Anmeldelse

Blue Dragon

Som med ein halv million andre rollespel frå Japan blir du i Blue Dragon raskt introdusert for ein ung protagonist. Eg nektar å godta at den naive jyplingen Shu er meir enn ti år, men frontpartiet til den jamaldrande jenta Kluke fortel ei litt anna historie. Men dette betyr eigentleg ingenting. Vi er jo vande med at japanarane gir oss erotiske fantasiar gjennom jenter i lårkorte skuleuniformer og andre perversitetar. Blue Dragon er temmeleg uskuldig i samanlikning med diverse andre japanske fenomen.

Du blir raskt kasta inn i ei konfliktfylt verd. Kvart år blir heimbyen til Shu angripen av ein landhai. Dette kan best beskrivast som ein stor steinfinne som stikk opp av jordskorpa, og susar gjennom landsbyen i høg fart. Kvifor innbyggjarane enno ikkje har funne ut at dei kanskje bør byggje litt meir i høgda kjem ikkje godt fram. Vår helt Shu og kameraten Jiro har sett seg grundig lei på dette, og har bestemt seg for å setje ein stoppar for det destruktive fenomenet. Shu proklamerar at han aldri vil gi opp, legg ut på eventyr saman med venene sine, og med det er eigentleg eventyret i gong.

Ikkje akkurat episk

Mange vil utan tvil forvente at Blue Dragon skal vere noko heilt anna enn kva vi blir servert. Frå ein av hovudmennene bak heile Final Fantasy-serien, forventar ein seg eit spel av episke proporsjonar, med ei djup og emosjonell historie som får tårene til å gli kjapt ned langs raude kinn. Dette er definitivt ikkje tilfelle med Blue Dragon. Eventyret til Shu og venene hans er av eit heilt anna kaliber, og avslører at historieforteljaren Hironobu Sakaguchi har hatt heilt andre ting i tankane. Blue Dragon er på mange måtar eit barnsleg spel. Plottet er enkelt nok til at små barn kan forstå det, og heile spelet er sterkt prega av ei litt naiv stemning.

Men dette tek spelet eigentleg ikkje skade av. Spelet er ubeskriveleg fargerikt og fylt med fantasifulle område og figurar. Sjølv om historia er oppsiktsvekkande enkel, er det lett å forelske seg i verda spelet tek oss inn i. Dragon Ball-skaparen Akira Toriyama har stått for designen av både persongalleriet og monstra, og streken hans er praktfullt gjenskapt. Blue Dragon er enkelt og greit nydeleg. Grafikken er enkel og stilisert, samtidig som det er noko av det mest overbevisande eg har sett på nokon plattform. Dei overdrivne proporsjonane og dei sterke fargane blir framheva av ein massiv bruk av djupnesyn. Dette gir deg heile tida ein fokus på områda som er ulikt det meste du har sett før. Til tider ser det nesten ekte ut. Det er som å vandre rundt i ei levande verd av modellkitt.

Som den perfekte streken over i-en vevar musikken til Final Fantasy-komponisten Nobu Uematsu deg inn i verda. Dette er kanskje ikkje den beste jobben han har gjort, men det betyr på ingen måte at det ikkje osar kvalitet. Musikken er veldig bra, men dei store nummera som One Winged Angel og Liberi Fatali finn vi ikkje. Det vi står igjen med er alt frå vakre og behagelege pianomelodiar, til tøffe industrirytmar med hylande elektriske gitarar. Dessverre er det for lite variasjon i musikken. Mange av melodiane blir brukt om igjen i forskjellege område, og du har til dømes ikkje forskjellege tema for dei forskjellege områda. Viktige område som til dømes hovudstaden har sine eige pompøse verk, men mindre landsbyar blir gjerne presentert på same måte.

Sjølv om ein av spelverdas best kjende namn står bak musikken i spelet, er det ein heilt anna kar som vil sperre opp øyra dine. Ian Gillan er kanskje ikkje eit namn du umiddelbart dreg kjensel på, men han har vore vokalist i både Deep Purple og Black Sabbath. I tillegg er han for tida 62 år gammal, noko som gjer han til ein ganske gammal travar. Det høyrer du òg. Svært godt. Det er lett å få litt mark første gong du høyrer Eternity, eit låt som vil dukke opp i så og seie kvar bidige sjefskamp. Den blir innleia med eit solid og velplassert skrik, og det som følgjer er hår-rock av skikkeleg pølsebukse-kaliber.

Du vil kanskje ende opp med å hate denne låta, eg kan forstå det, for den er skikkeleg dårleg. Samtidig er den så dårleg at den nesten blir bra, og den endar opp som eit av spelets mest sjarmerande trekk ved å spytte ei solid dose ekstra humor inn i spelet.

Gode tradisjonar er vonde å vende

Alt på overflata av Blue Dragon er som ein forventar frå ein stortittel publisert av Microsoft. Det er velpolert og innbydande i aller høgste grad. Det store spørsmålet ein sit igjen med då er korleis det er å spele Blue Dragon. Er det moro? Er det utfordrande? Var det verdt ventetida?

Blue Dragon er definitivt underhaldande. Humoren i spelet gjer dette tydeleg veldig tidleg. Det er umogleg å ta eit spel der du må kjempe mot bæsjeslangar spesielt alvorleg. Kampsystemet er samtidig noko av det beste dei tradisjonelle japanske rollespela har å by på. Dei siste åra har fleire og fleire japanske utviklarar prøvd seg med å bryte laus frå den typiske formelen med turbaserte kampar på tilfeldige tidspunkt. Nokre gode eksempel på dette er Baten Kaitos og Final Fantasy XII. Blue Dragon vel i staden å gå tilbake til røtene, der ei lita gruppe heltar må kjempe mot forskjellege monster i turbaserte kampar. Den største forskjellen er at dei ikkje kjem på tilfeldige tidspunkt.

På kartet kan du alltid sjå ein fiende før du hamnar i kamp. Nokre gongar sprett dei opp rett i trynet på deg, men dette høyrer med til unntaka. Når du ser ein fiende kan du gå fram på forskjellege måtar. Du kan enten slå den for å angripe, du kan slå den bakfrå for å få til eit bakhaldsangrep, eller du kan springe rundt og forbi om du ikkje vil krige. I tillegg til dette kan du få fram ein ring ved å halde inne RT. Du kan då velje å angripe alle fiendane som kjem innanfor ringen. Om du er i eit område med svært mange fiendar, blir dette ein veldig praktisk måte å få unna alle monstra, utan å hoppe på dei ein etter ein.

Fiendane vil kome på deg i puljar. Etter at den første fienden er teke av dage, vil den neste hoppe inn i kampen. Mellom kvar pulje vil Shu og følgjesvenene hans få forskjellege bonusar som varierar frå betre forsvar, meir styrke i fysiske eller magiske angrep, eller dei kan få betre helse. Dette gjer kanskje kampane gradvis enklare, men det er samtidig veldig praktisk i situasjonar der du gjerne vil kome deg raskt gjennom fiendane, eller vil sanke erfaringspoeng for å byggje opp karakterane dine. I tillegg til dette vil du finne fiendar som hatar kvarandre. Om du får to slike fiendar innanfor ringen, vil dei angripe kvarandre, noko som får kampane til å gå unna enda raskare.

Smarte angrep

Kampsystemet vil vere lett å kome inn i for alle som har spelt eit japansk rollespel før. På toppen av skjermen får ein sjå ei liste som viser når kvar deltakar i kampen får handle, og denne er nyttigare enn kva ein først trur. Mykje i Blue Dragon er basert på å lade opp angrep. Spesielt gjeld dette magi, men nokre av karakterane vil òg kunne lade opp sine fysiske angrep. Ved å lade opp eit angrep påfører du meir skade, men du får ikkje utføre angrepet før neste tur. Ei linje viser i kva rekkefølgje angrepet ditt vil bli utført, slik at du kan plassere det der det passar seg best. Du kan sjølvsagt velje å handle umiddelbart, men å lade opp angrepa kan vere svært viktig. Du ofrar litt tid, for å få størst mogleg utbytte.

Det som verkeleg gjer Blue Dragon minneverdig gjennom kampane er eit veldig godt gjennomtenkt erfaringssystem. Du har til saman fem heltar i følgjet til Shu, og alle er med i kamp samtidig. Dei vil alle gå opp i erfaringsnivå, men det er ikkje alt dei vil forbetre. Karakterane har i tillegg ein stor, levande skugge. Desse skuggande vil gå opp i nivå basert på dugleikspoeng. Jamt og trutt vil dei få nye eigenskapar som du kan bruke i kamp. Du kan òg du skifte klassen til skuggane. Kvar karakter har gjerne ein klasse skuggen hans er best i, men du kan byggje opp dei forskjellege klassane for å skru saman karakterar med akkurat dei eigenskapane du vil ha.

Alt dette gjer kampane, og korleis ein hamnar i kamp svært underhaldande. Det er dessverre så underhaldande at det nesten slår bein under seg sjølv til tider, for Blue Dragon har eit ganske stort problem: Det er alt for lett. Utfordringane står ikkje akkurat i tur, og dei fleste fiendane kan du drepe med eit enkelt slag, noko som sjeldan gir deg tid til å bruke alle dei tøffe angrepa du har skaffa deg. Dette er frykteleg synd, for kampsystemet er så underhaldande at du helst vil at kampane skal vare ei stund. Du blir kjempeglad kvar gong du høyrer grautstemma til Ian Gillan, sidan du då veit kampen vil vare ei stund.

Av denne grunn håper egg vi snart får laste ned det nye innhaldet via Xbox Live, som dei har fått i Japan. Der har dei fått nye område å leike seg med, samt ei ny og hardare vanskelighetsrad.

Konklusjon

Blue Dragon er eit fornøyeleg eventyr, men som definitivt ikkje vil skrive om historia. Vi blir fortalt ei letthjerta historie om ein gjeng med unge eventyrarar og ein slem slemming som gjer stygge ting berre fordi han er slem. Om du ikkje er i stand til å spele gjennom førti til femti timar med noko som kanskje kunne ha passa inn rett etter barne-TV, bør du kanskje styre unna. Blue Dragon er trass si enkle historie eit knakande godt spel. Ein blir glad i spelet. Til forskjell frå mange andre spel i sjangeren er det vanskeleg å setje fingeren på nøyaktig kvifor ein endar opp med å bli så glad i Shu og kompani. Det kan nok ha noko med at blå dragar er ganske tøffe, og at det finnest folk der ute som framleis er i stand til å gi oss turbaserte kampar som engasjerar minst like mykje som alle dei nyskapande og sjanger-sprengande spela.

Om den nye vanskegrada hadde vore tilgjengeleg ved butikkslepp av spelet, skal du ikkje sjå bort frå at Blue Dragon raskt kunne ha klatra eit hakk til opp på poengskalaen.

Blue Dragon X360 X360 7/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. august 2007
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Mistwalker

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen