Blogg

Reisebrev: GDC 2012, dag 0

Etter alt for mange timar på reisefot er vi omsider på plass i San Francisco.

Vi i Gamer.no har i dei siste åra vore stadig flinkare til å omfamne optimismen og det positive ved å vere på messer. Dette blei gjort som ein respons på lesarane sin stadig meir intense kritikk av våre litt negative tankar om livet på messegolvet. Det må seiast at desse tankane stort sett har funne sitt utspring i våre eventyr i Tyskland, men jamt over er vi klare over at vi er privilegerte for å vere på desse snasne turane.

I dag har eg derimot liten grunn til å vere positiv, og kjem difor ikkje til å vere det heller i meir enn særs lita grad. Grunnen er såre enkel. Messa har ikkje starta enno, og alt eg og Lasse eigentleg har gjort er å sitte som illeluktande sild i opp til fleire ugne tønner i alt for mange timar.

Adjø vestland

For min eigen del starta turen som den ofte gjer med ein buss frå vestlandsmetropolen Førde. Bortsett frå ein sandstorm i Stryn rundt omkring kl. 23.00 laurdag kveld var dette nokre ganske uinspirerande timar. Det var ikkje før eg møtte Lasse på Gardermoen søndag morgon at ting byrja å skje. Eller, det var ikkje før omlag åtte eller ni timar etter at vi hadde letta frå Gardermoen at ting byrja å skje, om eg skal vere heilt ærleg. Å sitje ukomfortabelt så lenge (gongar to sidan eg allereie hadde unnagjort ein uggen busstur), er jo eit kapittel i seg sjølv, men du må forstå kjære lesar, eventyret byrjar ikkje før du har landa i uniten.

Vi har mellomlanda i New York, og det var her eventyret for alvor starta då Lasse innsåg at han mangla noko som gjerne er kjekt å ha på ein tur til utlandet: Lommeboka. At denne oppdaginga skjedde midt inne i det som utan å overdrive må kunne kallast den lengste og verste passkontrollkøa i manns minne gjorde ikkje ting betre. Tempoet var tregare enn ei skjelpadde som spelar sjakk med seg sjølv, og Lasse blei stadig meir nervøs.

Min store kjærleik.

Han var derimot ikkje den einaste som var nervøs. Ein kjapp kikk på klokka kunne avsløre at vårt korresponderande fly var farleg nær avreise. Der stod vi altså, igjen som sild i tønne, og var nervøse både for kvar vi skulle ende opp med å sove denne natta, og korleis Lasse skulle handtere sin finansielle situasjon om lommeboka ikkje kom til rette.

Etter over to timar byrja vi å kome nærare slutten på køa, og det blei svært tydeleg at flyet vårt var historie. Medan vi venta på å bli ferdige med siste etappe av køa fekk Lasse omsider huka tak i ei vakt som gjorde sitt beste for å få spora opp lommeboka hans, men til inga nytte. Som Lasse sa det så fint: Om ei underbetalt vaskedame på flyet finn ei lommebok med 250 dollar i, då leverer ho den ikkje inn.

Vegen vidare

Heldigvis slapp vi inn i landet, men stresset var ikkje over. Vi var på overtid og var rimeleg stressa for kor vidt vi skulle komse oss fram til San Francisco i løpet av kvelden. Det er jo ynskjeleg å kome seg tidleg til messeområdet slik at vi kan få huka tak i passa våre, og ei natt i New York hadde ikkje vore fordelaktig.

Eit lys i mørkret dukka derimot opp. I det vi hasta i veg mot hittegodsen i eit siste håp om å finne lommeboka til Lasse fann eg ein kiosk som sel min favorittdrikk over alle drikkar: Naked Juice: Green Machine. Denne livsnektaren kan ikkje skildrast med ord. Den er som edle dråpar frå kjelda til alt liv, og når du sit der som eit inntørka lik etter alt for mange timar på reise under tronge kår i tørr luft som får deg til å lure på om livet er omme, då er Naked Juice ein liten bit av himmelen. At ei due landa ved føta mine (midt inne på flyplassen må vite) medan eg sat der med hjarte i auga og naut livet dempa ikkje det religiøse aspektet ved seansen.

Men tilbake til Lasse. Han fekk rapportert lommeboka si som stolen, men sidan den svært hjelpsame fyren han preika med ikkje greidde å stave verken namnet hans, eller hotellet vi bur på riktig, ser vi på lommeboka som tapt.

Heldigvis kom vi oss til slutt på eit fly, og etter seks nye timar i tungtransport med luft som luktar asbest og ei og annan framand dame som brått kollapsar i fanget, var vi framme i San Francisco.

Her møtte vi ikkje på større problem enn at det hersens depositumet blei litt vanskeleg å betale sidan Lasse hadde mista kortet sitt, og eg hadde gløymt å opne mitt for utland. Eg måtte med andre ord fiske opp PC-en min, og sjølvsagt oppdatere Java på ei nettkopling som gjekk fullstendig i stampe. Slikt likar vi når vi er slitne, har vondt i heile kroppen, og berre vil leggje oss ned for å kvile.

Ingenting er så vondt at det ikkje er godt for noko. Vi enda opp med eit rom i 30-etasje, solid utsikt over byen, og gratis internet heile veka.

No må vi berre få oss litt søvn slik at vi kan handtere morgondagen med litt meir futt og gneist enn kva vi har makta i dag. Samtidig skal vi prøve å ikkje draume om mat sidan ingen av oss har ete noko som helst på omlag ein dag, og alle former for matservering ser ut til å vere stengde på denne tida av døgnet ein søndag kveld i San Francisco.

Men no vil alt snart ta seg opp, for som min kjære kollega Lasse nett mumla i halvsøvne: Ingenting er som å dra på kjærleikstur til San Francisco med ei av vestlandets største freisterinner.

Ja, det er meg det. Kyss

Team San Francisco ut.

PS: Lasse meiner det er veldig viktig at eg får med at han har sett to klassiske filmar i løpet av reisa; They Live og The Warriors. Han er svært inspirert, og eg er ikkje heilt sikker på om det er positivt eller negativt.

Siste fra forsiden