Bungies storsatsing har fått dato

Vi må vente til neste haust med å slå kloa i romeposet Destiny.

For folk flest er Bungie best kjende som studioet bak den populære Halo-serien til Microsoft. For nokre år tilbake lausreiv derimot Bungie seg frå Xbox-konsernet, for å stå fritt på eigne bein. Etter å ha gjort seg ferdige med Halo i spelet Halo: Reach sette dei i gong med å skape sitt neste univers.

Ikkje uventa blei neste stopp for Halo-teamet eit skytespel i rommet. Under namnet Destiny vil Bungie ta oss med til ei massiv verd der fokuset er på å skape din eigen helt og reise på eventyr til mange ulike planetar. I ei oppdatering på sine eigne nettsider har Bungie no avslørt at Destiny vil kome i sal for PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360 og Xbox One 9. september neste år.

Beta til sommaren

Solide mengder action i Destiny.
Solide mengder action i Destiny.

Om du ikkje klarar vente heilt til september med å kaste deg ut i Bungies nye univers vil du få sjansen allereie til sommaren. Då vil Bungie fyre laus ein omfattande betafase av spelet. I første omgang vil denne betaen bli tilgjengeleg på PlayStation 3 og PlayStation 4.

Destiny er planlagt som eit langvarig og svært stort prosjekt. Bungie vil at spelets historie skal halde seg gåande i meir enn ti år, og for å halde spelarane engasjerte lovar dei stadige oppdateringar med nytt innhald.

Handlinga i spelet er sett til vår eiga verd eit solid stykke inn i framtida. Menneska er nær utrydda, og fleire nye artar har dukka opp på arenaen. Grunna spelets fokus på samarbeid vil du alltid vere pålogga når du spelar, men i motsetning til mange andre spel som kastar spelarane inn i MMO-liknande scenario vil du ikkje måtte betale månadleg avgift.

Om du vil vite meir om Destiny kan du ta ein kikk på vårt intervju med Bungie frå GamesCom i Köln tidlegare i år.

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen