Anmeldelse Braid

Innovativ hjernetrim

Slåande vakkert og med tidskontroll på høgt nivå. Er du klar for årets mest nyskapande spel?

Ein gong i blandt får ein berre lyst til å spele noko nytt, noko spanande. Altfor ofte verkar det som om det einaste nye som kjem på markedet er resirkulerte eller modifiserte utgåver av allereie eksisterande spel. Heldigvis finnast det nokre spel som ikkje er redd for å ta ein sjanse, finne på heilt nye spelelement og faktisk lage noko skikkelig nyskapande. Braid er eit av desse spela.

Ser det kjent ut?
Ser det kjent ut?

Tidskontroll

I Braid får du kontrollen over Tim, ein gut som må redde ei prinsesse som har blitt kidnappa. Høyrest det kjent ut? Ja, Braid tek ikkje berre delar av historia frå dei 20 siste Mario-spela, men også ein viktig del av spelfunksjonane. Her må du reise gjennom mange ulike brett, hoppe på fiendar for å ta dei, og stort sett leve det same plattformlivet som vi såg i dei aller første Mario-spela. Bortsett frå dette er Braid svært originalt.

Braid fokuserer nemleg først og fremst på å kontrollere tida på ulike måtar. Å døy er ein bagatell, for du kan lett spole tida tilbake og ta det siste trekket ditt om igjen. Dei første bretta du får prøve deg på, handlar stort sett om å meistre dei nye spelemåtane Braid introduserer. Men etter det kan du berre seie farvel til enkle brett med roleg opplæringskurve, for spelet sparar ikkje på noko når det gjeld vanskegrada.

For kvar ny verden du kjem til, får du ein ny måte å manipulere tida på, som du kan bruke akkurat der. For eksempel kan du stoppe tida i eit avgrensa område, mens resten av verda går som normalt, og desse evnene må du bruke for å løyse oppgåvene i akkurat det området. At spelet har ein konstant straum av nye spelfunksjonar, er eit svært stort pluss og sikrar at Braid aldri rotnar heilt vekk i kjedeleg gameplay og einsformige gåter.

Ein av dei lettare oppgåvene.
Ein av dei lettare oppgåvene.

Vanskeleg

Spelet har seks verder, der kvar av dei er delt opp i ulike brett. Det er ikkje vanskeleg å komme seg igjennom eit brett i Braid. For det meste kan du berre springe frå venstre side av skjermen til høgre utan stopp. Det er noko heilt anna å løyse brettet. Det ligg nemleg tolv puslebitar på ulike plassar i ei verden som du skal pusle saman til slutt. Du må bruke dei ulike evnene dine for å få tak i bitane, og det er her utfordringa ligg. Mellom deg og puslebitane kan det vere mange fiendar og kompliserte gåter som fort gjer jobben vanskelig. Om ein for eksempel vil hindre ein hurtigskytande kanon fra å blåse deg i fillebitar på vegen mot éin av puslebitane, kan ein sette opp ei slags boble rundt kanonen som senkar farta på kulene. Deretter kan ein trygt ta biten og skunde seg vidare til neste oppgåve.

Når ein spelar eit såpass vanskeleg spel er det ofte lett å sette seg fast, men i Braid kan ein stort sett velje kva verden ein har lyst til å spele. Dette er ein veldig god måte å gjere det på, for om det er eit brett ein syns er for vanskeleg kan ein berre oversjå det og heller ta det igjen ein anna gong.

Spelet krev mykje av personen bak kontrollaren. For å løyse nokon av dei vanskelegare oppgåvene må ein vere presis, tenkje og vere rask på labben på same tid. Men der mange kanskje legg frå seg spelet etter ei vanskeleg oppgåve, kjem dei som klarar den til å få svært stor tilfredsheit av det. Få ting er så herleg som å klare ei vanskeleg oppgåve etter lang tid med prøving og feiling.

Braid ser svært bra ut.
Braid ser svært bra ut.

Ja, Braid introduserer ein heilt ny og spanande spelemåte med både små og store innovasjonar og på mange nivå er det noko av det friskaste eg har sett i år. Når eit spel har så kort speletid som Braid har er det spesielt viktig at det vi får, klarar å underhalde mesteparten av tida. Uheldigvis synest eg at Braid gir meg for lite til å fengsle meg totalt. Til tider glei interessa mi unna og eg følte at eg berre pløgde igjennom spelet utan mål og meining. Dette vert ekstra tydelig når nokre av evnene mista piffen etter få brett. Braid varte ikkje meir enn 3-4 timar, men klarte eg likevel å kjede meg i nokre delar av spelet.

Sjølv om du kjem til å ha di fulle hyre med å sprette rundt om kring på brettet og løyse oppgåver, er det likevel hyggeleg at ein utviklar har teke i eit tak for å gi oss behageleg grafikk. Med ein gong eg startar spelet, verkar det som om eg har ramla inn i eit stort måleri. Sola skin over store grøne sletter, fargane er krystallklare og musikken passar perfekt. I eit lite augneblink klarar eg nesten å overbevise meg om at det framleis er sommar sjølv om det har regna jamnt og trutt i over ei veke her på det flotte vestlandet. Dette er eit av dei vakraste spela på Xbox 360.

Konklusjon

Braid kan vere svært vanskeleg, og det er akkurat dette som kjem til å få nokre spelarar til å elske det, medan andre vil gi heilt opp i forsøket på å klare det. Dei mange gåtene og oppgåvene ein møter er både smarte og slu, og dei kjem til å krevje dei same kvalitetane av spelaren som skal løyse dei. Delar av Braid kunne likevel med fordel vore retta på. Sjølv om spelet er relativt kort, klarte eg faktisk å kjede meg i nokre delar, då mest i byrjinga. Som regel klarar heldigvis Braid å fange interessa igjen, ved å konstant legge til nye og spanande spelfunksjonar som introduserer nye måtar å spele denne typen spel på.

Braid held jamnt over eit bra, underhaldande nivå, sjølv om det aldri heilt klarar å trollbinde meg. Spelet har sine oppturar og nedturar, men nokre av feila kan viftast bort når vi for ein gongs skuld får spele noko som er verkeleg originalt.

Spelet er tilgjengeleg på Xbox Live Arcade til 1200 Microsoft-poeng (ca. 100 kr). Ein PC-versjon er under utvikling.

Braid X360 X360 7/10 Windows Mac PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. august 2008
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Number None Inc.

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen