å tappe meg for den.

Så no ligg eg her i senga og kyler nedpå med Organic Raw Kombucha i eit tappert forsøk på å hente fram litt energi igjen.

Du sit garantert der og skrik etter Lasse og Mikael sine eventyr i cheddar-land akkurat no, berre innrøm det.

Null kontroll

Eg må innrømme eg ikkje heilt har oversikta over kva Lasse og Mikael har gjort på i dag. Eg veit så mykje som at Lasse har sett på Anarchy Reigns, og no er på eit Forza 4-arrangement, men det er eigentleg det. Urovekkjande nok høyrer eg i tillegg rykte om at Mikael faktisk hadde det ganske moro med Star Wars Kinect. Sak kjem sikkert snart.

Det er ikkje alltid nødvendig med avanserte kostyme.

Sjølv har eg snakka med opptil fleire prominente og erfarne utviklarar frå eit austleg land i dag, men mitt møte med Final Fantasy XIII-2-teamet måtte utsetjast til i morgon sidan den interne kommunikasjonen i Square Enix sitt PR-korps tydeleg ikkje er den beste. Når valet står mellom å halde fram med å vente på eit intervju som eigentleg skulle ha starta for 45 minutt sidan, eller å høyre på Cliffy B som serverer solide fornærmingar til journalistar (ikkje meg, eg fekk ros, tru det eller ei) som stiller idiotiske spørsmål, er svaret enkelt.

Det var nok alt for i dag, no må eg ta meg ei lita tenkjepause for å finne ut kva eg skal skrive om. Det står mellom blant anna dinosaurar, svære mytologiske beist, ei øy full av sand, og veldig høg fart.

Adjø frå eit ikkje fullt så stort fenomen som Mikael.

Siste fra forsiden