Anmeldelse

Codename: Panzers

I Codename: Panzers kastar ein ikkje bort tid på å bygge basar, soldatar og eventuelle oppgraderingar. Dette er krig, og i krig er det sjeldan du kan snu ein kamp ved å bygge fleire soldatar på rekordtid. Realismen er svært viktig i Codename: Panzers, og realisme tillet deg ikkje å fullføre eit oppdrag med noko anna enn det du gikk inn med. All produksjon og handel skjer mellom oppdrag, og via ein meny får du velje mellom både fotsoldatar, stridsvogner, kanonar og reparasjonsbilar. Dette skapar eit lite dilemma; Kva skal du ta med deg? Du veit ikkje alltid kva du kjem til å kjempe mot, og ei fornuftig blanding er ofte smart. Har du nok fotsoldatar, stridsvogner og artilleri, samt helsepersonell og ei reparasjonskjerre kan du overleve det meste.

Stressfaktor ti
Som du kanskje kan tenke deg inneheld Codename: Panzers eit impnerande arsenal av forskjellige soldatar og pansra køyretøy. Alle har sine små felt dei enten er sterke eller svake på, og å utnytte dette er ikkje alltid like lett. Det kan raskt bli nesten for mange. Om du er i krig og har ei hær beståande av fleire stridsvogner, fotsoldatar og helsepersonell, endar du ofte opp med ei ganske stor forsamling. Når fienden først kjem er det veldig lett å velje alle saman, og sende dei på ein fiende, men det er mykje smartare å pause spelet for å levere ut ordre i fred og ro. Du drep ikkje nødvendigvis fienden raskare, men sjansen for at du står igjen med overlevande er betrakteleg større. For å hjelpe på med dette har spelet også kommandoar for å gå direkte til enten alle folka under din kommando, alle fotsoldatar, eller aller stridsvogner.

Ting blir raskt kompliserte, og det tar heller ikkje lang tid før det blir latterleg vanskeleg. Dei første bretta er greie nok, og vanskelegheitsgrada stig jamt og trutt, men brått er det som å møte veggen. I eit fånyttes forsøk på å spele ein helt utan respekt for livet, må du redde lastebilar for den russiske hæra. Tyskarane har liknande oppdrag, men i deira tilfelle er gjerne vegen rett. Her er det svingar og bakkar som i ein typisk vestlandsfjord. Du køyrer fram og tilbake i desperasjon medan fienden kjem frå absolutt alle tenkelege kantar med stadig nye doser stridsvogner og maskingevær. Det blir raskt vanskeleg. Det er begrensa kor mange kuler ein mann kan tåle, og resultatet blir dessverre ofte ein rask død.

Dette er i og for seg ikkje nødvendigvis negativt. Likar du spelet ditt vanskeleg får du i poser og spann her. Å runde eit spel følest som regel betre når ein har kjempa for det, men samtidig spørs det kor mange som vil gjere akkurat det med eit spel som på ingen måte kan beskuldast for å tilgi feil. Å stille inn på vanskelegheitsgrada vil heller ikkje hjelpe stort. Dei tre vanskelegheitsgradene lar deg kun velje i kor stor grad du får tilbake folk etter eit oppdrag. Som standard vil du få tilbake det du har mista i form av nye rekruttar, men tek du til dømes hardaste vanskelegheitsgrad vil du måtte kjøpe inn i alt du har mista. Med spinkle ressursar kan det fort bli vanskeleg.

For å ta eit eksempel på kor avgjerande det er om du mistar folk i kamp: Alle i Codename: Panzers får erfaringspoeng etter kvart som dei deltar i kamp. Mistar du folk vil dei nye stille med blanke ark, medan folk du har brukt tidlegare vil vere langt farlegare i kamp. Ved å velje lettaste vanskelegheitsgrad vil du eliminere dette problemet sidan alle rekruttar du får tilbake vil verre opptrent til ditt nivå, men dette øydelegg samtidig litt av poenget med erfaringspoeng.

Individualisme og krig høyrer ikkje saman
Det gjeld å ta godt var på folka dine sjølv om motstanden er overveldande, men det er ikkje alltid like lett. Har du tre panservogner og nokre få tropper med fotsoldatar kan du vere sikker på at i alle fall ein av desse vil finne på eit idiotisk stunt ved synet av ein fiende. Det er på absolutt ikkje menneskelege følelsar som spelar inn her. Å springe mot fienden, berre for å springe forbi den og bli skoten ned på vegen er vel ikkje noko trente soldatar skal finne på. Det finnest fleire gode eksempel på at den kunstige intelligensen er høgst variabel. Skal du til dømes gjennom ein by, og veljer å køyre gjennom ei gate, kan dette føre til at to køyretøy står vendt mot kvarandre og blir ståande i ro.

Ikkje eit stort problem nødvendigvis, men når noko først skjer i Codename: Panzers, skjer alt på ein gong. Du vil trenge alle mann du har, og når du hamnar i kamp er det lett å ta det for gitt at køyretøya skal køyre til destinasjonen sin automatisk. Såpass hektiske som kampane blir, er det vanskeleg å ha oversikt over alt på ein gong, og tek vekk oppmerksomheita di frå viktige hendelsar. Av og til finn dei på at dei skal køyre rundt hindra, noko som gjer risikoen enda større for at dei køyrer inn i ei gruppe med fiendtlege panservogner og kanonar, berre for å dø før du i det heile tatt fikk med deg at det skjedde. Dette er heldigvis eit problem som oppstår i byar og område med bygningar der det gjerne er trangt, noko som ikkje gjer det til noko du vil oppleve ofte.

Codename: Panzers Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 14. september 2004
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: CDV
  • Utvikler: Stormregion

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen