Contra møter Terraria i Windforge

Spelet for deg som vil byggje krigerske luftskip.

Bygg det du vil, skap det du vil, og øydelegg det du vil. Det er mantraet for Windforge, eit spel som let deg byggje umoglege luftskip for så å ta dei ut på tokt i ei verd der du kan øydeleggje alt du ser. Kvart tre og kvar stein kan øydeleggjast om du ser nytte i det.

Hovudfokuset ligg på å byggje luftskipa som du kan reise på tokt med. Desse blir samtidig ein viktig del av historia som handlar om korleis kvalolje er ein viktig ressurs som brukast til så og seie alt. Naturlegvis har dette ført til rovdrift på kvalane, og dei står i fare for å dø ut. Difor er du på jakt etter ein alternativ energikjelde.

Fargerik verd

Ein dans med luftskip og handvåpen.
Ein dans med luftskip og handvåpen.

Windforge blandar Steampunk med fantasy og estetikk frå andre verdskrig. Når du tek til lufta i skipa dine vil du sjå alt frå flygande kvalar til kraken. For å byggje desse luftskipa må du samle inn ressursar, og utviklarane fortel at vi vil finne over 500 av desse i spelet. Målet er å gjere denne prosessen artig, og utan for mykje mikroarbeid. Spelet vil ha eit stort detaljnivå, og om ein del av luftskipet går i stykke kan luftskipa bli ubrukelege inntil du har reparert dei.

I tillegg til å fly gjennom lufta kan du springe rundt på bakken. Der kan du grave deg gjennom landskapet på jakt etter fleire ressursar, eller du kan gå til kamp mot fiendar gjennom eit kampsystem sterkt inspirert av sideskrollande skytespel som Contra.

Windforge er no i si siste veke på Kickstarter, og manglar 30 000 dollar for å nå målet på 50 000 dollar. Utviklarane hos Snowed In Studios er difor avhengige av eit solid løft i løpet av dei komande dagane.

Kommentarer (26)

Forsiden akkurat nå

Til toppen