Anmeldelse

Command & Conquer: Red Alert 3

Strategisk latterbombe

EA gjer eit heiderleg forsøk på å overføre PC-basert strategi til konsoll.

Sovjetunionen står ved fall, og Premier Cherdenko (spelt av Tim Curry) vil saman med den gale professoren Dr. Zelinsky (nydeleg framstilt av Peter Stormare) reise tilbake i tid for å henrette Albert Einstein. Dr. Zelinsky kjempar sjølvsagt i mot. Maskina er ikkje ferdig og det å herse med tid og rom-kontinuumet er livsfarlege greier. Like fullt, Cherdenko får vilja si, sender elektriske støyt gjennom Einstein, og sørgjer for at atomkrafta aldri kom så langt som å bli historie ein gong.

Sovjet gir seg ikke

Vis større

Trailer: Command & Conquer: Red Alert 3 #5

Stikkord:
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • strategi
  • command & conquer
  • red alert


Vel tilbake i notida viser ting seg kjapt å ikkje vere så fagert som Cherdenko hadde trudd dei skulle vere. Ei ny stormakt, «Empire of the Rising Sun» har stige opp frå Japan, og er fast bestemt på at det er deira skjebne å ta over verda. Brått står Cherdenko låst mellom USA og Europa i vest, og Japan i aust. Leikane kan så til dei grader byrje.

Satirisk krigskomedie

Først og fremst skal Electronic Arts ha litt ros. Frå å vere eit selskap dedikerte spelarar har elska å hate, har dei spytta ut det eine kvalitetsspelet etter det andre, og Red Alert 3 er ikkje noko unntak. Det rett og slett osar kvalitet og ei glede for mediet du skal sjå langt etter. Utviklarane tør å sparke både hit og dit, og damene som dukkar opp i det eine lårkorte skjørtet kortare enn det andre, vitnar om ein gjeng som viser total forakt for alle dei etiske reglar og normer vårt primitive samfunn så langt har vore i stand til å koke saman.

Sjølv om det er ein del hud i spelet, og sjølv om du i pakka får med ein plakat av dei flottaste låra verda kan samle på ein stad, er ikkje dette eit spel som handlar utelukkande om damer. Dette er eit skikkeleg kvalitetsstrategispel, noko vi allereie har slått fast i vår omtale av PC-versjonen. Det store spørsmålet er sjølvsagt kor godt eit etablert PC-grensesnitt let seg oversette til ein konsoll der analogstikker og ei avgrensa mengde knappar skal gjere jobben.

Det korte svaret er: Bra. Det litt lengre svaret er at det kjem litt an på kven du er, og kva du er vand med. Om du spelar strategispel på PC som om det skulle vere livets brød, kjem du nok til å slite litt. Det er ikkje like presist og umiddelbart som det blir på PC, men dette er ikkje fordi EA har gjort ein dårleg jobb. Eigentleg har dei gjort ein så god jobb som kan forventast. Det er eit imponerande stykke arbeide der alle funksjonar på ein eller anna måte er lett tilgjengeleg. Problemet oppstår først og fremst av responstida på analogstikkene, og kor nøyaktig dei let deg velje soldatar.

Vanskeleg mikroarbeid

For ein person som berre vil spele litt strategi, er Red Alert 3 på Xbox 360 ypparleg. Det er kjapt og intuitivt, og det let deg gjere det du vil på enkle måtar. Om du derimot er opptatt av å kunne gå inn på mikronivå for detaljert kontroll, vil du slite litt. I kampens hete er det så godt som umogleg å velje enkeltsoldatar med presisjon, og du vil lett ende opp med å velje ein annan enn du hadde i tankane. Spelet gir deg etter forholda gode verkty for å oppnå slikt mikroarbeid, men samanlikna med ein PC, når det diverre ikkje heilt opp.

Der du på ein PC til dømes lagrar forskjellige grupper til forskjellige snarvegar på tastaturet, vil du på Xbox 360 lagre dei til LB og X, der du held inne LB, medan kvart trykk på X blar deg vidare til neste gruppe. Vidare kan du med lette knapptrykk velje alle soldatane på skjermen, og alle soldatane av ein type. I tillegg kan du med piltastane bla gjennom alle soldatar på skjermen. Dette er mykje raskare enn å prøve å stille markøren inn på ein enkelt soldat, sidan markøren automatisk hoppar til næraste soldat, og ikkje nødvendigvis den du hadde i tankane. Å bruke piltastane er difor eit godt alternativ, sjølv om du ikkje alltid veit på førehand kva soldat som blir merka.

Difor er det godt at EA har justert litt på grafikken i PC-versjonen for å tilpasse spelet til Xbox 360. Figurane på skjermen er litt større, og ting blir blåst opp der det trengst, noko som gjer det lett å få med seg kva som skjer. Det einaste som likevel blir vanskeleg, er om du skal velje individuelle fotsoldatar, sidan desse er svært små, og difor kan bli vanskelege å finne.

Du har likevel måtar å finne dei på. Du kan til dømes velje alle soldatar du har i spel, eller alle som er på skjermen, og deretter få opp eit hjul som viser dei på rekke og rad. Herifrå kan du velje akkurat dei soldatane du vil ha tak i. Det løyser ikkje alle problem fullstendig, men det er eit svært godt stykke på veg.

Frodig mangfald

Ved sidan av ei historie som engasjerer så til dei grader, sjølv om den litterære kvaliteten er lavmål, er det alle dei forskjellige krigarane som verkeleg er kjernen i Red Alert 3. Kvar fraksjon har ei solid mengde våpen til disposisjon, og dei er alle veldig forskjellige frå kvarandre. Sovjet har til dømes svære båtar som kan skyte rakettar over lange distansar, Alliansen har eit variert utval av fly som kan sleppe bomber på fienden, medan Japan sjølvsagt har enorme robotar og jenter i skuleuniform.

Det heile praktisk talt osar av sarkasme og humor, og det gjer spelet til ei fryd å spele. Det er ikkje det djupaste spelet på jord, men det er velbalansert og gjennomført nok til at du fint kan utforme dine eigne taktikkar. Det einaste problemet er at mikroarbeid er tungvindt, noko som hindrar spelet i å tillate dei heilt store taktikkane, både om du spelar aleine, og om du spelar dei forskjellige modusane over Xbox Livet. Red Alert 3 på Xbox 360 blir meir umiddelbart, der kvar side sender hærene sine mot kvarandre utan å leggje for mykje vekt på detaljar.

Taktikkar kan likevel bli ganske viktig, og då spesielt gjennom kampanjen som du kan spele gjennom saman med ein ven. Kvart oppdrag i spelet blir spelt saman med ein alliert, og denne kan ein anna spelar ta kontroll over. Det er så enkelt som at du finn to basar i spelet, og dei er heilt uavhengige av kvarandre, med unntak av ressursane, som er felles. Dette opnar for mykje moro, og ein av spelarane kan til dømes fokusere på angrep, medan den andre sørgjer for gode forsvar, og at ein alltid har nok kraft til å halde bygningane gåande.

Rask basebygging

Å byggje opp ein base er noko ingen vil ha problem med. Det er kjapt og enkelt, og du vel bygningar gjennom eit hjul, på same måte som du kan velje einingar. Dette hjulet kan du få opp når som helst, og du må ikkje velje ein bygning for å gjere det. Når du opnar hjulet, får kan du velje om du vil lage bygningar, eller forskjellige soldatar, utan å nokon gong måtte forlate ei eventuell krigssone. Det einaste som kan bli litt irriterande her, er korleis denne funksjonen ikkje bryr seg om du har meir enn ein hovudbygning. Difor kan du berre byggje ein bygning om gangen herifrå. Skal du byggje fleire, må du velje den andre hovudbygningen, og velje bygningen derifrå.

Ved å halde inne ein ryggknapp får du opp eit hjul du enkelt kan velje bygningar frå. Utover dette varierer det noko frå fraksjon til fraksjon korleis du må gå fram for å byggje ein base. Til dømes byggjer Sovjetunionen på bakken, medan Alliansen må byggje bygningane ferdige før dei blir plassert. Forskjellane er ikkje så store at du treng mykje tid for å forstå korleis ting heng saman.

Makelaus presentasjon

Command & Conquer-serien er noko for seg sjølv, og dette kjem først og fremst fram gjennom den fabelaktige presentasjonen serien er kjend for. I staden for animerte filmsekvensar har det utelukke handla om ekte skodespelarar, og med Red Alert 3 har Electronic Arts løfta standaren mange hakk. Det er eit hav av meir eller mindre kjende skodespelarar i spelet, og sjølv om dei overspelar som om dei aldri skulle ha gjor noko anna, får ein verkeleg kjensla av at dei morar seg i rollene sine.

Tim Curry og Peter Stormare er allereie nemnt innleiingsvis, men dei er berre to små brikker i puslespelet. Jonathan Pryce som dei fleste kjenner frå Pirates of the Carribean-filmane, gjer ei flott rolle som ein praktisk talt koseleg general. Samtidig er han eit artig motstykke til den lettare sinnssjuke amerikanske presidenten, spelt av J.K. Simmons. Desse, og fleire til kjem med all informasjon i sekvensar mellom kvart oppdrag, og dei vil i tillegg snakke til deg medan kampen er i gong.

Som om dette ikkje skulle vere nok, er spelet pakka inn i eit heilt fantastisk lydspor. Det går i rock og symfoni om kvarandre. Vi snakkar industrimetall med doble basstrommer og trombonar, og det burde rocke fletta av dei fleste. Musikken er perfekt skrudd saman for eit absurd univers, og den gir spelet ein ekstra gnist, som om det ikkje var nok av dei allereie.

Konklusjon

Command & Conquer: Red Alert 3 er den mest vellukka overføringa av eit PC-strategispel til konsoll. Det er likevel ikkje perfekt. Innpakninga, mangfaldet i hærane dine, og grafikken, er alle flotte ingrediensar, men dei fleste vil nok sakne mus og tastatur. Red Alert 3 er eit PC-spel overført til konsoll, og det merkast. Sjølv om utviklarane har gjort ein flott jobb i å gjere spelet så tilgjengeleg som mogleg, er det ikkje tilgjengeleg nok til at ein kan oppnå den same strategiske kvaliteten som ein PC tillet.

Om du kan oversjå dette, vil du likevel lett kunne storkose deg i lang tid framover. Red Alert 3 er eit flott stykke arbeid, og tek denne type strategispel så langt som det sannsynlegvis er mogleg å kome på konsoll.

Siste fra forsiden