Anmeldelse

BloodRayne

Andre verdenskrig er eit populært tema for tida. Krig generelt ser ut til å vere i skotet i den interaktive verda. At BloodRayne utspelar seg i tida før andre verdenskrig burde vel ikkje kome som eit sjokk akkurat. Ein liten vri har i midlertid Majesco prestert å presse inn.

Side 1
Side 2
Side 3

Eit overmenneske blir til
BloodRayne er eigentleg som alle andre tredjepersonens-actionspel. Du spring rundt i forskjellige område, drep monster, spring til neste område, og møter eit større og styggare beist som du også tar livet av. Det som skiljer dette spelet frå massen, er måten Raynes vampyriske krefter er implementert. For å byrje med dei dårlegaste har vi varmesynet. Om du tenker "hurra" og at det blir som i Splinter Cell tar du feil. Alle levande skapningar har eit raudt lys rundt seg. I tillegg kan du sjå måla dine som store blå skyer av gass. Desse måla kan du og navigere deg fram til ved hjelp av ein ring rundt Blood Rage-målaren (noko vi kjem tilbake til seinare). Det blir praktisk av og til, men stort sett er varmesynet ubrukeleg, spesielt sidan du sjeldan ser nokre teikn på liv der, før du kan sjå dei med normalt syn. Dette, og dei glorete og forferdelege fargane skjermen blir dekorert i, gjer varmesynet til noko ein med fordel kan styre unna.

På den positive sida har vi Raynes fysiske krefter. Du vil ganske umiddelbart legge merke til at dette ikkje akkurat er Lara Croft. Rayne hoppar opp på ein telefonstolpe lett som berre det, og å sjå ho hakke laus på tyske soldatar med dei halvmeterlange knivblada ho har festa på armane, kan bli eit formidabelt syn. Dessverre kan det av og til verke som om tyngda Mejesco har lagt i Raynes spektakulære nærkamp går utover skada ho faktisk gjer. Av og til når Rayne hoppar og sparkar kan det sjå ut som om ho ikkje er heilt klar over kvar ho eigentleg skal angripe, og dette kan bli ganske frustrerande. I det heile tar spelet seg voldsomt opp etter kvart som du byrjar å lære deg kreftene. Dessverre byrjar spelet å lide av eit anna problem omtrent samtidig som kreftene viser si styrke. Det høyrest kanskje merkeleg ut, men det som øydelegg litt av spelet er våpen.

Det er ikkje dårlege eller unyttige våpen, men bretta er ofte bygd opp på ein slik måte at du ofte endar opp med å skyte folk med avsagd hagle i staden for å bruke Raynes sanne natur. Heldigvis blir ikkje vampyrkreftene heilt gløymt ved overgangen til skytevåpen. I andre kapittel blir kanskje den smartaste eigenskapen til Rayne introdusert. Om du ikkje er vampyr og har sove i kista di i eit par år veit du nok kva Bullet Time er. Den revolusjonerande teknikken introdusert i Max Payne. Dilated Perception, som det så fint er kalla her, er i hovudsak akkurat det same som Bullet Time, med ein stor forskjell: du kan bruke den så lenge du vil. Dette er også ei kraft som med stort hell kan kombinerast med diverse våpen. Eller kva seier du til å hoppe sju meter opp i lufta, medan du fyrer laus på alle fiendar i området samtidig, alt i sakte kino? Det er ganske tøft, og mogleheita for å skyte fleire mål samtidig gjer det til ei svært underhaldande oppleving. Den siste ferdigheita Rayne får er kikkersikte. Med rett våpen kan dette bli ein farleg kombinasjon. Felles for alle dei standard vampyrkreftene er at du enkelt kan slå dei av og på ved eit lett trykk på piltastane.

Å kontrollere ein vampyr
BloodRayne har svært mange kontrolloppsett å velje mellom, og visse av desse er heilt forferdelege. På nokre av desse må du både springe og hoppe med same finger, noko som kan bli ganske håplaust når du må presisjonshoppe på telefonledningar. Med så mange oppsett å velje mellom kan det nok ta litt prøving og feiling før du finn noko som passar deg, men du skal vere rimeleg kresen om du ikkje godtar nokon av dei. Som ein generell regel brukar du analogstikkene til å styre, og for å sjå rundt deg. Ved å trykke på R1 brukar Rayne det våpenet du har valgt å bruke. Sidan ho alltid spring rundt med to våpen vil du ved hjelp av R2 og L2 kunne sykle gjennom små våpen til større våpen. Om du vil bruke knivane er det berre å trykke laus på L1 og Rayne kastar seg ut i hektisk knivdans.

I god gammaldags stil er det eit bilete av Rayne som er helseindikator. Dette er plassert i nedre venster hjørne, og etter kvart som du tar skade vil biletet gradvis bli om til ein hovudskalle. Skulle du ha behov for å fylle på helsa di, er det berre å finne ein fiende, trykke på firkant, og Rayne star springfart og set tenna godt plassert i nærmaste nakke. Ein praktisk gripekrok vil seinare gjere det mogleg å fiske mat frå større avstander. Nede i høgre hjørne av skjermen, vil du finne Blood Rage-målaren. I ein ring rundt denne vil dei aktuelle måla dine feste seg som små blå prikkar. Blood Rage-målaren fyller seg opp kun i nærkamp, noko som er viktig å hugse på, slik at du ikkje mistar eit potensielt supervåpen når du treng det. Blood Rage er Raynes berserk-modus. Du aktiverar den ved å trykke på trekant, og i denne modusen vil alt rundt deg sakke ned, medan du får økt styrke og hastigheit. Dette kan bety forskjellen mellom liv og død når du møter dei riktig stygge beista, så det er lurt å sørge for å alltid ha den full.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden