Dark Souls II blir større

Sommaren bringer nye prøvelsar for vågale heltar.

Dark Souls II sigla raskt opp på toppen av listene då det blei lansert tidlegare i år. Med beinharde utfordringar i fleng fekk Souls-fansen nøyaktig det dei håpa på i eit av nyare tids mest brutale rollespel.

Slik suksess kan sjølvsagt ikkje japanske From Software la gå til spille, og i dag har dei i ei pressemelding avslørt at Dark Souls II jamt fordelt utover sommaren vil få tre flunkande nye doser med nervepirrande ekstrainnhald.

Heilt nye område

På tide å ta turen strake vegen åt helvete.
Her går det strake vegen åt helvete.

Dei tre nye kapitla som samla har fått namnet The Lost Crowns vil by på heilt nye område for tapre heltar å ofre livet i. Kvart kapittel vil by på ferske fiendar, harde utfordringar og nye sjefar du kan teste tolmodet mot. Den første utvidinga har fått namnet Crown of the Sunken King, og kjem i sal 22. juli. Crown of the Old Iron King følgjer ein månad etter 26. august, medan avslutninga kjem i Crown of the Ivory King 23. september.

Utvidingane kjem til alle tre plattformer samstundes, bortsett frå PlayStation 3-versjonane som kjem ein dag seinare. Eit sesongpass er tilgjengeleg på PlayStation 3 og PC frå og med i dag.

Som namna på dei tre utvidingane tilseier vil vi legge ut på jakt etter tre kroner. Dei vil vi finne i mørke grotter langt under jorda, og om du er mann nok til å sikre deg ei slik blir vi lova styrka til heltar frå ei svunnen tid.

Om du ikkje har fått med deg Dark Souls II enno er det på høg tid. Då Gøran tok føre seg PC-versjonen av rollespelet gjorde han det klart at dette er den beste versjonen av eit av årets aller beste spel, og klinka til med ti av ti poeng:

«Dark Souls II er eit av årets aller beste spel. Vanskegrada er til tider ekstrem, men kampsystemet er så finjustert at det er ei fryd å hoppe unna store sverd og fæle fiendar. Sjølv etter langt over 100 timar er eg framleis ikkje utlært. Eg blir framleis most av enkle fiendar, og det er alltid min egen feil. Kampsystemet er perfekt tilpassa, læringskurva er bratt men aldri urettferdig. Dark Souls II er eit spel som heile tida utfordrar deg som spelar, og det er heilt opp til deg korleis du vil møte den utfordringa.»

E3-messa neste veke kan bil svært spanande for Souls-fans. Det verserer ganske solide rykte om at dei er i full sving med eit nytt spel for PlayStation 4.

 

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen