Blogg

Reisebrev: GDC, dag 3

Denne dagen har bydd på provoserande godt innhald.

Kjære landsmenn.

I dag, som alle andre dagar denne veka, er eg så jetlagga at eg ikkje heilt veit korleis korleis eg skal halde tankane mine i ei rett line. Eg veit ikkje heilt kva problemet, men det har vist seg at San Francisco byr på enkelte søvnproblem for meg. Snodig nok held dei seg eksklusive for San Francisco. Los Angeles? Null problem, men San Francisco? Fysjom.

Det slår ut i den form at omlag når arbeidsdagen (vel, halve arbeidsdagen, den som går ut på å vandre fram og tilbake, sitje på ein stol for å høyre nokon snakke, for så å vandre vidare for å sitje på ein annan stol) er over, slår søvnbehovet inn. Eg blir blodig trøtt, og i denne tilstanda skal eg prøve å få ned nokre fornuftige ord om det eg har sett eller erfart akkurat denne dagen. Utover kvelden blir eg progressivt meir trøtt heilt til eg sloknar av utmatting eit par timar før midnatt... og vaknar opp eit par timar etter midnatt.

Eg er godt utkvilt altså.

Falskt tre, FOX style.

Nok om det.

I dag starta vi dagen med ein tur på Super Duper Burger for ein kjapp matbit, før Audun gjekk til sitt, og eg gjekk tilbake til hotellet for å skrive ferdig nokre saker før eg labba i veg til Hideo Kojima sin Metal Gear Solid-presentasjon. Artig skrue det der. Først blir karen introdusert, så går det fleire minutt medan nervøs latter sprer seg blant publikum. Pinleg seint kjem ein bandasjert mann inn. Her fekk vi strengt tatt bekrefta det alle allereie trudde; at The Phantom Pain var eit nytt Metal Gear Solid-spel. Mannen bak bandasjen viste seg «sjokkerande» nok å vere Kojima, som sette i gong med ein liten presentasjon av Metal Gear Solid V, før vi fekk sjå den imponerande grafikkmotoren som ligg under.

Å gå i detalj om denne motoren blir hakket for vanskeleg for meg som ikkje har nok teknisk innsikt til å verkeleg kunne vidareformidle det på ein fornuftig måte, men flott var det.

Seinare på dagen fekk eg med meg eit intervju om eit interessant lite skytespel som bør lukte godt for realistane, samt ein kikk på historia bak det legendariske spelet Myst.

Min siste post på dagen var eit foredrag frå Anita Sarkeesian som fortalde om kva ho har vore gjennom sidan ho lanserte sin Kickstarter-kampanje for å lage ein videobloggserie om korleis kvinner blir representerte i spel.

Ein smakebit på oppgulpet Anita Sarkeesian har vore utsett for.

Alvorleg talt, alt det ein person skal måtte gjennom berre for å ville sjå nærare på korleis eitt av to kjønn blir framstilde i eit medium er mildt sagt sjokkerande. At jenter og kvinner der ute sit og ikkje tør delta i dei mange spelsamfunna der ute berre fordi dei ikkje er menn er berre trist. Å be nokon gå til kjøkenet for å lage eit smørbrød om dei deler sine tankar med omverda, er ikkje OK. Å «setje kvinner på plass» ved å manipulere fram pornografiske bilete av dei, er langt frå OK. Å lage eit flashspel der målet er å banke opp denne kvinna når ho ikkje kryp inn i ein mørk krok og held kjeft, er makabert og kvalmande. Eg både håpar og trur at våre lesarar hevar seg over slik småleg og patetisk oppførsel.

Knurr og snerr

Som du kanskje skjønar er eg ikkje i det beste humøret akkurat no, men eg håpar du forstår. Det var ikkje berre Sarkeesian sine ord som sette seg fast, men òg alle som tok til mikrofonen etterpå for å dele eigne erfaringar med ho. Det er ingen tvil om at det er mykje søppel og diskriminerande åtferd der ute, og vi gjere noko med det. Om så berre ved å seie frå at dette er ikkje kult.

Så, om du kjenner deg litt heit i trøya og humøret fekk seg ein knekk akkurat no, bra. Det er godt. Smak på det. Dette er eit tema som ikkje på nokon måte er moro, og det bør provosere nok til at vi reagerer sterkt på det.

Vel, det var alt for i dag. No er det på tide på gjere enda meir arbeid i skriftleg form. Vi har naturlegvis artige ting å skrive om, og i morgon har vi enda fleire artige ting på plakaten. Vi skal på fleire forhåpentlegvis spanande foredrag om både komande og vel overståtte spel.

Sjåast seinare godtfolk, og om eg ikkje var tydeleg nok lengre oppe i teksten: Respekt, det kjennest godt å gi det til folk.

Siste fra forsiden