Castlevania: Lords of Shadow kjem endeleg til PC

Betre seint enn aldri for det herlege actionspelet.

Hausten 2010 fekk seg eit solid løft frå det heftige actionspelet Castlevania: Lords of Shadow. Spelet som blei utvikla av det spanske studioet Mercurysteam presterte å hente Castlevania-serien inn i moderne tid på ein måte tidlegare 3D-forsøk i serien ikkje makta.

Vi fekk ei solid historie med eit glimrande kampsystem, og nydelege område fulle av variasjon.

Noko uventa skriv utgjevaren Konami i ei pressemelding i dag at dei seinare i år vil lansere spelet på ny, denne gong for Windows. Dette blir første gong spelet blir tilgjengeleg på noko anna enn Xbox 360 eller PlayStation 3, og nokre forbetringar kjem med på kjøpet.

Spelet vil kome innebygd med dei to utvidingane Reverie og Ressurection, og vil by på høgare grafiske oppløysingar enn originalen, samt ei bileteoppdatering på 60 bilete i sekundet så lenge du når den anbefalte krava.

Pakka som har fått namnet Castlevania: Lords of Shadow: Ultimate Edition kjem i sal på Steam 27. august, og vil bil tilgjengeleg i butikk nokre dagar seinare den 30. august.

Les også: Anmeldelse: Castlevania: Lords of Shadow: Mirror of Fate Les også: Castlevania 3DS kan få HD-versjon

Siste fra forsiden