Broken Age avsluttast neste månad

Endeleg får vi vite slutten på Tim Schafers Kickstarter-eventyr.

For litt over eit år sidan lanserte Lucas Arts-veteran Tim Schafer og hans Double Fine-studio sitt lovande Kickstarter-prosjekt Broken Age. Spelet fekk god mottaking blant folk flest, sjølv om vi berre fekk første del av historia.

Andre og siste kapittel er no lanseringsklart, og Double Fine har via Kickstarter-sida si stadfesta at spelet blir lansert for Windows, Mac, Linux, iOS, Android, PlayStation 4 og PlayStation Vita 28. april.

Oppdaterast automatisk

Broken Age går mot slutten.
Broken Age går mot slutten.

For dei som allereie har kjøpt spelet vil avslutninga bli tilgjengeleg automatisk via ei gratis oppdatering. Alle som vil kjøpe spelet etter 28. april vil berre få valet om å kjøpe heile spelet, i staden for eit spel i to delar.

Broken Age støttar lagring på tvers av ei rekke plattformer. Som med mange PlayStation-spel vil du kunne spele på PlayStation 4 og halde fram på PlayStation Vita, men det same vil bli mogleg ved å spele på til dømes Windows og Mac, før du via Dropbox kan få hente fram fila di på til dømes iOS og Android.

Vi kika på første akt frå Broken Age då den blei lansert i fjor, og likte godt det vi fekk erfare. Spelet var ikkje feilfritt, og mangla skikkeleg gode gåter og eit solid kontrollsystem, men det hadde meir enn nok av sjarme som gjorde det verdt tida di.

Tim Schafer har stått bak mange klassiske eventyrspel. Blant dei finn vi Grim Fandango som kom tilbake i ny drakt tidlegare i år, samt Day of the Tentacle, eit legendarisk peik og klikk-eventyr som òg kjem tilbake i ein oppussa versjon.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen