Blogg

Reisebrev: GDC 2012, dag 4

Kroppen seier nei, men magen seier alltid ja.

Kjære dagbok, det mest spanande som har hendt i dag var då eg skulle ta heisen ned frå 17 etasje i fasjonable St. Regis Hotel i fagre San Francisco by. Eg blei møtt av den over gjennomsnittet kraftige parfymelukta frå ei over gjennomsnittet vakker dame som sakte, men sikkert klatrar seg sin veg mot 40 unge år. Ho stod og sminka seg i spegelen i heisen, og smilte mot meg då eg kom inn.

– Skal du sminke deg i heisen du òg, spurte ho, før ho blunka forførande og sakte min retning.

– Eg har vurdert det ja, parerte eg, og blei møtt av eit smil som signaliserte at den sannsynlegvis over gjennomsnittet rike kvinna aksepterte min etter forholda godt utvikla sjølvironi.

Poden i den kvite frakken har ein entusiasme og eit engasjement for spel som nesten gjer meg litt flau på eigne vegne. Min nye superhelt.
Poden i den kvite frakken har ein entusiasme og eit engasjement for spel som nesten gjer meg litt flau på eigne vegne. Min nye superhelt.

Den noko lada seansen blei derimot brått avbroten då heisen stogga opp og ein liten bataljon med japanarar pressa seg inn i heisen slik berre japanarar kan. Altså, dei kjem seg inn, men dei gjer det samtidig som dei bukkar, nikkar, smilar og seier «so sowwy, so sowwy». Om ikkje anna så veit eg no korleis det er å vere nordmann i Japan, der du eine og aleine ragar eitt eller to hovud over alle andre, medan du prøvar å finne ein trygg plass for henda dine slik at dei ikkje kjem bort i noko. Du veit jo aldri kva som finnest i den høgda når hovuda knapt når deg til brystkassa.

Tung pust

Dette har vore ein usedvanleg tung dag. Eg er stygt redd for at den forferdelege overgangen frå Noreg til San Francsico har gjort grundig negativt arbeid på både meg og Lasse. For mine eigen del har eg aldri vore så jetlagga i heile mitt liv, og det gjer det veldig vanskeleg å jobbe, fokusere, og ikkje minst forstå kva som blir sagt når diverse bransjefolk står på eit podium og langar ut om sine erfaringar og synspunkt.

Er du allereie tung i kroppen og har kjensla av at immunforsvaret syng på siste verset, er eit forferdeleg varmt lokale med tørr og ekkel luft det siste du treng. Men det er altså dette vi brukar dagane på. Eg har ei uggen kjensle av at eg går og bryggjer på noko meir enn berre hetetokter og lett desorientasjon. Eg blir ikkje overraska om eg ein av dei næraste dagane vaknar ute av stand til å kome meg ut av senga, men den tid den sorg.

Ein annan og potensiell konsekvens av søvngamangelen er ein heilt absurd apetitt. Om dette er kroppens forsøk på å kompensere for det den tapar frå søvnmangel, ved å ta det inn gjennom føde veit eg ikkje, men eg er konstant svolten. Det kan sjølvsagt ha noko med at det er svært mykje god, billeg og uhyre lett tilgjengeleg mat her, men det høyrest mindre dramatisk ut.

Dagens musikkinnslag.
Dagens musikkinnslag.

Matprat

Eg veit alt for lite om kva Lasse har gjort på i dag, men akkurat no ligg han og skriv, og eg er alt for oppslukt av den 19 minuttar lange gromlåta Totem & Tabu av det fabelaktige sveitsiske bandet Leech til å dra ut øyreproppane frå øyra for å snakke med fyren. Det får meg forresten over på noko heilt anna. Kva er det eigentleg som får folk til å bruke lite pengar på lyd? Hatar dei musikk? Hatar dei gode opplevingar? Hatar dei seg sjølve? Eg ser folk kome med sine Koss-headset til 500 kroner og eg får lyst til å grine på deira vegne. Dei veit jo ikkje betre stakkarane, men likevel.

Uansett, overskrifta for denne delen av dagbokinnlegget mitt heiter Matprat, og det er ein grunn til det, for no har vi kome fram til dagens (sannsynlegvis) siste måltid.

Vi var ein tur på Loving Hut, men då eg stod i kø der merka eg at eg eigentleg ikkje var svolten, så eg lot det vere med nokre vårrullar som for ordens skuld var heilt nydelege.

Vi tusla kjapt vår veg mot hotellet der vi enda opp med å gå forbi ein trommis. Ja, ein trommis. På gata. Eg tenkte med meg, og sa til Lasse kort tid etterpå, at om ein har råd til eit trommesett, så veit eg ikkje om gata nødvendigvis er den første plassen eg hadde sett meg ned. Men det gjorde i alle fall denne fyren, og han var flink. Kvifor han ikkje spelte i eit dundrande post-rock band i staden for å mane fram stødige rytmar på gata rett ovanfor San Francisco Center ein tidleg kveld i mars anar ikkje eg, men han fekk no i det minste nokre dollar i tips.

Min første tanke var at dette var noko Lasse fann i søppelbøtta, men han betalte visst nok pengar for det.
Min første tanke var at dette var noko Lasse fann i søppelbøtta, men han betalte visst nok pengar for det.

Turen bar vidare mot ei burgersjappe som utelukkande køyrer fersk vare. Slikt likar vi, så vi tok turen inn. Heldigvis for meg hadde dei eit vegansk alternativ til alle dei feittosande og kreftframkallande gjenstandane på menyen, så eg enda opp med ein veggisburger og nokre svært velsmakande rivne poteter.

Eg vil tørre å påstå at både eg og Lasse var sånn greitt over gjennomsnittet nøgde med burgerane våre, men det var først og fremst pommes fritten som gav klar beskjed til smakslaukane våre om at dette, dette var godsaker.

Det var nok alt for i dag kjære dagbok, no må eg slutte å bruke opp tida mi på deg slik at eg kan finne ut korleis eg skal kome meg gjennom morgondagen som ingenting anna enn ein helt.

God natt.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen