Anmeldelse

Children of Mana

Sjokkerande nok handlar det nye spelet i Mana-serien om å redde verda frå frykteleg vondskap.

Det var ein gong eit tre. Dette treet var stort av størrelse og beskytta landet mot vondskap og sorg. Men ein dag byrja treet å miste sine løv, og alle var triste. Så kom ein ung helt, og med mana-sverdet i handa, tok han til kamp mot alt det vonde, og førte balanse til verda igjen.

Det er vel om lag så original historia i Children of Mana er. Omsider, etter fleire år enn ein kan telje på to hender, har det endeleg dukka opp eit nytt spel i Mana-serien. For oss her i Norge har vi ikkje fått den gleda sida Secret of Mana gjekk sin sigersgang over TV-skjermane på tidleg nittital. Det kom kanskje eit lite spel til Game Boy Advance for nokre år sidan, men dette var ei gjenskaping av det aller første Seiken Densetsu (som serien heiter i Japan) – eit spel som aldri kom hit i utgangspunktet.

No er det uansett klart for eit nytt spel i serien som blant mange blir rangert på like linje med Square Enix sine andre store namn; Final Fantasy og Dragon Quest. Og vi får det vi kan forvente. Det er eit nydeleg spel, det er det gode mot det vonde, og det er eit heidrundrande kampsystem som vekker til live minner om tider som for lengst er borte.

Ei lekse i stereotypar

I Children of Mana blir du som ein ung helt plassert i ein søt liten landsby. Dette fungerar på sett og vis som ein base for operasjonar. Det er her du snakkar med folk, det er her du får nye oppdrag, og det er her historia utviklar seg. Frå denne vesle landsbyen set du så ut på dine heltedåder, for å redde verda frå ein slem mann kledd i svart. Dette er eigentleg alt den vesle landsbyen er god for. Nokre gongar må du snakke med folk for å finne ny informasjon for å kome deg vidare, eller du kan handle nytt utstyr eller edle steinar som gjer deg sterkare på forskjellige felt.

Mesteparten av tida di vil du bruke i forskjellige grotter og kalde korridorar. Så snart du legg ut på eit nytt oppdrag, hoppar du opp på den banalt søte dragen Flammie, som sjølvsagt er tilbake. Deretter flyr du dit du skal, og slår deg gjennom fleire nivå med forskjellige beist, før du kjem til sluttsjefen og får ei lita avhandling om kva som skjer vidare. I grottene gjer du så og seie kun ein ting. Du denger laus på skapningar i alle former og fasongar inntil ingen er igjen, før du så plukkar opp ein oransje dråpe, flyttar den til ein lysande ring, og med det flyttar deg til neste nivå.

Kampsystemet er naturlegvis det viktigaste med heile spelet, og det fungerar heldigvis veldig bra. For dei som har spelt Secret of Mana vil ting være lette å kjenne igjen. Ikkje at dette kampsystemet er veldig spesielt, men det var enkelt og engasjerande på same tid. I korte trekk var det eit heilt ordinert kampsystem der du svingar våpenet, men også kunne lade det opp for kraftigare angrep. I Children of Mana har dette blitt vidareført eit par hakk. I tillegg til at du no kan ha to våpen samtidig, har Square Enix putta inn ein snodig fysikkmotor. Dette resulterar i at om du slår ein fiende, vil denne bli slått bakover, og den kan så dulte bort i andre fiendar, noko som kan skape vanvittige kjedereaksjonar.

Når villdyret flyr

Forskjellige våpen har forskjellig utslag på fysikken. Pil og boge vil til dømes ikkje ha stor nytte her, og er generelt sett eit ganske unyttig våpen med sitt famlande siktesystem. Betre alternativ kjem i form av kjettingen og hammaren. Kjettingen slenger du rundt deg i ein sirkel, noko som vil kunne slå alle fiendar vekk, og gi deg litt pusterom. Hammaren på si side slår fiendane hardt tilbake slik at dei flyg utanfor skjermen, og tek med seg alt dei kjem i kontakt med. Du kan og, ved å halde inne angrepsknappen, lade opp eit spesialangrep med kvart våpen. I tillegg vil du, etterkvart som du drep fiendar, bygge opp eit raseri-meter. Når dette er fullt kan du gå inn i "fury mode" noko som gir deg store bonusar på angrep, og nye spesialangrep.

I tillegg kan du bruke forskjellige former for elementbasert magi. Du kan bruke akkurat den magien som passar deg best, og du vel kva du vil bruke ved å snakke med ei jente i landsbyen. Magien i seg sjølv er ganske meiningslaus. Du kan påkalle eit element, og deretter har du to val. Du kan enten la elmentet utføre sitt daglege verk, eller du kan gå inn i det for å få visse bonusar. Dette kan være alt frå ild på sverdet ditt, til regenerering. På papiret fungerar det bra, men det endar lett opp som noko som dessverre aldri er nyttig nok til at det blir brukt.

Du går sjølvsagt også opp i erfaringsnivå, og dette er noko du eigentleg ikkje kan legge fingeren i. Det einaste du kan gjere som eit resultat av høgre nivå, er å utryste helten din med kraftigare utstyr. Nye våpen, betre rustning, og nye magiske steinar. Desse steinane kan gi deg plussar på alt frå mostand mot gift, til plussar på skade. Du har eit lite brett der du legg ut steinane, og dette brettet kan du få utvida ved å snakke med dei rette folka.

Det som veldig raskt blir veldig tydeleg med dette spelet er at det ikkje kjem til å vare evig. Det er veldig underhaldande dei første timane, men så snart du har gått igjennom dei same grottene eit par dusin gongar, går du gradvis lei. Ofte er du ikkje sterk nok til å reise til eit nytt område, og derfor blir du nødt til å traske gjennom kjende korridorar om igjen for å bygge deg opp. Dette blir raskt kjedeleg. Du får kanskje litt nye våpen no og då, og dette gjer spelet brått meir interessant, men ikkje nok til at motet held seg oppe over tid. Eg er nok ikkje den einaste som heller skulle ha sett eit nytt Mana-spel der vi får traske rundt i verda som vi vil. I staden er vi låst fast til ein knøttliten landsby, og reiser til bestemte destinasjonar.

Spelet støttar også fleirspelar for opp til fire spelarar, noko som garantert vil kunne auke underhaldningsverdien, men dette har vi dessverre ikkje hatt anledning til å sjå nærmare på.

Children of Mana sine sterkaste sider er utvilsamt grafikken og lyden. Det er nesten i ein klasse for seg sjølv kva detaljerikdom på to små skjermar angår. Det er nesten som å ta steget inn i eit søtt lite maleri til tider, og designen på dei forskjellige skapningane er sjarmerande og tiltalande. Med god musikk er det også vanskeleg å ikkje bli litt fortrylla av spelet.

Konklusjon.

Om du har lengta etter ein verdig oppfølgjar til Secret of Mana-spela til Super Nintendo, er eg redd eg må skuffe deg. Det vi får er eit søtt og underhaldande spel, men i lenga blir det raskt ganske så kjedeleg. Det er eit spel som fungerar ypperleg til korte turar med buss eller tog, der små økter i kaotiske kampar får tida til å fly. Det er når du set deg ned og vil vie spelet litt ekstra tid at det for alvor viser seg kor einsarta spelet er. Det skjer aldri noko nytt du bryr deg om, og historia tek fullstendig baksetet i forhold til det å springe rundt under jorda for å denge laus på fiendar. Det kan være moro det, men alt i sine doser, og denne gongen blir det litt i meste laget.

Siste fra forsiden