Blogg

Reisebrev: GDC 2012, dag 2

I dag har vi lært korleis vi skal endre verda til det betre.

Vi har vore på fest! Sånn skikkeleg nerdedustefest der alkoholen flyt fritt slik at journalistane forhåpentlegvis sluttar å stille kritiske spørsmål. Ein slik fest der det er minst tretti mann for kvar dame, og ein slik fest der volumet er skrudd ned for å la nerdane preike nerdepreik og ingen på noko tidspunkt vurderer å danse.

Det er slike festar vi likar her i garden.

Nei, det gjer vi eigentleg ikkje, så lat oss gå forbi EA sin invitasjon til fasjonable The Grand Nightclub ganske så lett på tå, og heller spole tida ein time eller to tilbake til hotellet W, der vi fekk ein rimeleg interessant seanse med ingen ringare enn regissøren av An Inconvenient Truth, Davis Guggenheim, Twitter-gründer Biz Stone, og Scott Harrison, grunnleggjaren av den veldedige organisasjonen Charity: Water.

Denne gjengen vil endra verda.

Kva gjer desse tre og ganske ulike personane under eitt tak på ein og same kveld? Vel, EA kunne i kveld kunngjere det vi eigentleg har visst i ei stund; eit nytt Sim City er på veg. I den samanheng hadde dei invitert den noko malplasserte ordstyraren Tal Blevins frå IGN til å intervjue tre personar som alle har fått mykje å seie for verda slik den er i dag. Guggenheim var uhyre viktig i å setje global oppvarming, Stone har vore delaktig i eit system som blant anna blei flittig brukt 22. juli, og Harrison har samla inn fleirfaldige millionar dollar for å skaffe vatn i områda ramma av tørke og svolt.

Så igjen stiller du deg kanskje spørsmålet, kvifor? Vel, det nye Sim City handlar tydelegvis på sett og vis om å endre verda. Og som fleire av intervjuobjekta i kveld var inne på, om eit barn kan sitje der framfor PC-en sin og sjå at ved å presse ut nokre kolkraftverk for rask energi, vil han eller ho etter kvart sjå at dette får langsiktige konsekvensar, noko ein seinare kanskje kan ta med seg i livet når ein ser spelet bli reflektert i røynda.

EA og utviklarane hos Maxis set med andre ord lista ganske høgt for kva dei vil oppnå med Sim City, og det er sannsynlegvis difor dei har valt å annonsere det i samanheng med Games for Change-konseptet. Ei rørsle som vil at spel skal ha ei større rolle i korleis vi formidlar viktige bodskap og idear til folk for å kunne skape ei betre verd.

Tid for kjærleik

Dette var derimot ikkje første gong eg kom i kontakt med Games for Change i dag. Min første stopp for dagen var eit lite panel med engasjerte sjeler som i sterk likskap med meg var forferdeleg lei av at nesten alle spel som får litt merksemd handlar om å aggressivt ta knekken på ein fiende. I staden vil dei finne ut korleis spel kan utvikle seg om konseptet endrar seg frå å handle om krig, til å handle om kjærleik.

Eg skal ikkje nekte for at eg etter vinteren har svært godt av eit slikt syn. Det var like varmt som det ser ut til.

No tenkjer du kanskje at det sit ein gjeng med romantikarar med roser mellom tenna og rosa fletter i håret og skriv manus til diverse sjekkesimulatorar, men dette er omlag så langt frå sanninga som ein kan kome. Dei forskjellige konsepta den vesle gjengen hadde å by på var både overraskande og kreative, og fekk i det minste denne skrotten til å sjå eit hittil ukjent potensiale i spelmediet. Men det skal du få lese meir om seinare.

Dårleg kommunikasjon

Eg har ikkje heilt oversikt over kva Lasse eigentleg har gjort på i dag, bortsett frå at han har fått seg eit alt for langt tresverd hos Paradox. Eg fekk ikkje lov til å ta bilete av han med det – i kveld vel og merke – så diverre blir dette klenodiumet forbigått i det mørke enn så lenge.

Sidan eg veit så lite om Lasse sine aktivitetar i dag betyr det som du kanskje skjønar at eg tragisk nok veit alt for lite om kva kreftframkallande giftstoff han har stappa inn i den stakkars kroppen sin. Alt eg veit er at det enda opp med Subway til både frukost og sein kveldsmat, men utover det har eg ikkje mykje å tilføye.

For min eigen del har eg hatt ein fornøyeleg dag når det kjem til ernæring. Starta med ein lekker fot frå Subway stappa full av grøn og raud glede, før eg seinare på dagen plukka med meg ein ekstremt grøn tortilla frå messeområdet (til og med lefsa var grøn). Høgdepunktet kom derimot då eg igjen venda turen mot Loving Hut, og bestilte meg eit herremåltid utan like. I eit digert fat fann eg rikelege mengder med spirar, salat, nudlar og soyaprotein, i tillegg til nokre vårrullar som fekk meg til å lure på korleis det eigentleg er mogleg å ete noko anna.

Eg trur kanskje eg kan ete dette kvar dag resten av livet.

I tillegg til dette var eg frekk nok til å leggje meg ned i den lekre hagen rett ved messeområdet for ein liten kvil etter maten. Der fekk eg slikka litt sol og opparbeida ein lett rosa farge i trynet, samtidig som eg fekk studert dagens program i enda større detalj enn eg allereie hadde gjort.

Konklusjonen min var eigentleg rimeleg grei. Eg gler meg til i morgon. For det er først då dei skikkelege avtalene mine startar, og det er først då messa byrjar å by på meir enn nokre yttarst få foredrag som er av interesse for andre en utviklarar som vil ha djuptgåande detaljar på minimum bachelor-nivå. Klart dei snakkar om spel her nede, men det har for det meste vore av ein så teknisk natur at eg ikkje ser på meg sjølv som fagleg kompetent nok til å kunne vidareformidle temaet utan potensielt svært store hol i teksten.

Nei, no er det tid for litt søvn, mykje skal gjerast i morgon, og kroppen fortel meg at det eigentleg er svært tidleg morgon sjølv om klokka viser sein kveld.

Siste fra forsiden