Bungie må betale erstatning til Halo-komponisten

Marty O'Donnel og Bungie har inngått forlik etter søksmål.

I april blei det kjent at Marty O'Donnel hadde fått sparken frå sin mangeårige arbeidsgjevar Bungie. O'Donnel har stått bak det meste av den ikoniske musikken i den svært populære Halo-serien, og har i nyare tid samarbeida med blant andre Paul McCartney for å lage musikken til storspelet Destiny.

I april tok det derimot slutt, og 11. april fekk O'Donnel beskjed om at han ikkje hadde jobb lenger. Bungie hevda på si side at dei skildest som vener, medan O'Donnel hevda han hadde fått sparken utan grunnlag. Han enda opp med å gå rettens veg for å få utbetalt pengar han meiner Bungie skulda han.

Har inngått forlik med Bungie

Destiny er det siste prosjektet Marty O'Donnel komponerte til for Bungie.

No skriv Venture Beat at dommar Jeffrey Ramsdell i Seattle har godkjent eit forlik mellom Bugnie-sjef Harold Ryan og O'Donnel. Ryan vil måtte betale O'Donnel 95 000 dollar, nær 600 000 norske kroner. Denne summen skal dekke uteståande løn, feriepengar, erstatning og sakskostnadar.

Kvifor O'Donnel fekk sparken er framleis ikkje kjent. Bungie var raskt ute for å rose O'Donnel etter at han fekk sparken, men etter dei første kommentarane frå O'Donnel og Bungie etter at oppseiinga blei kjent, har det vore stille frå begge kantar.

Marty O'Donnel har brukt delar av tida sidan oppseiinga på å halde foredrag på blant anna NordicGame Conference i Svergie. Bungie er i full sving med å sende ivrige spelarar gjennom Destinys betatest før lanseringa seinare i år.

Siste fra forsiden