Anmeldelse

Cold Winter

Nokre gongar er det strengt tatt ikkje nødvendig å finne opp hjulet på ny. Av og til er det nok med ein britisk agent og ein molotov cocktail.

Side 1
Side 2

MI6-agenten Andrew Sterling sit i eit fengsel i Kina, Torturert og mørbanka. Etter å ha venta i seks månader på å bli henretta, blir han endeleg redda av ein kollega frå tida før hans forrige oppdrag gikk fullstendig gale. Herifrå blir du kasta ut i ditt første oppdrag umiddelbart, og det som følger er eit skytespel som hoppar galant over unødvendige detaljar, og febrilsk prøvar å nå målet sitt som det beste skytespelet på PlayStation 2. Dette er ikkje eit uoppnåeleg mål, sidan dei verkeleg gode skytespela ikkje akkurat er noko vi ser kvar dag.

Ei god historie er vel kanskje ikkje det ein tradisjonelt sett forbindar med førstepersons-skytespel. Til og med Doom-legenda John Carmack har hevda at ei historie i eit spel eigentleg ikkje er så veldig nødvendig. Han om det, for Swordfish Studios har (heldigvis) ei heilt anna oppfatning av saka. Cold Winter byr på to historier som blir fortalt parallelt. Den eine historia er Andrew Sterling si ferd for å drepe alle bandittar med metodar som får hovuda til å rulle, og den andre handlar om politikk. Ja, du høyrde riktig. Den ganske politiske historia om kalde vintrar og masseøydeleggelsesvåpen, er noko vi får ta del i gjennom filmsekvensar mellom bretta. I byrjinga er det litt vanskeleg å sjå poenget, men etter kvart blir det veldig interessant, og fungerar som godt krydder for å gi litt bakgrunn til det Andrew opplev.

Ein ekte helt
Andrew Sterling er ikkje som den mest kjende britiske agenten (James Bond om nokon skulle undre seg). Han er uflidd, til tider stygg i kjeften, men han er ti gongar den mannen hr. Bond nokon gong vil vere. Vel, kanskje ikkje, men eg er ganske sikker på at Andrew Sterling kan knuse James Bond i handbak. Av og til får han hjelp, og nei det er ikkje noko som inviterar til kooperativt samspel her i gården. Ei ung kvinne flyr gjerne rundt i helikopter, eller slår av ein prat med Andrew om ting som giftige gassar. Ein veldig hyggeleg ting er at skodespelet i Cold Winter er av ekstremt høg kvalitet. Det er opp til fleire karakterar du vil stifte bekjentskap med i løpet av spelet, og det er ei fryd at du aldri reagerar negativt på dei. At musikken høyrest ut som klassisk spionmusikk på anabole steroidar, skadar heller ikkje.

Sjølv om det ikkje nødvendigvis er enormt mange gode skytespel til PlayStation 2, er det nok av skytespel der ute generelt. Om vi i tillegg skal leite etter eksklusive skytespel for PlayStation 2, blir kvalitetslista enda kortare. Spelet som skulle bevise ein gong for alle kva PlayStation 2 er god for var Killzone, eit spel som ikkje akkurat leverte det vi blei lova. Kven skulle då tru, at det viktigaste beviset i Sony PlayStation 2 vs. alle andre, skulle kome frå eit selskap nesten ingen har høyrt om? Cold Winter gjer ingenting nytt. Det prøvar heller ikkje å gjer noko nytt, noko som i dette tilfellet fungerar veldig greit. Alle små detaljar som kun fungerar for å dra ut levetida er kutta vekk, og i staden sit vi igjen med eit veldig overbevisande spel.

Gjer som du vil
Cold Winter hoppar altså over unødvendige detaljar, men kva betyr dette for deg? Det første du vil merke er at du sjeldan undrar deg over kva du skal gjere. Veldig ofte finn du ei pil på skjermen som fortel deg kva veg du skal gå. Følger du denne finn du alltid målet ditt, og det er sjeldan veldig vanskeleg å nå dit. Rundt omkring vil du også finne små oppgåver du kan velje å løyse om du vil. Det er også ein heil del notatar og bøker slengt rundt omkring, som kan gi deg større innsikt i kva som skjer, men som også gi eit hint om skjulte område i spelet. Til dømes kan eit konfidensielt dokument fortelje om ein skjult veg du elles kanskje hadde gått rett forbi.

Generelt er Cold Winter nesten aldri eit vanskeleg spel. Ikkje at det er direkte enkelt, men situasjonar der du sit bak eit hjørne med under ti prosent av helsa di igjen, oppstår aldri. Når som helst kan du ta ei dose frå helsepakken du har med deg, og dette vil fylle helsa di opp til maksimum. I tillegg har du beskyttelse. Drep du fiendar kan du sjekka dei etterpå, og her finn du gjerne meir beskyttelse du kan ta med deg. I tillegg finn du gjerne små ting du kan bruke til å lage gjenstandar.

Ved hjelp av eit veldig enkelt system kan du lage dirkar, bomber, og anna smågodt. Du kan ikkje akkurat finne opp dine eigne kreasjonar, men du kan til dømes lage bomber og molotov-cocktailar. Dette er ganske greit om du skulle gå tom for granatar. Av alt du kan kaste på fienden, er det standard-granatane som gir minst glede. Å kaste ein røyk- eller giftgranat, har mykje større effekt enn å kanskje greie å sprenge vekk ein fiende. Er du i ferd med å springe rett inn i ei maurtue av fiendar, kan du kaste ein røykgranat i ein retning, før du går til angrep mot resten. Røykgranatar hindrar synsfeltet for både deg og fienden, og kan raskt bli eit nyttig hjelpemiddel.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden