Feature

Sunless Sea

Ut på leiting etter fars skjelett

Den ferske kapteinen Bjartholomeus set sjøbein på Sunless Sea sin Unterzee.

Failbetter Games

I desse dagar er det rett rundt eitt år sidan britiske Failbetter Games sjøsette den smått skjulte skatten Sunless Sea for fullt. Sjølv spelte eg meg smått panegyrisk på denne perla i løpet av fjorårsvåren. Eg segla skuta mi på kryss og tvers av The Unterzee, oppdaga øyer og land, grusame beist og vanvituge historier. Eg mista mannskapet mitt til galskap og til havets djupe famn, ofra dei til havets nådelause gudar. Eg gjekk tom for mat, tom for drivstoff, midt ute på havet. Eg blei skutt i senk av piratar, rent i senk av uhyre berre Lovecraft kan elska. Eg feila og døydde, og så fortsette eg med ein ny kaptein. For i Sunless Sea er døden ein del av historia. Å dø er ikkje slutten, det er byrjinga på noko nytt.

Døden er ein naturleg del av Sunless Sea.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Failbetter Games har teke namnet sitt får ein kortprosatekst av den irske forfattaren Samuel Beckett: «Ever tried. Ever failed. No matter. Try again. Fail again. Fail better.» Namnet er treffande; sitatet skildrar på framifrå vis essensen i Sunless Sea. Ein må prøva seg fram. Ein må stikka hendene ut i mørkret og føla seg fram. Så må ein prøva å gjere noko fornuftig med det ein finn der ute. Mest truleg vil ein ganske snart gjera ei fatal feilvurdering og dø. Men det er greitt: Det kjem alltid nye kapteinar til å ta over skuta. Nye kapteinar til å gjera nye feil, dø på nye måtar, overlata roret til endå nye. Men for kvar gong lærer ein noko nytt, som gjer ein betre stilt til neste forsøk. Kanskje klarer ein det til slutt.

Kva er nå dette for eit spel?

Kva er Sunless Sea, lurer du kanskje på? Vel, for å ta det formelle først: Me er i 1887, altså midt i den viktorianske epoken – noko spelets estetikk i aller høgste grad ber preg av. For fleire tiår sidan forsvann London ned i underjorda, The Neath, der byen nå ligg idyllisk plassert ved breidda til den enorme, sollause undersjøen The Unterzee. Med Fallen London som utgangspunkt lager du deg ein første kaptein, du definerer denne kapteinens kall – eller overhengande hovudoppdrag, om du vil – og så ber det ut på oppdagingsferd, med målet som ein ørliten prikk langt, langt der framme.

For å vera meir sjangerspesifikk, vil eg seia at Sunless Sea er eit rollespel. Du bestemmer sjølv kva bakgrunn du har, du definerer di eiga rolle og formar di eiga historie. Eigenskapane dine utviklar seg basert på vala du tar, øyene du reiser til og trådane du trekkjer i. Men det er òg eit eventyrspel. Kvar einaste reise ut på havet er eit eventyr i seg sjølv, kvar øy har sine eigne historier som påverkar deg og mannskapet ditt. Kvar einaste gong du forlèt Fallen Londons trygge hamn, kan vera siste gong for den enkelte kapteinen. I så måte er det òg eit overlevingsspel, tidvis heilt opp mot grensa til det me kan kalla «survival horror».

Kven var du?
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Men djupast sett vil eg påstå at Sunless Sea er eit utforskingsspel. Eg har vanskeleg for å sjå at ein som ikkje set pris på utforsking vil ha noka stor glede av spelet. Ikkje berre utforsking av sjøkartet, men av karakterar og historietrådar. Av eins eigne behov, eins eiga vilje til å ta sjansar. Kor pompøst det enn kan lyda: utforsking av ein sjølv som spelar.

I denne speldagboka skal eg skildra mitt tredje forsøk på å overvinna The Unterzee. Der det første forsøket drukna i ei mangel på forståing av korleis spelet fungerer, overlevde det andre forsøket betydeleg lenger før det gjekk tapt i tidsklemma. Nå byrjar eg altså for tredje gong med blanke ark, ei splitter ny historie, og eit oppdrag som førebels ikkje har kravd eit einaste liv. Ønsk meg lukke til. Eg kjem til å trenga det.

Ein filosof blir til ein sjøkaptein

Min første kaptein lyder det klingande namnet Bjartholomeus. Oppe på overflata var han ein naturfilosof. Denne bakgrunnen gir meg ein bonus på eigenskapen Mirrors, som i praksis gjer meg raskare på avtrekkaren – skuta sitt skytevåpen trenger mindre tid før det er klart til avfyring. Bjartholomeus har trekt ned til The Neath for endeleg å finna ut kva det eigentleg var som skjedde med faren, som forsvann ute på The Unterzee for lenge, lenge sidan.

Fallen London i all sin prakt.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Eg har knapt sett mine føter i Fallen London før det kjem meg for øyret at ein berykta kvinneskikkelse som går under namnet The Gracious Widow skal ha betalt betydelege summar for å få sett opp ein minnestein etter far min. Kva kan dette bety? Kan ho ha kjent han? Ho må vel iallfall vita noko om han? Rykta seier òg at denne grasiøse enka styrer halvparten av byens kriminelle aktivitet, og at ho dessutan er minst 500 år gammal. Men eg kan ikkje la slike lause rykte hindra meg. Eg er her for å finna far min, og det er det skal eg gjera, kosta kva det kosta vil.

Les også
– Eg klarte med naud og neppe å unngå denne karen

Så nært, men akk så fjernt

Enka tar imot meg i stummande mørker. Ho kan fortelja meg at ho har «ei interesse» for far min, at ho fekk reist minnesteinen nettopp i håp om at nokon som meg skulle oppsøkja henne. Ho har ei aning om kor eg bør byrja leitinga, seier ho – men. Det er alltid eit men: I bytte mot informasjonen vil ho ha noko ho kallar scintillack, som er å finna på ein stad som heiter Port Cecil. Meir får eg ikkje ut av henne.

Her er reisas hovudmål: far min sitt skjelett.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Det viser seg at scintillack er ei form for korall som folk i The Neath bruker til å laga vakre smykke eller, for dei med den slags tilbøyelegheiter, svært dyr te. I alle tilfelle har eg fått min første ledetråd: Eg må finna Port Cecil. Men det aner meg at eg må innom mange hamner før eg kjem så langt.

Frå tidlegare veit eg at eg aldri kan få for mykje verken av drivstoff eller matrasjonar. Difor tar eg dei få slantane eg kan få på marknaden for å selja spelets metavariant av ei brukarhandbok, som eg har lese gjennom frå før av. Så bruker eg alt eg har av echoes, spelets valuta, til å fylla opp den vesle båten min med mat og bensin.

Ein plan blir til ei første reise

Etter å ha tatt ein kikk i Fallen Londons lokale avis, vel vitande om at folk ute på øyrika alltid hungrar etter siste nytt frå byen, byrjar eg å leggja ein plan for Bjartholomeus’ første ferd ut på sjøen. Det viser seg at ein såkalla «tomb-colonist» ønskjer seg nordover, til ein by som heiter Venderbight. Eg veit dessutan at det finst ei tilsynelatande ufarleg lita øy rett uti skjergarden, Hunter’s Keep, der eg kan få tak i nokre få gratis matrasjonar, samt ein verdifull hamnerapport – Londons styresmakter betaler for slike, i både drivstoff og reine pengar.

Så er det bestemt: Eg byrjar med ein kjapp tur innom Hunter’s Keep, så nordover til Venderbight, og viss eg føler meg modig, kanskje ein forsiktig svipptur innom Whither, endå lenger nord, før me snur skuta tilbake mot Fallen London. På den måten vil eg få tre hamnerapportar, eg får gravkolonisten dit han vil, og kanskje kjem eg over nokre spennande sideoppdrag eller andre interessante trådar å byrja nøsta opp i undervegs.

Ein plausibel kirurg, seier du? Det får vel vera godt nok, det.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

På vegen til hamna hyrer eg inn min første offiser, ein skipsdoktor som går under det lett tvilsame namnet The Plausible Surgeon. Han mønstrar på den beskjedne skuta mi i håp om at ho ein dag skal føra oss til ei øy som heiter The Chelonate. Kva han har der å gjera, veit eg ikkje. Kanskje får eg det ut av han ein annan gong.

Skipets jomfrutur går stort sett roleg føre seg. Det meste går etter planen: Eg får med meg litt mat frå søstrene på Hunter’s Keep. Eg unngår både piratskip og megalops-krabbar på veg opp til Venderbight. Gravkolonisten er nøgd med å komma seg til det som etter alle solemerke er gravkolonistanes hovudstad, men han har ei lita teneste til å be meg om. Han saknar ei venninne, som er å finna ved Mangrove College, på ei øy langt sør i The Unterzee. Greitt, så lenge det ikkje hastar, tenkjer eg.

Eit lifeberg er ikkje noko ein har lyst til å bryna seg på utan ei større skute.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Like sør for Whither blir eg oppdaga av eit såkalla lifeberg – som namnet tydar på, er det noko à la eit levande isfjell – men eg klarer å komma meg unna i tide. På veg sørover igjen ser eg ein flokk flaggermus i det fjerne, men dei ser ikkje meg. I det eg høyrer den rolege, stemningsfulle musikken som signaliserer at me nærmar oss London igjen, kan eg pusta letta ut. Eg er trygg!

Ein tvilsam type vil ha eit ord

Det aner meg at eg ikkje har lyst til å skuffa denne karen.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Etter at hamnerapportane er levert og betaling er motteke, blir eg pirka på skuldra av ein smånifs type med eitt auge og ein kvass kniv i eine handa. Han kan fortelja meg at arbeidsgivaren hans ser positivt på eventyrarar som meg, og at han difor ønskjer å gi meg ei symbolsk påskjønning i form av eit heilt lite lass med drivstoff og matrasjonar. Eg gjer store auge – med den slags ressursar kan eg komma meg til farvatn eg aldri har høyrd om før! Det einaste vilkåret er at eg, som han seier, hugsar denne svært gåvmilde gesten til neste gong me møtest. Kanskje ein dag kan eg gjera han ei teneste. Eg er skeptisk, men eg er ikkje i ein situasjon der eg har råd til å seia nei til ei slik gåve. Eg kan jo alltids håpa på at eg aldri ser han igjen?

Sliten etter fleire mørke netter ute på sjøen, finn eg det for godt å ta kvelden for nå, på det ringe rommet som eg leiger på The Blind Helmsman. I neste del av speldagboka ber det stadig lenger ut i ukjent farvatn: Eg får ein ny offiser, eg må ta i bruk eldkraft for første gong, eg får eit lite glimt av sollys frå overflata, og eg prøver meg som fredsmeklar. Heng med!

Siste fra forsiden