Crazy Taxi er tilbake

Ein gammal Sega-klassikar får ny versjon på mobiltelefonar.

Om du hadde ein Dreamcast i 2000 er sjansen stor for at du enda opp med ein kopi av Crazy Taxi. Dette bilspelet i ei opa verd sette deg i rolla som ein taxisjåfør som skulle finne passasjerar, og få dei til sin destinasjon på kortast mogleg tid. Poeng fekk du for å utføre alskens absurde stunt på vegen.

Spelet blei raskt populært og enda etter kvart opp på fleire andre plattformer, i tillegg til å få fleire oppfølgjarar. Dei siste åra har det vore ganske stille rundt serien, men i dag har Sega sendt ut ei pressemelding der dei fortel oss om Crazy Taxi: City Rush, som blir lansert for iOS- og Android-duppedingsar seinare i år.

Frå den originale skaparen

Respekt for trafikken er eit fy-ord i Crazy Taxi.

Utviklinga av spelet blir gjort av Hardlight Studios, medan den orginale Crazy Taxi-skaparen Kenji Kanno sit i førarsetet. I pressemeldinga blir vi lova den same gamle galskapen vi kjenner frå tidlegare spel i serien, men naturlegvis blir det gjort nokre endringar for å få det heile til å fungere på ein trykkskjerm.

Styringa skjer ved å sveipe på sidene av skjermen, og på denne måten kan du svinge kjapt inn i nye køyrefelt, opp på fortauet og ramper, for å nemne noko.

Spelet blir som mange andre mobilspel gratis å laste ned. Sega seier ikkje noko om nokon betalingsmodell, men dei fortel om sosiale funksjonar og at du kan skreddarsy drosja di med både tekniske og kosmetiske endringar. Dette vitnar sterkt om den vanlege freemium-modellen der inngangsbilletten er gratis, medan utvidingar kostar pengar.

Skulle du vere usikker på om Crazy Taxi er noko for deg har Sega gjort dette lett å finne ut ved å gjere originale Crazy Taxi gratis på iOS og Android i ein kort periode.

Om du er nyfiken på kva du bør bruke mobilen din på akkurat nå, bør du sjekke ut vår oppsummering av ferske mobilspel frå februar.

Siste fra forsiden