Sniktitt

Conker: Live and Reloaded

Det makabre ekornet er tilbake i nesten nøyaktig det same eventyret som skapte kvalmande ubehag på Nintendo 64.

Av og til er det svært vanskeleg å halde seg objektiv. I uferdige versjonar av spel, skal du helst være så objektiv som mogleg, men som sagt, det er ikkje alltid like lett. Conker: Live and Reloadeder eit slikt tilfelle, men eigentleg ikkje i positiv forstand. Det er få gongar eg har spruta Cola gjennom nasa på grunn av eit spel. Det er også få gongar eg har hatt så inderleg lyst til å knuse Xboxen min med ei slegge på godt over eit tonn. Conker kan vere utilgiveleg vanskeleg, og forferdeleg kjedeleg. Når det kjennest som om spelet verkeleg vil du skal gjere noko anna, er det ikkje akkurat noko som er med på å gi eit positivt inntrykk. Samtidig er det eit eller anna som likevel gir deg lyst til å fortsette. Det ligg ein merkeleg sjarm skjult blant innvollar, alkohol og diarè.

Kva er eigentleg Conker: Live and Reloaded? Det byrjar som eit heilt ordinært plattformeventyr. Conker er eit raudt ekorn, som hoppar rundt, snurrar med halen, og slår ting med balltre. Slik er det i fem lange timar, før du brått blir sendt i krigen, og får tak i eit maskingevær. Etter dette blir Conker eit heilt ordinært action-eventyr. Vel, nesten ordinært. Det er ein liten forskjell. Om du aldri spelte Conker’s Bad Fur Day til Nintendo 64, kan eg garantere deg at du er klar for eit lite sjokkk. Aldri før har du sett ein så søt karakter, i så pass vulgære situasjonar. At introduksjonssekvensen presenterar Conker som eit forfylla svin, er noko uvanleg i seg sjølv. Det som følgjer er alle dei grovaste formene for prompehumor du kan tenke deg. Det er høgst uordinært. Samtidig er det pent, uanstendig pent.

Eit gamalt spel om igjen
Det er veldig lite i sjølve historia som skiljer det frå Conker’s Bad Fur Day til Nintendo 64. Her og der har Rare lagt inn små forskjellar. I følge ei svær steinstatue i byrjinga av spelet, er dette for å "gi inntrykket av at resten av spelet også byr på nye ting". Jo da, sjølvironi har dei, for så mykje nytt er det ikkje. Stort sett er det uansett akkurat det vi har sett før, i finare innpakningspapir sjølvsagt. Det er også ting som tydar på at sensuren er strengare enn før, sidan dei fleste ord som i ei eller anna form kan minne om banning, er "diskret" bytta ut med eit blip, og nokre roterande bannesymbol. Det er uansett ikkje historia i Conker som er det viktigaste. Det store, flotte og nye med Conker: Live and Reloaded, er det du vil erfare over Xbox Live.

Med Conker: Live and Reloaded tek Rare opp kampen med Halo 2 i Xbox Live-aktivitet. Eit hardt slag, utan tvil, men det kan sjå ut som om dei i alle fall delvis vil nå målet sitt. Vår litt uferdige versjon er sjølvsagt ikkje spelbar over Xbox Live på dette tidspunkt, men du kan spele mot maskina. Ja, eg veit svært godt at å spele mot ein gjeng dumbots (som det heiter så fint i Conker-universet) ikkje er å foretrekke, og Conker prøvar ikkje å rokke ved det. Vi har i midlertid fått anledning til å få eit godt inntrykk på kva vi har i vente. Conker er gjennomsyra av billig prompehumor, men dette aleine er ikkje noko spelet kan bruke som drivstoff over Xbox Live. Skal eit spel halde seg i lengda, med den konkurransen Conker har mot Halo 2 og Unreal Championship, bør det ha noko av interesse.

Fleirspelar utanom det vanlege
Det er visse drastiske forskjellar frå Conker og andre typiske fleirspelar-kaossimulasjonar. For det første vel du ikkje våpen i Conker. Du vel karakter, og du kan skifte karakter når som helst. Om du skiftar karakter må du byrje frå ein av dei små basane rundt omkring på spelet. Slike basar får ein tilgong på etter kvart som ein tar kontroll over dei. Det kan sjå ut til at dette vil bli eit viktig strategisk element. Kva med å storme fienden, ta kontroll over basen, og skifte til ein karakter med langdistanserifle, for å plukke ned ting frå trygg avstand? Det er mange, kva skal eg sei, "interessante" karakterar. Du har den store tunge karen med rakettkastar, ein ninja, ein pyroman, og ein snedig liten pode som spring rundt med maskingevær.

Det er sjølvsagt fleire, men vi kan jo ikkje røpe alt heller. Som seg hør og bør finn du også eit godt utval med brett og modusar. Om du vil kan du sjølvsagt ta del i opne kampar, der du kun skal drepe så mange som mogleg, eller du kan prøve å infiltrere ein base. På bretta finn du forskjellige soner der du til dømes kan hente eit stasjonært våpen. Desse kan du bere med deg til eit område du ser det på som viktig å forsvare. Andre soner gir deg tilgong på køyretøy, der du finn alt frå raske fly, til bombefly som lar deg sjå kartet ovanfrå før du slepp ei bombe ned på ei klynge med fiendar.

Konklusjon
Eg tvilar på at noko får dårleg mage av å spele Conker: Live and Reloaded, så ille er det ikkje, men eg vil tru det er ein del mødre der ute som vil få seg ein støkk når dei innser kva pjokken driv på med. Etter det vi har sett så langt, er det ei spel som fungerar, og som har ei pervers form for humor der det raskt blir for mykje av det gode. Uansett, det er Xbox Live-delen som tel i dette tilfellet, og den ser ut som om den kan levere varene. Det er ein herleg vri på det tradisjonelle skytespelet, og det er nok modusar til å kunne skreddarsy opplevinga etter din smak. At du kan spele aleine mot maskina er også eit pluss, sidan det gir deg moglegheita til å kunne teste ut kart og taktikkar medan du trenar deg opp, i ditt eige tempo. Kort sagt, Er du glad i prompehumor, eller har lyst på ei litt anna oppleving over Xbox Live, bør du byrje å spare pengar.

Siste fra forsiden