Anmeldelse

Buffy the Vampire Slayer: Chaos Bleeds

Buffy the Vampire Slayer er historie som TV-serie, men det betyr ikkje at vi ikkje kjem til å sjå meir til gjengen som har bekjempa vampyrar og andre demonar gjennom sju sesongar. Serien har skapt eit enormt univers som har boltra seg gjennom både teikneseriar og bøker.

Side 1
Side 2
Side 3
Side 4

Stiv dialog og flott musikk
Lydbildet har både positive og negative sider. Ein del av dialogen er latterleg tørr, og spelet har ein solid mangel på lydeffekter utover kamplydar i same klasse som ein Bruce Lee-film. Sjølv om dei fleste av rollebesetninga gjentar sine roller i spelet, har Sarah Michelle Gellar, Alyson Hannigan og Emma Caulfield bestemt seg for at dei ikkje var interessert. Skodespelaren som har stemma til Buffy gjer ein utmerka jobb, men ho passar ikkje fullt så godt i rolla som Anya. Det høyrest heilt feil ut. Dialogen til Willow høyrest heller ikkje heilt bra ut. Resten av stemmene, med unntaket av Anthony Stewart Head i rolla som Giles, framstår som tørre, og det er lett å høyre at dei les frå eit manuskript. Eit inntrykk som burde bli forsterka om du skulle finne på å sjå ein av filmsekvensane som viser James Marsters lese inn dialogen til Spike. Det ser verkeleg ut som om han kjedar seg.

Musikken derimot, er kanskje noko av det beste du kjem til å høyre i eit spel. Mesteparten av musikken er henta frå TV-serien, og gjer ein fantastisk jobb i å setje deg i rett stemning. Variasjonen mellom skumle strofer som verkeleg kan få håra til å stå stivt nedover ryggrada, og pompøse kamptema er upåklageleg. Det er den type musikk som sparkar deg bak og får deg til å elske det du driv med, enten du vil det eller ikkje. Det er også rikeleg med variasjon i musikken. I kampar er musikken stort sett den same, med kraftige blåseinnstrument, og fengande arrangement, men musikken ellers byr på mange forskjellige tema. Alt frå djupe cello-melodiar, til skummel tivolimusikk naglar deg fast foran TV-skjermen.

Konklusjon
Buffy the Vampire Slayer: Chaos Bleeds lev opp til forgjengaren på dei fleste område. Visse ting er forbetra for å gjere spelet meir tilgjengeleg, men ein del merkelege forandringar har også skjedd. Kvifor du ikkje lenger kan gå inn på inventaret er uforståeleg. Det gjer spelet vanskeleg, men ikkje på ein bra måte. Grafikken er også under gjennomsnittet for kva som er forventa i dag, men den gjer ein svært god jobb i å gjenskape Buffy-universet. Det best med Chaos er at det er eit lett tilgjengeleg spel med god stemning. Buffy-tilhengjarane vil nok rynke på nasa når dei ser kjende figurar som Buffy og Willow, men når førsteinntrykket har lagt seg, vil nok også dei finne eit svært underhaldande spel. Chaos har sine openbare feil, og ein del av dei er merkelege, men trass i desse ligg det eit engasjerande eventyrspel for alle som tørstar etter litt vampyrmoro.

Side 1
Side 2
Side 3
Side 4

Siste fra forsiden