Anmeldelse

Buffy the Vampire Slayer: Chaos Bleeds

I fjor erobra Buffy enda eit format med stort hell, og oppfølgjaren til det populære Xbox-spelet lovar enda meir av det gode. I tillegg til å tre inn i rolla som Buffy kan du no slå frå deg som vampyren Spike, heksa Willow, og fleire andre.

Vondksap og superkrefter
I likheit med det forrige Buffy-spelet er Chaos Bleeds (frå no av Chaos) ein såkalla gløymt episode. Denne gong i sesong fem. Ethan Rayne, kjend frå serien som ein av dei meir usympatiske bekjentskapa til Giles, er personen som drar hjula i gang. Som alltid er han på jakt etter meir makt, og denne gang har han utfordra den første. Den første er noko som enkelt kan beskrivast som den aller første vondskap. Premien Ethan får om han vinn, er enorme krefter, og straffa om han tapar er smerte i all eve. Greit nok så langt, men hovudproblemet dukkar opp når vi får vite at han har meldt på Buffy og Scooby-gjengen som kampkjemper. Etter litt om og men befinn våre vener seg i ein paralell dimensjon der alt ikkje er som det skal vere, og eventyret vårt er i gang.

For Buffy-fanskaren kan eg like godt advare om at dei første minuttane ikkje lovar særleg bra. Ein introduksjonsskvens fortel oss kort og godt kva som skjer i Sunnydale. Det katastrofale med denne sekvensen er at den presterar å vise alle karakterane frå sine verste sider. Absolutt ingen i Buffy-universet liknar på seg sjølv. Willow er det umiddelbare unntaket, sidan visse kjenneteikn er synlege frå nokre få vinklar. Verst av alle er Spike. Kva utviklarane tenkte då dei modellerte han er eit mysterium.

Om du kan halde ut denne torturen ei lita stund, om ikkje anna, så for å bli vand med at ingen heilt ser ut som seg sjølv, så vil du etter kvart finne eit spel som på alle måtar lev opp til kva det vil seie å vere ein del av Buffy-universet. Det heile byrjar i The Magic Box, som er under angrep av vampyrar. Denne delen av spelet fungerar som opplæring, du slår og sparkar litt, og får prøve ut dei forskjellige karakterane litt.

Eurocom Entertainment, som står for utviklinga denne gang, har tatt seg eit par friheiter for å dra ut levetida. I serien har vi vel aldri fått sett Xander og Willow springe rundt med trekjeppar for å ?duste? vampyrar, bortsett frå når dei begge to hoppar på den same vampyren, for at ein tredje person skal kunne ta i bruk staken. Det får vi her. Det følest litt unaturleg i byrjinga, at Xander, den minst nyttige av alle, bortsett frå når det gjeld utdeling av tørre replikkar, spring rundt og bankar vampyrar med spade.

Buffy The Vampire Slayer: Chaos Bleeds Xbox Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. oktober 2003
  • Plattform: Xbox
  • Utvikler: The Collective

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen