Bygg fornøyelsespark i SimCity

Den første utvidinga til bybyggespelet er snart på plass.

Etter ei lang og tung lanseringstid der det eine problemet etter det andre sette kjeppar i hjula for dei som ville spele SimCity, ser ting no ut til å ha roa seg. Utviklarane har retta opp i fleire tekniske feil, og sidan spelet no køyrer stabilt har Maxis tenkt at tida er inne for å utvide spelet litt.

Eurogamer fortel at EA og Maxis har kunngjort den aller første utvidinga til SimCity. Den kjem i form av ein fornøyelsespark der du naturlegvis skal byggje attraksjonar som tiltrekk seg betalande kundar.

Ein slik park kan bli ei solid innteningskjelde for byen din. Tilreisande vil bruke pengar både på dei ulike attraskjonane, men og på sjapper som sel alt frå mat til billeg juggel. Eit viktig element i å få parken til å fungere vil bli å setje opp fungerande vegar slik at dei besøkande kjem seg frå ein attraksjon til ein annan på lettast mogleg måte.

Parken din kan fyllast med attraksjonar i mange ulike storleikar. Dei største vil naturlegvis vere berg-og-dalbaner og karusellar, men spelet vil som ein kvar fornøyelsespark by på mindre attraksjonar der kundar kan bruke pengar. Spelaren vil bli nøydt til å balansere kva ho vil bruke pengar på der større attraksjonar samlar inn meir pengar, men samtidig kostar mykje meir å drifte og få på plass.

Fornøyelsesparkutviding til SimCity kjem i sal via Origin allereie på tysdag.

Les også: Anmeldelse: SimCity
Les også: Anmeldelse: Cities in Motion 2

Siste fra forsiden