Borderlands kjem til PlayStation 4 og Xbox One

Snart kan fire spelarar mose fiendar saman på ein skjerm.

For mange var det sikkert berre eit spørsmål om tid, men no er det offisielt; Borderlands-serien er på veg til PlayStation 4 og Xbox One. Det er ikkje snakk om eit nytt spel, men i staden samlepakka Borderlands: The Handsome Collection, og den inkluderer Borderlands 2 og Borderlands: The Pre-Sequel. Det første Borderlands-spelet har av ukjende grunnar ikkje blitt sett på som kult nok til å vere med på festen.

I The Handsome Collection får du ikkje berre to spel pynta på for å passe inn på kraftigare maskinvare, men i tillegg alt ekstrainnhaldet som har blitt lansert til dei to spela. Om du allereie eig spela kan du overføre framgangen din til dei nye versjonane, men berre om du går frå PlayStation 3 til PlayStation 4, eller frå Xbox 360 til Xbox One.

Er du klar for ei runde til?
Gearbox

Det som kanskje er aller mest spanande med denne samlepakka er at fire spelarar no vil kunne samle seg framfor ein skjerm for å gå på våpen- og skattejakt. I dei tidlegare spelar har berre to spelarar kunne dele skjerm.

Du treng ikkje vente lenge på å få kloa i The Handsome Collection, sidan lanseringa vil finne stad 27. mars.

Humor og galskap

Borderlands-serien har sidan det første spelet blei lansert for seks år sidan begeistra oss med si blanding av rollespelmekanikkar, eit vanvittig arsenal med våpen, samt herleg humor.

Borderlands 2 tok det heile til nye høgder med større variasjon, nye figurar og mange lattervekkande situasjonar. Fjorårets Borderlands: The Pre-Sequel overbeviste ikkje i like stor grad, men leverte likevel eit underhaldande eventyr.

Om Gearbox har planar om eit nytt spel i serien vitast ikkje, men før dei kjem så langt må dei bli ferdige med det MOBA-inspirerte actionspelet Battleborn.

Siste fra forsiden