Sniktitt

Borderlands

LEIPZIG (Gamer.no): Kva får du om du blandar Halo med Diablo? Utviklarane av Borderlands har tatt essensen av det klassiske skytespelet, og kledd den rundt skjelettet til eit rollespel. I dei fleste rollespel er det ein ting du finn mykje meir av enn alt anna; våpen, og dei kjem i alle former og fargar. I motsetning til eit skytespel, finn du ikkje berre eit enkelt sverd. Du finn hundrevis av dei. Du finn dårlege sverd, gode sverd, sverd med +5, sverd med magiske eigenskapar. Det å finne våpen blir ein motivasjon i seg sjølv.

Trailer fra Borderlands

Vis større

Trailer: Borderlands


Gearbox har bestemt seg for å finne ut kva som skjer når ein spleisar det beste frå to verder, og det ser unekteleg ut til at dei kan kome fram til noko bra. Kvar gong du drep ein fiende i Borderlands får du erfaring. Denne erfaringa hjelper deg til å forbetre eigenskapane dine, og lære deg nye. Akkurat som i eit rollespel vil du heile tida gå opp i erfaringsnivå. Til dømes kan du blir stødigare med våpna, lade om raskare og du kan lære deg å bruke nye.

Eit skytespel med val

Du har tre klassar å velje mellom i Borderlands; Hunter, Siren og Soldier. Vi har berre fått sjå Hunter og Soldier så langt, og namnet seier det meste. Soldaten er ein brautande soldat, medan Hunter er betre på til dømes snikskyting med langdistanserifle. Om du ikkje skulle vere fornøgd med valet ditt, hevdar utviklarane at du ikkje vil vere låst fast til ein klasse.

Kva klasse du vel å bruke, vil få innverknad på kor dyktig du er med forskjellige våpen. Grunnen til dette er at dei er laga prosedyrisk. Du har kanskje høyrt om prosedyrisk animasjon. Dette blir brukt i til dømes det komande spelet Spore, der alle skapningane du lagar får animasjonen sin og ganglaget skapt prosedyrisk. Teknologien bak reknar ut korleis ting vil fungere utifrå korleis dei er samansett.

Slik er det for våpna i Borderlands. Utifrå visse retningslinjer vil du heile tida finne unike våpen. Du har sjølvsagt automatvåpen og pumpehagler, men våpna stoppar ikkje med å vere det. Du kan til dømes finne ei pumpehagle som gir syreskade. Skyt du fyren i overkroppen, og han ikkje dør, er der likevel ein stor sjanse for at syre vil etse opp kroppen.

Dette gir spelet ein heilt anna driv enn kva vi er vande med i eit skytespel. Det er ikkje berre eit fastsett utval med våpen. Du har ei enorm mengde våpen, og det å leite gjennom døde fiendar får brått ei heilt ny meininga. Kva nytt kan du finne? Når fiendane dør, slepp dei frå seg nøyaktig det dei hadde på seg, og du kan plukke opp dette. Til dømes kan du kanskje finne eit skjold som vil sørgje for at dei første kulene som treff deg, prellar av.

Det er likevel ikkje alle våpen som blir prosedyrisk laga. Når du møter ein sjef eller andre viktige personar i spelet, vil dei som regel ha våpen som er designa av utviklarane.

Kampanjen i sentrum

Borderlands er først og fremst bygd opp utifrå at du skal spele gjennom ei historie, og utviklarane har ikkje fokusert på å la folk kjempe mot kvarandre. Dei seier at om folk viser nok interesse for det, vil dei likevel vurdere det. I staden for å konkurrere mot kvarandre, er Borderlands lagt opp om å spele saman. Alle versjonane støttar samarbeid for fire spelarar over LAN eller nett, og to stykk kan spele med delt skjerm på ein konsoll.

Ein ting som ser veldig artig ut i samarbeidsmodus er å køyre bil. Utviklarane har lagt inn nokre temmeleg ville køyrety, og råskapen som oppstår ute på dei lange tørre slettene spelet byr på, er veldig fascinerande. Det går kjapt, og fiendar dukkar opp i høgt tempo frå ein vinkel du ikkje var førebudd på. Utviklarane seier dei elskar Warthog frå Halo, og det er ganske tydeleg. Det var likevel ein ting dei sakna med kjerra, og dette har dei tatt med i Borderlands. Medan du og ein kamerat køyrer rundt på ørkenslettene, er kanskje du i førarsetet, medan kameraten din styrer mitraljøsa på taket. Når som helst, medan du køyrer i over hundre kilometer i timen, kan du skifte plass med kameraten din.

Borderlands gir eit veldig sterkt inntrykk av å vere inspirert av Mad Max. Du krigar deg veg gjennom aude steinlandskap, og fiendane og beista du møter er ikkje typisk fargerik fantasi. Det er skittent og støvete, og det ser ut til å passe spelet veldig bra. Borderlands ser absolutt ut til å kunne bli veldig pent, der køyretya og landskapa står fram positivt. Det er likevel nokre ting som ikkje er heilt bra, og dette gjeld først og fremst våpna. Dei er prosedyrisk laga, og ein kan sjå at designen ikkje alltid er gjennomtenkt. Dei varierer mellom å vere kule og å vere teite.

I tillegg er ikkje dei forskjellige effektane våpna kan ha alltid like pene. Om våpenet ditt til dømes gir lynskade, vil dette vise seg ved nokre ganske dårlege teksturar som sprett opp på skjermen i ei heller låg oppløysning. Dette kan sjølvsagt vere sidan spelet ikkje skal ut før «ein eller anna gang i 2009», så det bør vere nok av tid til å pusse på det.

Konklusjon

Eit skytespel kan lett bli uoversiktleg med for mange våpen. Du har for stort utval og du greier ikkje bestemme deg for kva våpen som eigentleg er best. Ofte kan det bli lett å halde seg til eitt våpen, og drite i resten. Difor blir ein litt skeptisk når ein første gong høyrer kor mange tusen våpen Borderlands skal gi deg. Når ein først ser nærare på det, er det likevel lett å bli fascinert. Dette er eit skytespel, men det er bygd opp som eit rollespel, og om det fungerer bra å bli hekta på å finne dei beste våpna i eit rollespel med orkar og dvergar, kvifor skulle det ikkje fungere i eit skytespel òg?

Det er umogleg å seie noko heilt sikkert akkurat no, men ein ting kan du vere trygg på: Bordelands ser svært lovande ut, og du skal ikkje sjå bort frå at neste år blir sterkt prega av ein halv million prosedyrisk laga våpen.

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen