Sniktitt

Blue Dragon

Når gamle heltar frå spelindustrien slår seg saman, forventar vi noko stort.

Trass dei vibrerande fargane og dei søte personane du møter i Blue Dragon, heng det ei alvorstung sky over det heile. Det kan nesten ikkje målast i ord kor viktig dette spelet har vore for Microsoft. Etter den gedigne floppen Xbox var i Japan, har det vore livsviktig for dei å fylle utvalet med gode japanske rollespel.

Då det blei kjent at Hironobu Sakaguchi – skaparen av Final Fantasy – skulle utvikle spel til Xbox 360, var det mange som fekk seg eit sjokk. At han fekk med seg Akira Toriyama, som har skapt Dragon Ball og gjort karakterdesign for Dragon Quest-serien, samt Nubuo Uematsu som har skrive musikken i nesten samtlige Final Fantasy-spel, gjorde ikkje sjokket mildare.

Lista ligg høgt ned ei slik gruppe kjende og respekterte utviklarar. Folk forventar noko heilt spesielt. Men kva kan vi eigentleg forvente frå gjengen som har vore med på å legge grunnmuren for ein sjanger som først dei siste åra har utforsket nye horisontar?

Stor dramatikk

Eventyret startar i ein liten landsby der ei lilla sky brått veltar fram over fjelltoppane. Dette skjer ein gong i året, og det betyr alltid det same; kaos og panikk. Ein landhai knuser store delar av landsbyen, og hjelpeslause står landsbyfolket og ser på frå ei plattform oppe i fjellsida. Den unge guten Shu har fått nok av denne plaga, og har i lag med venen Jiro bestemt seg for å få ein slutt på terrorveldet. Og med det set du ut på eit eventyr godt planta i gamle tradisjonar og nostalgi.

Blue Dragon er uforskamma vakkert. Det er som om utviklarane hos Artoon har teke dei gamle japanske rollespela frå tidleg nittital, og ved hjelp av litt hokus pokus trylla det om til ei levande verd du praktisk talt kan ta steget inn i. Det flommar ikkje over av detaljerte teksturar og kompliserte modellar. Dette er ikkje Gear of War, men på sin eigen måte er det minst like vakkert. Ved hjelp av flott lyssetting og overdreven bruk av djupnesyn har dei skapt ei verd som – trass sine sterke røter i anime og manga – ser meir ekte ut enn dei fleste spel som panisk søkjer etter realisme.

Det store spørsmålet med Blue Dragon er om det eigentleg vil by på noko nytt, eller om folk forventar for mykje. For å ha det sagt, dette er eit veldig tradisjonelt rollespel frå Japan. Likar du Final Fantasy, eller kanskje viktigare; likar du dei eldre spela i Final Fantasy-serien? Då har du noko stort å sjå fram til.

Spelet sender oss ut på ei sjarmerande historie som byrjar på lett vis, men gradvis blir meir og meir dramatisk. Persongalleriet er kanskje ikkje ved første augekast den beste jobben Akira Toriyama har gjort, men karakterane gror på deg, og du blir gradvis glad i dei. Toriyama har samtidig skapt nokre av dei mest kreativt designa fiendane eg har sett i eit spel på ei stund. Musikken sender tankane tilbake til eldre Final Fantasy-spel, og det heile er nesten som å ta steget inn i ein lett romantisk draum om tider som er forbi. At vi i tillegg får eit verdskart som minnar sterkt om det vi blei vande med i Final Fantasy-spela på PSOne, kjem nok òg til å glede mange, meg inkludert.

Gamle tradisjonar

Om du forventar ein revolusjon og ei omvelting av sjangeren slik til dømes Final Fantasy XII har prøvd på, blir du skuffa. I kjend stil legg du ut på eventyr med ein gjeng mindreårige heltar, og tar del i ei lang rekke turbaserte kampar. Ein trend dei siste åra har vore å fjerne tilfeldige kampar. Dette gjeld for Blue Dragon òg, så du treng ikkje bekymre deg for at spaserturen din gjennom skogen skal bli avbroten av kampar som kjem brått og uventa. I staden får du sjå alle fiendar før du hamnar i kamp med dei. Nokre av dei sprett opp rett ved deg, men det er ytterst sjeldan du ikkje kan unngå ein kamp om du vil.

I Blue Dragon er det visse små justeringar på sjangeren som gjer akkurat denne delen av utforskinga veldig fornøyeleg. Til dømes vil du få vite om ein fiende har sett deg eller ei. Om du blir sett, vil ein liten boks dukke opp over fienden. Denne informerar deg om at du har blitt oppdaga, og då er det berre for deg å enten springe unna, eller å gjere deg klar for kamp. Dette er eit system du kan utnytte til din eigen fordel. Om du vil angripe nokon, trykker du på X. Då slår du mot fienden, og får det første angrepet. Om fienden slår deg først, blir det omvendt. I tillegg kan du angripe nokon som ikkje har sett deg, for å få eit bakholdsangrep. I tillegg vil visse fiendar flykte frå deg om du er mykje sterkare enn dei.

Les også
Anmeldelse:

Om du er omringa av mange fiendar, har du eit lite triks for å ta deg av dette òg. Ved å trykke inn ein ryggknapp vil du få opp ein ring rundt deg. Du kan deretter velje å angripe ein enkelt fiende, eller alle fiendane innanfor ringen. I visse tilfelle vil dette føre til at fiendane går til kamp mot kvarandre, noko som både får kampane til å gå raskare, samt at det kan gjere jobben litt lettare for deg. Om ingen av fiendane innanfor ringen vil angripe kvarandre, vil dei angripe deg etter tur. Dei kjem på deg i puljer, og mellom kvar pulje vil du få bonus på til dømes angrep og forsvar.

Kampane foregår i tradisjonell stil. Du har ei lita gruppe med heltar, og dei angrip etter tur. Spesielt for Blue Dragon er at det eigentleg ikkje er hovudpersonane sjølv om kjempar i kamp. Kvar av dei har ein skugge som tek form av eit mytologisk beist. Til dømes har hovudpersonen Shu ein stor blå drage, medan andre personar til dømes har ein minotaur eller ein sabeltanntiger. Det er gjennom desse mytologiske beista heltane får sine krefter.

Etter kvart som du deltar i kamp vil du få nye ferdigheiter og krefter. Heltane går som normalt opp i helse og magipoeng, men får i tillegg ferdigheitspoeng som gir skuggane deira nye krefter. På sett og vis kan du bestemme sjølv kva du vil ein skugge skal vere god til ved hjelp av eit enkelt jobbsystem. Du kan skifte jobb når som helst, og dette vil forandre kva ferdigheiter du får. Samtidig kan du bruke alle ferdigheiter du har fått tidligare i den nye jobben. Dette betyr at om du er ein sverdmeister, men skiftar til å bli magikar, kan du framleis bruke dei ferdigheitene du fekk som sverdmeister. På denne måten vil du kunne skreddarsy heltane til å bli akkurat dei kampkjempene du har behov for.

Konklusjon

Det er noko magisk ved Blue Dragon. Om det er tryllestøv i fingertuppane til Hironobu Sakaguchi veit eg ikkje. Det er godt mogleg magien kjem fram gjennom Akira Toriyama sin særeigne stil, eller frå den sjarmerande musikken til Nobuo Uematsu. Det som er sikkert, er at du lett glir inn i ei heilt anna verd når du set deg ned med dette spelet.

Blue Dragon er eit spel som tek deg ut på eventyr, og let deg gløyme alt anna for ei stund. Om dette blir eit rollespel som vil gå inn i historiebøkene er for tidleg å sei, men at det blir verdt å få med seg er heilt sikkert. No har eg kun fått tilgong på ein av dei tre diskane spelet kjem på, men ut i frå den tida eg har hatt med spelet, gledar eg meg stort til 24. august.

Siste fra forsiden