Brütal Legend kan bli større

Tim Schafer og kompani har store håp for PC-utgåva.

Over tre år etter at rockeoperaen Brütal Legend dukka opp til PlayStation 3 og Xbox 360, er det klart for eit gjensyn. Om knapt ei veke dukkar spelet etter svært lang ventetid opp på PC. Sjølv om dette er ei direkte konvertering av konsollspelet, er ikkje Double Fine-sjef Tim Schafer fjern for å gjere meir med spelet om det skulle bli ein suksess, fortel han i eit intervju med Rock, Paper Shotgun:

«Eg vil gjerne utvide Brütal Legend på PC. Det har vore moro å halde fram arbeidet med spelet. Eg meinar, vi har ei ynskjeliste med ting vi ville gjere frå då vi laga denne versjonen. Sidan vi er ein liten utviklar som gjev ut spelet sjølve, må vi berre lage den beste versjonen vi kan, og håpe vi får stor nok suksess til å leggje til meir seinare.»

Denne lista inneheld alt frå mindre justeringar du knapt merkar, til nye fraksjonar for spelets fleirspelarmodus. Kor vidt noko av det endar opp med å materialisere seg sjølv, kjem derimot heilt an på kor populær PC-versjonen blir.

«Fleire modusar i fleirspelaren hadde vore fint. Eg vil gjerne leggje til Lionwhyte som ein spelbar fraksjon. Vi hadde òg ein fraksjon som opprinneleg skulle vere med i Brütal Legend. Eg kunne òg tenke meg å gi spelaren fleire tilbakemeldingar om kva krigarane held på med.»

Sjansen for at Double Fine utvider historia i spelet er derimot liten. Det vil krevje kostbare utgifter i form av å hyre inn skodespelarar, og lisensere musikk. Om du sette pris på fleirspelarmodusen i Brütal Legend kan det derimot godt hende at du får meir å leike deg med i framtida.

Les også: Double Fine-eventyr får konsollversjon Les også: Prøvekjør Double Fines nye spillprototyper

Siste fra forsiden