Capcom ber om hjelp

No kan du påverke kva spel som dukkar opp i framtida.

Den gamle og erfarne giganten Capcom har eit mylder av spel i katalogen sin. Ved sidan av dei store seriane som står i sentrum no for tida, som til dømes Resident Evil 6, Devil May Cry og Lost Planet, har dei ei uhorveleg mengde med gamle og til dels gløymde klassikarar på merittlista si.

Blant anna har vi Mega Man, som etter eit parretroeventyr for nokre år sidan heilt forsvann, og tilsynelatande blei lagt på is etter at Mega Man Legends 3 blei kansellert i fjor.

Det betyr likevel ikkje at Capcom har gløymt spela som gjorde dei store i utgangspunktet. No har den vestlige avdelinga av Capcom lagt ut ei spørjeundersøking der vi kan huke av og velje kva spel vi saknar, kva spel vi likar, og kva spel vi ville kjøpt om igjen til ei variert og lang liste med forskjellige plattformer.

Blant seriane som blir nemnde har vi klassikarane i slåsseserien Power Stone, den solide Onimusha-serien der vi i rolla som samuraiar banka demonar, den nesten bortgøymde rollespelserien Breath of Fire, og ikkje minst dinosaursplet Dino Crisis.

Undersøkinga vil bli delt med det japanske hovudkontoret, og resultata kan – men må ikkje – vere med på å avgjere kva spel vi lastar ned frå portalar som Xbox Live og PlayStation Network i framtida, får vi vite via den offisielle Capcom-bloggen.

I tillegg får vi spørsmål om kva vi vil Capcom skal gjere. Vil du helst sjå ein gammal klassikar dukke opp med ny og betre grafikk, eller har du lyst på heilt nye kapittel i gamle seriar?

Les også: Capcom svarar på kritikken Les også: Ukens podcast: Gamle Disney-spill fra Capcom

Siste fra forsiden