Dark Souls II til PC i april

PC-folket må vente hakket lengre enn konsollpublikummet på å få bank.

Eit av årets mest etterlengta spel er utvilsamt Dark Souls II frå From Software. Heilt sidan japanarane lanserte Demon's Souls på PlayStation 3 for nokre år tilbake, har Souls-serien vore elska med ærefrykt. Spela er brutalt vanskelege og utfordrar spelaren i langt større grad enn dei fleste spel på marknaden no for tida.

Dark Souls II lanserast på Xbox 360 og PlayStation 3 om ei knapp veke, men fram til i dag har det vore noko usikkert når PC-versjonen ville dukke opp. No har derimot utgjevaren Namco Bandai sendt ut ei pressemelding der dei fortel at utfordringane står i kø på PC frå og med 25. april.

Forbetra PC-versjon

Har du det som skal til for å overleve i Dark Souls II?
Har du det som skal til for å overleve i Dark Souls II?

PC-versjonen av originale Dark Souls fekk ein del hard medfart. Hovudsakleg var dette fordi spelet var dårleg opitmalisert og ikkje nytta dei fordelane ein PC-brukar er vand med å ha. Bileteoppdateringa var ikkje mykje å skryte av, og oppløysinga var heller ikkje på det nivået ein forventar av eit PC-spel. Det måtte brukarskapte modifikasjonar til for å få spelet opp på eit akseptabelt nivå.

Dette fekk From Software til å snu opp ned på utviklingsprosessen då dei sette i gong med Dark Souls II. Der PC-versjonen av Dark Souls blei tilpassa frå konsollversjonen, er situasjonen omvendt med Dark Souls II, og PC har vore hovudplattforma under utviklinga. I pressemeldinga fortel Namco at PC-versjonen vil by på betre teksturar og bileteoppdatering enn kva vi får på Xbox 360 og PlayStation 3.

Vi tok ein kikk på Dark Souls II i fjor, og dette fekk vi erfare då vi kika på spelet i fjor:

«Med litt betre grafikk, litt meir smidigheit og litt meir av det utviklarane ser på som «eit tydelegare fokus» lovar dette godt for fans av serien, og for nykomlingar er vel dette ein like god stad å starte som nokon annan.»

Dark Souls II kjem i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 14. mars.

Om du er på jakt etter fleire spel i same gate som Dark Souls, ser dei komande rollespela Lords of the Fallen og Bound by Flame ut til å by på noko av den same utfordringa.

Kommentarer (28)

Forsiden akkurat nå

Til toppen