Carmageddon kjem til neste generasjon konsollar

Bullfrog-veteran spyttar store summar inn i oppfølgjaren.

Var du gammal nok til å spele spel på 90-talet er sjansen stor for at du kosa deg stort med det perverst valdelege bilspelet Carmageddon. Ikkje berre skulle ein køyre ned andre kjerrer med bilar fulle av piggar og alt som verre var, men i tillegg fekk ein bonuspoeng for å køyre ned forgjengarar som gamle damer med handlevogn.

Kjærleg nostalgi var nok mykje av grunnen til at Stainless Games sin Kickstarter-kampanje for Carmageddon: Reincarnation nådde målet sitt med solid margin. Tanken om eit blodig bilspel i Carmageddon-universet med dagens grafikk gjekk rett heim.

Tidleg skjermbilete frå Carmageddon: Reincarnation

Dei som støtta folkefinansieringa til Stainless Steel var derimot ikkje dei einaste som fekk blod på tann. Bullfrog-grunnleggjar Les Edgar har investert heile 3,5 millionar dollar i det komande spelet, og med det kan Stainless Games ikkje berre halde seg heilt uavhengige frå større utgjevarar, men òg lage spelet for neste generasjons konsollar, får vi vite via VG247.

«Eg har alltid hatt stor tru på Stainless, og eg beundrar suksessen dei har hatt som indie-utviklar. Vi vil alle sjå Carmageddon-namnet reise seg igjen, og eg veit at i hendene til dei originale skaparane kjem vi til å få det beste spelet,» fortel Les Edgar i ein kommentar.

Er du klar for meir villmannskøyring og umoralsk poengsanking?

Les også: Carmageddon til GOG Les også: Shenmue-skaparen vurderer Kickstarter

Siste fra forsiden