(Bilde: Inti Creates)

Castlevania-veteran har sett Kickstarter-rekord

Bloodstained: Ritual of the Night er det mest innbringande Kickstarter-spelet så langt.

For ein månad sidan lanserte Kogi Igarashi ein Kickstarter-kampanje for spelet Bloodstained: Ritual of the Night. Spelet er eit spel i same gate som Castlevania-spela, noko som ikkje er rart sidan Igarashi gjennom sine 22 år hos Konami stod bak fleire av dei mest populære Castlevania-spela, og då spesielt Castlevania: Symphony of the Night.

Folk var heilt tydeleg klare for eit Castlevania-liknande spel frå Igarashi, og Bloodstained blei finansiert etter berre få timar. Suksessen har berre gått ein veg på den månaden som har gått, og no har Bloodstained slått Torment: Tides of Numenera som tidenes mest innbringande Kickstarter-spel.

Ny rekord

Bloodstained har blitt ein massiv suksess for Koji Igarashi.
Bloodstained har blitt ein massiv suksess for Koji Igarashi. Bilde: Inti Creations

Torment samla inn rett i underkant av 4,2 millionar dollar, medan Bloodstained no har nådd 4,6 millionar dollar, med over 15 timar igjen av kampanjen. Utviklarane bad opphaveleg berre om 500 000 dollar, men er no godt på veg til å nå heile 5 millionar.

Gjennom kampanjen har Bloodstained: Ritual of the Night nådd ein heil haug med strekkmål. Blant dei finn vi nye karakterar, orkestermusikk, ein fleirspelarmodus, samt versjonar til Wii U og PlayStation Vita. I tillegg til desse plattformene vil Bloodtsained: Ritual of the Night lanserast på PC, PlayStation 4 og Xbox One når det skal vere ferdig mars 2017.

Bloodstained: Ritual of the Night er ikkje det einaste svært spanande Kickstarter-prosjektet som leitar etter pengar akkurat no. inXile er for tida nær å nå sitt mål for å lage The Bard's Tale IV, medan norske Antagonist nett kom i mål med sin kampanje for det nifse spelet Through the Woods.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen