Castlevania 3DS kan få HD-versjon

Lords of Shadow-studioet stiller seg opne for nye format.

Castlevania: Lords of Shadow frå spanske Mercury Steam fekk god mottaking her i garden. Solid action og flotte produksjonsverdiar sørgja for eit solid stykke underhaldning. Vi var ikkje aleine om å meine dette, og spelet selde godt nok til å få ikkje berre ein, men to oppfølgjarar. Lords of Shadow 2 er på veg til PlayStation 3, Xbox 360 og PC, medan Lords of Shadow – Mirror of Fate gjev oss eit noko anna eventyr på 3DS.

I Mirror of Fate møter vi etterfølgjarane til Gabriel 25 år etter hendingane i Lords of Shadow. Spelet er eit sideskrollande actionspel som slektar på dei tidlegare Castlevania-spela, og vil fungere som eit bindeledd som knyt saman historiene i Lords of Shadow 1 og 2. Difor er det kanskje litt snodig at spelet ikkje dukkar opp på dei plattformene alle har spelt Lords of Shadow på.

Castlevania i god, gammal sideskrollande stil.

Dette er derimot ikkje nøydt til å vere ein permanent situasjon. Skulle 3DS-spelet selje godt nok, vil Mercury Steam vurdere å tilretteleggje spelet for andre format, fortel produsent Dave Cox til CVG:

«Vi laga alt i høg oppløysing. Alle teksturane, nivåa og modellane. Vi krympa alt ned for å få plass på 3DS. Vi har ein HD-versjon av spelet liggjande på ein PC ein stad.»

Kor vidt dette endar opp med å bli ein realitet er likevel usikkert sidan Nintendo står som utgjevar for spelet.

Castlevania: Lords of Shadow – Mirror of Fate kjem i sal for 3DS 8. mars.

Les også: Anmeldelse: Castlevania: The Adventure Rebirth Les også: Spanande vårslepp frå Nintendo

Siste fra forsiden