Company of Heroes 2 får frittståande utviding

The Western Front Armies tek oss med tilbake til vestfronten.

Relic Entertainment har hatt stor suksess med sine Company of Heroes-spel. Det første spelet i serien enda opp som det strategispelet på Metacritic meg høgast poengsum nokon sinne, og i fjor blei oppfølgjaren Company of Heroes 2 lansert.

I dag har Sega sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Company of Heroes 2 om få månader vil bli enda større. I Company of Heroes 2: The Western Front Armies seier vi adjø til austfronten som var utgangspunktet for Company of Heroes 2, og tek turen tilbake til vestfronten som vi kjenner frå det første Company of Heroes-spelet.

Treng ikkje hovudspelet

Fallskjermtroppane er klare i The Western Front Armies.

The Western Front Armies blir ei frittståande utviding. Du treng altså ikkje ha Company of Heroes 2 frå før for å kunne spele denne utvidinga. Spelet byr på to nye krigshærer; US Forces og tyske Oberkommando West. Desse styrkane kan òg kjøpast individuelt om du skulle ynskje.

Pressemeldinga lovar at dei nye styrkene vil by på unike taktiske moglegheiter, nytt infanteri, nye våpen, nye køyrety, samt ulike eigenskapar. Åtte nye kart vil òg bli tilgjengelege i utvidinga. The Western Front Armies byr òg på eit ferskt progresjonssystem som vil ta spelets taktiske element eit steg vidare.

Om du vel å berre kjøpe utvidinga utan å ha grunnspelet vil du likevel kunne spele på nett med dei som har Company of Heroes 2, og alle vil kunne spele med kvarandre uavhengig av kva innhald dei har skaffa seg.

Company of Heroes 2: The Western Armies blir tilgjengeleg i juni.

Om du lurer på korleis du skal få den beste grafikken og ytinga frå Company of Heroes 2 bør du ta ein kikk på vår søsterside Hardware.nos guide til ulike grafikkoppsett i Company of Heroes 2.

Siste fra forsiden