– Dark Souls 3 blir avslørt på E3

Ferske bilete og detaljar om det påståtte tredje spelet er ute i det fri.

From Software

Det er berre nokre få månader sidan From Software lanserte sitt nyaste blodharde actionrollespel. Mykje tyder likevel på at dei allereie er klare for å avduke sitt neste spel i den særs populære Dark Souls-serien på årets E3-messe i Los Angeles.

Informasjonen kjem frå Youtube-kanalen The Know som tidlegare kom med dei no avkrefta rykta om at Microsoft ville redde Silent Hills. Det er som alltid best å ta rykta med ei klype salt. The Know hevdar dei ikkje berre fått tak i solide mengder informasjon om Dark Souls 3, men òg fleire skjermbilete som gjev rykta litt ryggrad.

Bloodborne-regissøren vender tilbake

Er dette Dark Souls 3?

Dark Souls 3 blir regissert av Bloodborne-regissør Hidetaka Miyazaki, som òg regisserte Demon's Souls og Dark Souls. Etter alt å døme blir det lansert på Xbox One og PlayStation 4 i 2016. Ein PC-versjon ser ut til å vere i korta, men på akkurat det punktet er rykta litt vage.

Spelet vil by på ti karakterklassar som alle vil vere tilgjengelege frå starten av spelet, og vi vil få tolv område å utforske. I det som garantert vil bli eit utfordrande spel vil vi møte 45 nye fiendetypar, og 15 nye sjefar utover fiendar som returnerer frå dei tidlegare spela. I tillegg vil vi få 100 nye våpen og 40 nye rustningar.

Fiendane ser ikkje ut til å bli penare med det første.

Fleirspelarelementa ser ut til å bli løfta, og spelet vil ha støtte for ein til fire spelarar, men nøyaktig kva dette vil bety i praksis veit vi ikkje. The Know fortel likevel om eit nytt rituale der du kan dra med deg kroppar og ofre dei for å reise til andre spelarar sine verder. Dette vil derimot setje ein pris på hovudet ditt.

Offer kan òg utførast i kampar, til dømes gjennom eit nytt angrep der du ofrar helse for å gjere meir skade. Eit nytt element i sjefskampane vil endre kampane fundamentalt. Kva som får endringane til å skje vitast ikkje.

Vi blir òg fortalt at spelet vil by på over 60 minutt med filmsekvensar, noko som er ganske pussig sidan historia aldri har vore eit hovudpunkt i Souls-serien.

Om desse rykta stemmer vil vi snart finne ut. E3-messa går av stabelen i Los Angeles mellom 15. og 18. juni. Medan du ventar kan du prøve deg på suverene Bloodborne.

Siste fra forsiden