Bravely Default kjem til Europa

Square Enix-rollespel i tradisjonell stil flyttar ut av Japan.

I dagens Nintendo Direct-sending kunngjorde den europeiske Nintendo-sjefen Satoru Shibata at Square Enix-rollespelet Bravely Default: Flaying Fairy kjem til Europa. Dette spelet er den andelege oppfølgjaren til Final Fantasy: The 4 Heroes of Light, men byter ut Final Fantasy-universet med ein original kreasjon.

Sjølv om spelet i namn ikkje har noko med Final Fantasy-serien å gjere, har spelet blitt samanlikna sterkt med Super Nintendo-klassikarar som Final Fantasy V. Du vil reise rundt på eventyr i ei stor verd presenterte gjennom ein visuell stil som slektar tilbake på den fargerike fantasystilen i Final Fantasy IX. Dette er ein skarp kontrast til dei nyare Final Fantasy-spela som har gått for ein semirealistisk stil.

Skjermbilete frå Bravely Default: Flying Fairy.

Kampsystemet i Bravely Default: Flying Fairy er som dei fleste japanske rollespel turbasert, men vil la deg ta i bruk kombinasjonsangrep for å overvinne fiendane. Dei ulike krigarane du reiser på eventyr med kan alle spesialisere seg i ulike jobbar.

Bravely Default: Flying Fairy satsar tungt på historia, og byr på fleire mellomsekvensar og skodespelarar som pustar liv inn i karakterane. Avhengig av korleis du spelar kan du oppnå ein av fleire ulike sluttar.

Spelet er utvikla av Silicon Studios som tidlegare har skapt det Zelda-inspirerte eventyrspelet 3D Dot Heroes. Det blei lansert for 3DS i Japan 11. oktober i fjor, og kjem til våre kantar mot slutten av året.

Les også: Square Enix imponerer med ny spillmotor Les også: Er dette tidenes japanske rollespill?

Siste fra forsiden