Blogg

Reisebrev, GDC dag 5

Det er over, vi skal heim. Snart.

Kjære landsmenn.

Dette har vore ein mildt sagt avslappa dag. Det heile starta med at eg møtte Greg Kasavin frå Supergiant Games. Om du ikkje er heilt klar på kva det betyr, bør namnet Bastion ringe ein bjelle. Dette herlege eventyret frå 2011 stod høgt i kurs her i garden, og i dag fekk eg ein smakebit på Transistor, deira komande spel. Vi hadde ein triveleg prat om kva dei tenkjer å gjere framover, og eg fekk prøvd deira komande spel som er ein spanande hybrid av action og strategi. Meir om det får du lese seinare.

Etter det blei dagen sterkt prega av uvisse. Altså, avtaler var på plass, men når folk ikkje dukkar opp der du har fått beskjed om, blir det litt vanskeleg å få gjort ein jobb. Ting fell i fisk av og til, og det er lite ein får gjort med det. Slik er messelivet, og når ein har reist på slike turar ein del gongar, blir ein vand med det.

Vi har likevel fått med oss ein del spanande innhald. Audun har sett på noko norsk og godt, og eg har fått med meg eit foredrag før eg hadde eit veldig interessant intervju med historieforfattaren til eit stort og svært så populært MMO.

Meir enn det kan eg ikkje gi meg sjølv lov til å seie om avtalene i dag. Det har vore spanande, og eg er overbevist om at det vil by på mykje godt lesarstoff i tida framover.

To musikalske brør.

Random encounters

Ved sidan av avtaler og foredrag har eg brukt litt av dagen i dag på å kike på tilfeldige ting ein ikkje får med seg om ein kontinuerleg har ei avtale ein skal springe til. Blant anna hadde eg ein tur innom GDC-sjappa. Her kan ein kjøpe diverse baggar, skjorter og hattar med GDC-logoen, men meir interessant er den store avdelinga med bøker. Her kan ein finne alt ein treng å vite om å lage spel, eller berre bøker fulle av konseptbilete frå favorittspela sine.

Denne boksjappa er ein draum for ein kvar person som likar å vandre i konseptbilete og idèfasane til ulike spel. Eg var personleg på jakt etter Legend of Zelda krøniket Hyrule Historia, men den var diverre utselt då eg fekk somla meg fram til boksjappa. Hadde eg hatt økonomien til det akkurat no, hadde eg likevel gått mann av huset for å samle inn nokre lekre bøker. Dei hadde til dømes ei massiv bok på fleire hundre sider som utelukkande handla om Blizzard sine krasjonar. Sei kva du vil om Blizzard, men design, det kan dei.

Siste dag, det merkast

Stemninga har vore ganske spesiell over heile messa i dag. Folk er trøtte, dei har vore gjennom ei lang rekke intervju og møter, og du ser det på dei. Folk er klare for å berre slappe av, ta helg, og ha det moro. Samtidig er det ei veldig avslappane stemning der det tydeleg merkast at folk roar ned mange hakk, og no ser seg ferdige med den siste store messa før E3 går av stabelen i juni.

Ved sidan av dagens avtaler møtte eg ein gammal kjenning eg ikkje har sett på fleire år. Eg driv med musikk på det personlege plan, og gjennom den lidenskapen blei eg for nokre år sidan kjend med musikaren Justin Lassen. Denne karen har lang fartstid med å komponere musikk, men minst like mykje å skape lydbibiliotek for program som Massive frå Native Instruments. Ein må innrømme det er litt kult å kjenne nokon som har laga lydar brukt i storfilmar som Prometheus og Inception.

Dagen blei for min del avslutta med ein betre middag på ein fasjonabel japansk restaurant. Heldigvis gjekk ikkje dette kalaset på mi rekning, elles hadde eg vore i trøbbel til neste lønning. Akkurat no sit både eg og Audun og er ganske klare for å feire at GDC er over for i år. Det har vore mykje spanande å få med seg, og vi har gjort mange fascinerande intervju med både kjende og ukjende utviklarar. Vi håpar du vil setje pris på dei i tida framover.

No gjeld det berre å gjere seg klare til E3-messa i juni. Der vil vi sjølvsagt stille mannsterke og klare til å rapportere tilbake til gamlelandet om alt det viktigaste som skjer i året framover.

Og hugs, it's not over till the fat lady sings.

Siste fra forsiden