Anmeldelse

BloodRayne

Andre verdenskrig er eit populært tema for tida. Krig generelt ser ut til å vere i skotet i den interaktive verda. At BloodRayne utspelar seg i tida før andre verdenskrig burde vel ikkje kome som eit sjokk akkurat. Ein liten vri har i midlertid Majesco prestert å presse inn.

Side 1
Side 2
Side 3

Ikkje akkurat blendande vakkert
Solid grafikk gjer dette til ein heilt grei visuell opplevelse, men ikkje meir enn det. Dei fleste modellar med unntak av Rayne sjølv, og diverse fiendar du skulle møte på, er som regel svært firkanta. Dette og den uvarierte designen trekker absolutt ned opplevinga. Litt variasjon har dei lagt inn, men du vil opphalde deg i mange område i lang tid, og sidan den same arkitekturen og tekstureringa går om igjen svært mange gangar, er det lett å bli litt lei av einsformigheita. Positivt er det at dei fleste gjenstandar kan øydeleggast. I tillegg til dei obligatoriske skotmerka på veggane, kan dei fleste stolar, lamper og elektriske boksar knusast. Om du ikkje tenner på tanken om å knuse bord og stolar som eit levebrød, vil det nok glede deg at fiendane du møter alle kan mutilerast på same vis. Kraniumsbitar og andre nyttige kroppsdelar flyg i alle retningar om du angrip med knivblada. Det skjer meir enn ein gong at tyske soldatar krabbar etter deg med kun eit bein intakt, før dei synk saman i ei siste dødskrampe. Nemnast kan det kanskje at blodet flyt ganske fritt i dette spelet, og om fiendar skulle finne på å stikke av, er det berre å følgje det ganske tydelege blodsporet for å finne dei.

For å trekke fram noko positivt så er musikken heilt perfekt for denne typen spel. Den kan minne litt om musikken til ”Det Femte Element” til tider, men det er ikkje akkurat negativt. Techno, rock og egyptisk inspirasjon er alle sterke faktorar i lydbiletet, og musikken skapar ei stemning BloodRayne til tider er avhengig av for å vere engasjerande. Første del av spelet er som sagt ikkje særleg engasjerande, og musikken er heller ikkje spesielt framtrengande der, men så snart du bevegar deg lengre inn i spelet, og musikken slår seg fram, blir opplevinga ei heilt anna. Replikkane i spelet er dessverre ikkje av same kvalitet. Dette gjeld både skodespelet og forfattinga. Det kan godt hende det er meininga at Rayne skal vere stiv og umenneskeleg på emosjonelle område, og i så fall er det ganske tydeleg. Ho viser ikkje antydningar til følelsar nokon gong, og dialogen er tørr og stiv uansett om ho ser noko dei fleste hadde sprunge grinande heim til mamma for. Tyskarane er heller ikkje særleg overbevisande. Dei snakkar typisk kvasi-tysk, i kjent stil. Det er eigentleg litt merkeleg at alle tyskarar, kvar du no måtte finne dei, snakkar engelsk med kvarandre. Hadde dei snakka tysk, med engelske tekstingar ville det hatt mykje å seie for realismem og substansen i spelet.

Konklusjon
Både vampyrar, krig og tredjepersons-actionspel er i skuddet for tida. Med så mange spel å velje mellom kan det lett gå i surr når det gjeld å finne akkurat det spelet du kan ha glede av. BloodRayne fører ikkje mykje nytt til sjangeren, det brukar mange kjende element, men greier å vri litt på dei slik at det likevel blir ein engasjerande opplevelse. Med solid kontroll og god atmosfære vil nok dei fleste kunne bruke opp nokre timar på å partere tyskarar. Med litt større variasjon i oppdrag, og litt større fokusering på Raynes vampyrkrefter kunne dette blitt eit av dei betre spela så langt i år. Dessverre når det ikkje heilt opp, stort sett grunna små irritasjonsmoment som godt kunne vore fiksa på. Eit heilt greit actionspel, men ikkje noko meir. Om det er sex-apell og action du er ute etter, burde du derimot finne nok av det her.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden