Capcom svarar på kritikken

Ny vanskegrad og betre kamera i Resident Evil 6.

Som ein kan forvente av ein gammal serie som Resident Evil var reaksjonane ved lanseringa av Resident Evil 6 splitta, og det var ikkje alle som var heilt nøgde med korleis spelet fungerte. Ein ting fleire har klaga på er kameraet, sidan det ligg veldig nært opp mot hovudpersonane. Dette kan ha sine konsekvensar i form av at du ikkje ser fiendar før dei er nær nok til å slå deg i bakken.

Dette vil Capcom no endre på i ei gratis oppdatering som blir tilgjengeleg i midten av desember, får vi vite via den offisielle Capcom-bloggen. Etter oppdateringa kan du sjølv velje kor nært kameraet skal vere, alt etter kva som passar din spelestil. Om du likte det slik det var, kan du med andre ord spele som før, men du kan endre det om du vil.

Eit anna tilskot i oppdateringa er den nye vanskegrada «No Hope» som vil by på enda større utfordringar for dei som ikkje fekk nok i utgangspunktet.

Dette blei for trangt for mange.
Ny kameravinkel gir betre oversikt.

I tillegg til dette blir kampanjen til Ada Wong no tilgjengeleg heilt frå start. I utgangspunktet måtte du runde dei tre andre kampanjane før denne blei tilgjengeleg. For dei som likar å spele saman med nokon vil denne kampanjen òg no kunne spelast for to personar.

Resident Evil 6 er eit solid stykke underhaldning, sjølv om det ikkje når heilt opp til det glimrande Resident Evil 4. Eit stadig større fokus på action og overdådige situasjonar har gått hardt ut over skrekken som ein gong i tida var synonymt med serien. Vi enda opp på ein respektabel sjuar, sjølv om vi hadde nokre innvendingar:

«Intensiteten skiftar mellom det trege, bitande og intense, til eit fyrverkeri av spinnvill action. I løpet av spelet får du ta del i dei fleste oppturar og nedturar eit spel kan by på, og det er ikkje alltid positivt. Det kan bli provoserande vanskeleg, og ikkje minst urettferdig. Kjipe triks er brukt for å gjere eit vanskeleg spel enda vanskelegare. Når du brått døyr etter mange minutt med solid speling fordi ein buss landa i hovudet ditt, er det lett å kaste inn handkleet.»

«Likevel held du fram. Som ein masochist kastar du deg ut i det atter ein gong sjølv om du veit du snart får pryl. Resident Evil 6 har ei drivkraft som nektar deg å gi opp. Det er lett å bli forbanna, men gleda er tilsvarande stor når du omsider er i mål.»

Les også: Anmeldelse: Resident Evil: Revelations Les også: – Overlevelsesgrøss blir for smalt

Siste fra forsiden